Felles treningane er i gang.

Postet av Hovdebygda IL den 26. Aug 2020

Oppstart fellestreningar for eldste gruppe 16++

Torsdag 27.8 startar vi med første fellestrening på rulleski. Skøyting, oppmøte ved steinfyllinga på Sørheim klokka 18.00. Til ca 19.30. Blir ei roleg økt sidan dei fleste er på intervall i dag.


Vel møtt! 😊




Hovdebygda BASIS! gymsalen på Hovden Skule, tysdagar kl.18:00-19:00.

Postet av Hovdebygda IL den 20. Aug 2020

 Meir informasjon      Hovdebygda Basis.pdf

Hovdebygda BASIS!
Denne hausten har vi eit eige aktivitetstilbod for alle born i alderen 5-6 år (født 2014/2015). Tilbodet vil foregå i gymsalen på Hovden Skule..., tysdagar kl.18:00-19:00. Og vi startar so snart gymsalen opnar igjen. 

 Dette er eit lavterskel tilbod med leikar og enkle øvelsar som passar for alle born. Vi set fokus på trivesel, meistring og det sosiale.

 Det er plass til 20 born og vi må ha påmelding pga smittevernomsyn. Først til mølla!

 Nærmare informasjon om tilbodet i vedlagt dokument under.

 Ansvarleg/trenar er Bjørnar Øye




Jørgen Gretland, Nathalie Vatne Aa, Ingvild Øye, Vegard Røyrhus, Hallvard Yksnøy Bergmann greidde svært gode resultat under Ørsta fjellmaraton.

Postet av Hovdebygda IL den 22. Jun 2020

Resultat finn ein på Kondis.no eller nettsida til Ørsta fjellmaraton eller Facebook Hovdebygda il langrenn medlemside.




Langrennsløypene på Bondalseidet vert trakka framover og i påska. Følg med på Skisporet.no Husk SMITTEVERNREGLANE!!

Postet av Hovdebygda IL den 2. Apr 2020


Snøven lavar ned, og vi har full forståing for at vi ikkje kan opne alpinanlegget.  "Støtt våre gode skispor" på Vipps  #503711 I morgon trakkar vi til Åmskaret på føremiddagen igjen.




Norges skiforbund anbefaler at all breddeaktivitet avlysast ut april.

Postet av Hovdebygda IL den 12. Mar 2020

Sjå innlegg under. Vi følger anbefalingane og avlyser alle fellestreningar framover. Cuprennet blir også avlyst. Vi kjem tilbake til premiering seinare. Vil oppmode alle friske om å gjennomføre eigentrening.


Avlysast ut april




Årsmøte i Hovdebygda IL

Postet av Hovdebygda IL den 9. Mar 2020

Det har vore stor aktivitet i alle grupper. HIL fotball rykka opp frå 5. til 4. divisjon. HIL har vedteke å bygge ny kunstgrasbane. Langrenn har investert og gjort svært mykje med langrennsløypene på Bondalseidet. Trimgruppa har halde fram med den store aktiviteten.

Nytt styre.

Ingvild Øye, leiar

Harry Lundebrekke, nestleiar

Cathrine Dahl Ødegaard, skrivar

Marte Jetmundsen, kasserar

Inger Lise Bringsvor, styremedlem

Knut Erik Gjervan, vara

Stig Ulvestad, vara

Sindre Skurtveit, fotballgruppa.

Hans Olav Sætre, langrenngruppa

Marianne Lund, trimgruppa

Gunn Sætrevik, barneidrettsgruppa

Elise Stokken, jiu jitsu gruppa

Årsmelding 2019_HIL langrenn.docx

Årsmelding HIL Førskuletrimmen 2019.docx

Årsmelding HIL trim 2019.docx

Årsmelding HIL_hovudlaget 2019.doc

Årsmelding - rekneskap - HIL fotball - 2019.pdf





Søndag 8. mars kl. 13 - KM Sprintstafett - Volda skisenter - Reset.

Postet av Hovdebygda IL den 3. Mar 2020


Informasjon og påmelding

Volda Langrenn og Skiskyting byd inn til Krinsmeisterskap i Sprintstafett (2-manns stafett).  I tillegg til KM vil det også bli arrangert Sonerenn/Krinsrenn i sprintstafett for dei yngre årsklasser, 9-12 år. Sprintstafetten arrangerast med 2 løparar per lag.  Kvar løpar skal gå 2 eller 3 etapper, annan kvar gong (distanse og antal etapper avhengig av årsklasse) Ei jente kan stille på gutelag. Det er opning for klubbsamarbeid, dvs. at løparar frå ulike klubbar kan stille på same lag. Samarbeidslag kan ikkje kjempe om tittel "kretsmester". Det vil ikkje bli arrangert innleiande semifinaler, kun «direkte» finaler i dei ulike årsklassene.




2. Sparebank1-cup/Trimrenn tysdag 3. mars

Postet av Hovdebygda IL den 3. Mar 2020

SpareBank1 Cup/trimrenn - tysdag 3. mars!

På  langrennsstadion på Bondalseidet

Starttid: kl.18:00 

Påmelding i Gapahuken før kl.17.30 -18:00. 

Premiering på siste rennet.

Velkomen alle saman😃




2. Sparebank1-cup/Trimrenn tysdag 3. mars

Postet av Hovdebygda IL den 23. Feb 2020

SpareBank1 Cup/trimrenn - tysdag 3. mars!

På  langrennsstadion på Bondalseidet

Starttid: kl.18:00 

Påmelding i Gapahuken før kl.17.30 -18:00. 

Premiering på siste rennet.

Velkomen alle saman😃





3 frå Hovdebygda IL skal delta på Hovedlandsrennet 21. til 23. februar på Nybygda/Furnes ved Hamar.

Postet av Hovdebygda IL den 17. Feb 2020

Følg med på heimesida til Hovedlandsrennet.

Våre deltakarar er:

Nathalie Vatne Aa  J16

Håvard Sætre         G16

Jørgen Gretland      G15


Lenkje til Hovedlandsrennet si side




Laurdag 29. februar KM-Klassisk normaldistanse SBM 8 med innlagt seedingsrenn for Ungdomsbirken og SONERENN for alle 5 til 10 år.

Postet av Hovdebygda IL den 11. Feb 2020


Lenkje til innbyding og påmelding

Sonerenn frå 5-10 år og trimklasse. Landsrenn frå 11 år. KM/SBM-CUP frå 13 år. Seedingrenn for ungdomsbirken. Klassisk med individuell start. Påmelding innan 26.2 kl 23.59. Løypekart og arenakart blir lagt ut når det nærmar seg renn. Løypelengder for dei ulike klassene står i innbydinga.




Markane IL innbyr til cuprenn på Ullsheim tysdag 11.februar frå kl. 1700

Postet av Hovdebygda IL den 10. Feb 2020

Frå kl.1700: Påmelding til cuprenn

1800: Lysfest. Vi gler oss over nytt lysanlegg på Ullsheim

Offisell opning - apell -snorklipping m.m

Frå 1845: Cuprenn, langrenn, alle klassar

Premiering

Grilling/servering i og ved Årestove.

Vi ynskjer alle velkomne til lysfest!




Velkomen til sonerenn i Hyttehola 11 km før Hellesylt laurdag 8. februar. 50 minutt å køyre ferjefritt via Hornindal

Postet av Hovdebygda IL den 29. Jan 2020

Velkommen til sonerenn i Hyttehola på Hellesylt laurdag 8. februar.

 Rennet går i fristil, med start klokka 12.30,
 individuell start og normaldistanse.

 Rennet er for alle aldersklasser. Det blir full premiering.
 Rennkontor, premiering og kiosksal blir på klubbhuset i hyttehola.

 Oppgi fullt namn, klubb og fødselsår ved påmelding:
 Påmelding til Linn Kammen per e-post: linnkammen@hotmail.com, eller telefon: 90827196

 Påmeldingsfrist er innan onsdag 5. februar kl. 20.00.

 Velkommen til ein kjekk dag på ski i Hyttehola!
 Helsing Sunnylen IL skigruppa





Tysdag 28. januar.: cuprenn på Ullsheim, sjå info frå Markane IL under. I mangel på snø i vårt område så er dette fin trening og ein kjekke kveld. Sjå Facebook.

Postet av Hovdebygda IL den 28. Jan 2020

Info frå Markane IL:
"CUPRENN NR 2
Sesongens andre cuprenn på Ullsheim tysdag 28. januar kl 1830
Klassisk
 Òg lagsmeisterskap for Markane IL

 Påmelding frå kl 1750
Start kl 1830
 Startkontigent: kr 50,-

 Bollar og saft sponsa av Coop Extra Stryn

 Vel møtt.

 Løparar frå andre klubbar er òg velkomne."




SBM cup 7 Langrenscross, søndag 2. februar.

Postet av Hovdebygda IL den 27. Jan 2020

Valldal il innbyr til SBM cup 7 fristil Langrennscross for alle klasser


Info med innbyding og påmelding.




SpareBank1 Cup/trimrenn 28.jan - AVLYST! Pga veldig lite snø må vi dessverre avlyse rennet på tysdag.

Postet av Hovdebygda IL den 26. Jan 2020

SpareBank1 Cup/trimrenn 28.jan - AVLYST! Pga veldig lite snø må vi dessverre avlyse rennet på tysdag.




Hovdebygda il langrenn hadde årsmøte mandag 21.01.2020.

Postet av Hovdebygda IL den 21. Jan 2020


Geir Amund Hovden gjekk ut av styret. Ein stor takk til Geir Amund. Han har gjort ein imponerande jobb som anleggsansvarleg. 

 Styret framover:

 Leiar: Hans Olav Sætre 

 Kasserar og sponsoransvarleg: Bjørnar Øye

 Aktivitetsansvarleg for 13+: Dag Jarle Aa 

 Aktivitetsansvarleg 6-12 år: Kjetil Bjørdal 

 Styremedlem: Runar Gretland 

 Legg ved årsmeldinga som viser litt av aktiviteten i 2019.

aarsmelding_2019.docx





EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE I HOVEDLAGET 8.1

Postet av Hovdebygda IL den 6. Jan 2020

Kallar inn til ekstraordinært årsmøte i hovudlaget. Denne saka hastar så den kan ikkje vente til det ordinære årsmøte som skal være i mars.

 Dato er sett til onsdag 8. Januar 2020 kl 20.00 på klubbhuset.

 Sakliste:

 Låneopptak kunstgrasbane (HIL fotball)

 Caroline Rudi




ÅRSMØTE I HOVDEBYGDA IL LANGRENN BLIR MANDAG 20.1 KL 18. eller kl.19. på klubbhuset i Hovdebygda.

Postet av Hovdebygda IL den 2. Jan 2020

ÅRSMØTE I HOVDEBYGDA IL LANGRENN BLIR MANDAG 20.1 KL 18. eller kl.19. på klubbhuset i Hovdebygda. 

Innkalling:
1. Val av møteleiar
2. Val av skrivar
3. Val av 2 medlemmer til å signere protokoll
4. Godkjenning av innkalling
5. Godkjenning av saksliste
6. Godkjenning av årsmelding
7. Godkjenning av rekneskap 2019 og budsjett 2020
8. Val
9. SBM 8 på Bondalseidet 29.2

10. Evt. saker

Evt. saker kan meldast inn til hasaetre@online.no

Vel møtt




SparebankenMøre cup nr. 4. Flytta til Bjorli laurdag 4. Januar.

Postet av Hovdebygda IL den 1. Jan 2020

SBM cup 4 laurdag 4. januar er flytta til Bjorli. 

OBS!  Påmeldingsfrist har arrangør sett til 2. januar. 

Påmelding og informasjon