kr. 40 000.- i prosjektmidlar frå Sparebank1 Søre Sunnmøre til Hovdebygda IL langrenn. Pengane skal nyttast til å bygge ein gapahuk på langrennstadion på Bondalseidet.
Postet av Hovdebygda IL den 13. Jun 2016
Hovdebygda IL langrenn har fått melding om at laget får kr. 40 000.- i prosjektmidlar. Det omsøkte og godkjende prosjektet er ein gapahuk som skal byggast på Bondalseidet langrennstadion.
Torsdag 16. juni kl.17:00 er HIL ski invitert til Sparebank1 Søre Sunnmøre sine lokaler i Ørsta for å motta prosjektmidlar 2016.
Gapahuken skal få installert straum og lys.
Rekrutteringa til langrenn har vore veldig stor siste åra og det er stort behov for å betre fasilitetane på langrennstadion.
Gapahuken kan nyttast i samband med Sparebank1-cupen, krinsrenn, andre større arrangement, treningar, samlingar, sosiale tilstellingar.
Gapahuken kan nyttast av alle som tek skituren innom langrennstadion. Også på sommarføre kan den vere fin å nytte til ymse arrangement.
Grunnarbeidet tek til etter ferien.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.