Langrenn friteknikk er flytta til Ullsheim laurdag 28. des.
Postet av Hovdebygda IL den 26. Des 2019
God jul til alle lesarar med nypreppa løyper på Bondalseidet. Heilt til Åmskaret.
Postet av Hovdebygda IL den 23. Des 2019
Stikk Ut Ski! No er det igjen klart for "Stikk Ut Ski"! Søndag 15. desember er opningsdag for denne sesongen
Postet av Hovdebygda IL den 13. Des 2019
Stikk Ut Ski!
No er det igjen klart for "Stikk Ut Ski"! Søndag 15 desember er opningsdag for denne sesongen, og som dei siste åra - varer Stikk Ut Ski - sesongen til 2. påskedag. Det er no over 100 postar rundt om i fylket, og alle med oppkjørte skispor. Følg med på Stikkut.no og Løyper.net for oppdatert informasjon om postane er klare og om/ når det vert kjørt opp spor til de enkelte turmåla.
Dette er et veldig positivt samarbeidsprosjekt M&R skikrets er med i sammen med Sunnmøre Friluftsråd og Nordmøre/ Romsdal Friluftsråd.
Over 20 kommuner og over 40 skiklubber i hele fylket, samt enkelte Skisentre/ Løypelag, er med på dette samarbeidet! Her håper vi mange skiløpere vil finne både kjente og nye turmål. Og forhåpentligvis blir det enda flere glade skiløpere rundt om i skikretsen :)
Til alle turmålene kjøres det opp spor med løypemaskiner eller snøscootere med GPS fra Løyper.net. Så klikk dere inn på Løyper.net eller Stikkut.no - og finn all informasjon om turene: Hvor turene er, hvor det kan parkeres, når det er kjørt opp skispor mm. Det er lagt opp til både korte barne og familievennlige turer, og lengre turer.
Ved turmålene er det postkasser med turbok og kodekort. Registrer koden på Morotur-App - eller på Stikkut.no. Da får du en fin oversikt og statistikk over dine turer!
Det vil også denne vinteren bli laget en "Stikk Ut Ski-premie" som kan bestilles/ kjøpes når en har gjennomført/ registrert 5 skiturer. Mere informasjon om årets premie kommer senere.
Skikretsen håper også skiklubbene kan bruke dette flotte tur-tilbudet til gode rekrutteringsaktiviteter i klubbene.
Møre og Romsdal skikrets ønsker dere "God skitur" og håper dere finner mange fine turmål!
Trimrenna/sparebank1-cup på Bondalseidet. Prøvar igjen tysdag tysdag 28. januar.
Postet av Hovdebygda IL den 12. Des 2019
På grunn av lite snø og usikkert kor veret vert komande dagane er rennet 14. januar utsett til tysdag 28. januar.
Cup 1-skøyting: Tysdag 28.1 så må vi sjå nerare på kva datoar som passar vidare!!
21. desember. Opningsrenn på Vistdalsheia. Kretsrenn og klassisk.
Postet av Hovdebygda IL den 11. Des 2019
Samlingshelg. 8 frå Hovdebygda IL langrenn skal delta på samling på Gålå + støtteapparatet
Postet av Hovdebygda IL den 5. Des 2019
Terminlistene for Møre og Romsdal skikrets og Sogn og fjordane skikrets er klare.
Postet av Hovdebygda IL den 13. Nov 2019
Samarbeidsavtale med Sport1Ørsta
Postet av Hovdebygda IL den 10. Nov 2019
Ny samarbeidsavtale med Sport1 Ørsta!
Det er med stor glede eg kan informere om at vi har forlenga avtalen med Sport1 Ørsta. Avtalen vil gjelde i 2 år og inneber at alle våre medlemmar får rabatt på skiutstyr. Tusen takk til Sport1 Ørsta!
Bygg1 sponsar HIL langrenn
Postet av Hovdebygda IL den 10. Nov 2019
Bygg1 sponsar HIL langrenn! Det er med stor glede eg kan informere om at vi har inngått ein 3 års avtale med Bygg1 Produkter AS. Dette er viktige midlar som skal nyttast til rekruttering. Bygg1 blir ein av totalt 5 hovudsponsorar og vil få logoen sin på overtrekksjakka. Tusen takk til Bygg1!
Prøving og bestilling av klubbklede.
Postet av Hovdebygda IL den 2. Nov 2019
Prøving/bestilling av klubbklede!
Det er muleg å prøve og bestille klubbklede på skikvelden mandag 4.nov. Dei som ikkje har anledning på mandag, kan avtale tidspunkt med meg. mob. 90780306.
NB! For få dei til jul er siste frist onsdag 6.nov.
Vi har same design og modellar som siste to åra. Og vi har to ulike typar overtrekksdressar, Pulse og Trainer Plus. Pulse er ein meir teknisk og formsydd dress medan Trainer Plus er litt rimligare alternativ.
Vi må ha 5 dressar av kvar av modellane for å få til ei bestilling. Dersom det er færre enn 5 dressar blir alle dressane bestilt i Trainer Plus.
Prisar:
Overtrekksdress voksen Pulse: 1800kr
Overtrekksdress voksen Trainer Plus: 1550kr
Overtrekksdress barn Pulse: 800kr
Overtrekksdress barn Trainer Plus: 600kr
Konkurannsedress voksen: 1000kr
Konkurransedress born: 900kr
Offisielle resultatlister. Rulleskirennet på Ullsheim
Postet av Hovdebygda IL den 20. Okt 2019
Eit bilde etter premieutdelinga på Ullsheim langrennstadion. Det vart ein flott dag, med rekord deltaking. I alle fall så har det ikkje delteke så mange på rulleskirenn på mange år.
Det vart god konkurranse i mange av klassene. Rulleskirenn i vanlege konkurranseløyper vert ofte veldig spennande og noko deltakaren likte veldig godt. God stemning.
Rulleskirenn uoffisiell. resultatliste. Sport1 Tomra rulleskicup og Sparebanken Møre langrenn cup.cup
Postet av Hovdebygda IL den 20. Okt 2019
75 påmeldt rulleskirennet på Ullsheim. Startlistene er klar.
Postet av Hovdebygda IL den 19. Okt 2019
Startliste Rulleskicup 20.10.19.pdf
637070301395762940innbyding-sport-1-tomra-rulleskicup-2------sbm-cup-1-1.docx
Sport1 avtalen
Postet av Hovdebygda IL den 17. Okt 2019
Hovdebygda IL langrenn har ingått følgjande avtale med Sport1 Ørsta:
Under Tilbodsveka i november vart det gitt 30 % på langrennsrelatert utstyr.
Utanom Tilbodsveka i november er det 20% til:
Alle barn, ungdom og vaksne som går på Hovdebygda IL langrenn sine treningar med foreldre og trenarar og andre som hjelper til på skirenn og dugnadar og eventuelt andre medlemar av Hovdebygda IL langrenn. Sei frå i butikken før du betalar.
Elles ver merksam på kampanjeperioder til Sport1-kjeda. I desse periodene vert det delt ut kampanjeaviser eller på les på Facebook om veldig gode tilbod på kvalitetsvarer. Så husk å handle lokalt og kvalitet i Sport1Ørsta i gågata
Trening 7-12 år
Postet av Hovdebygda IL den 14. Okt 2019
Tysdag 15.10. kl. 18-19 på Bygg1. Rulleski. Husk refleksvest, skisko, hjelm og hanskar.
Torsdag 17.10. startar opp med barmarkstrening ute og i gymsalen, meir info kjem på Facebook.
I helga vert det treningssamling: informasjon på Facebook og eigen artikkel med påmeldingsinfo
Treningssamling på Ullsheim 19. til 20. oktober.
Postet av Hovdebygda IL den 9. Okt 2019
TRENINGSSAMLING PÅ ULLSHEIM 19.-20.10 🤩
Hovdebygda il langrenn inviterer til treningssamling på Ullsheim i Stryn. Vi har leigd klubbhuset og rulleskiløypa⛷ Samlinga er for alle frå 6 år -18 år. Alle under 10 år må ha med foreldre. Hovdebygda il langrenn stiller med trenarar og mat til alle måltid. PÅMELDING til e-post: hasaetre@online.no så fort du veit at dokke kan slik at vi har tid til å planlegge👍Håper også mange av dei yngste kjem på samlinga😀
Les i Møre nytt om: Stor dugnad for å få til betre langrennsløyper på Bondalseidet.
Postet av Hovdebygda IL den 7. Okt 2019
Rulleskitrening frå 7-12 år startar tysdag 1. oktober kl. 18-19 på Bygg 1! Hugs refleksvest, skisko, hjelm og hanskar
Postet av Hovdebygda IL den 30. Sep 2019
Kjetil Bjørdal vert med no første gongane, med fokus på yngste delen av gruppa. So vert det etterkvart og sette opp ein «foreldre-plan», liknande den vi hadde på slutten av forrige sesong.
Det vert då for og ta ansvaret for yngste delen av gruppa, opp til rundt 9-10 år, sidan ei so stor gruppe må delast opp, og då vert det for lite med ein fast trenar.
Og om nokon er interessert i og bidra meir som trenarar er dei sjølvsagt velkomne til det.
17. oktober startar trening i gymsalen for 7-12 år. Kvar torsdag til jul.
19. til 20. oktober vert det klubbsamling på Ullsheim, Stryn.
Langrenns-samlingar. Kretslaget er samla i Stordal og Storfjordlangrenn i Valldal
Postet av Hovdebygda IL den 18. Sep 2019
AVLYST PÅ GRUNN AV DÅRLEG VER!! Rulleski - Trollstigen opp - søndag 15. september
Postet av Hovdebygda IL den 12. Sep 2019
4 sigrar til Hovdebygda IL langrenn i rulleskirenn på Molde, laurdag 7. september
Postet av Hovdebygda IL den 9. Sep 2019
20. oktober Rulleskirenn på Ullsheim i Stryn. Sport 1 Tomra Rulleskicup - 2 / SBM-CUP 1
Postet av Hovdebygda IL den 6. Sep 2019
Info om rulleksirenn - distansar - løypekart og påmelding
Innbyding sport 1 Tomra rulleskicup 2 - SBM-CUP 1.docx
Rulleskirenn den 20. oktober vert første SBM cup sesongen 2019/20. Arrangør er Hovdebygda IL, stad Markane i Stryn. Det vil verte startkontingent og ordinær premiering som øvrige SBM cuprenn. Innbydelse og informasjon på minidrett/skiforbundets heimeside .
Påmelding for dei yngste kan også sendast til dagjarlea@yahoo.no innan fredag kveld.
Konkurransen vil i tillegg telle som 2. og siste renn i Sport1 Tomra rulleski cup.
Laurdag 7. september startar Sport 1 Tomra rulleskicup med sprint i Molde. HIL langrenn arrangerer siste rennnet i cupen 20.oktober på Ullsheim
Postet av Hovdebygda IL den 2. Sep 2019
Laurdag 5. oktober vert det dugnadsarbeid på Bondalseidet langrennstadion og lysløype
Postet av Hovdebygda IL den 22. Aug 2019
Sesongstart, 15. august for 13 år+
Postet av Hovdebygda IL den 13. Aug 2019
Sesongstart! Torsdag 15.8 startar vi opp igjen med første trening for 13+ (I år vil dette seie f. 2007 og eldre). Oppmøte ved Bygg 1 kl. 17.00. Rulleski skøyting.
Faste treningstider framover blir tysdag (barmark og styrke) ved Hovden skule kl 18-20 og rulleski torsdag 18-19.30 (17.00 kun no første gangen). I tillegg vert det tilbod om trening mandag og onsdag for dei som vil over 15 (f. 2005 og eldre). Meir info om dette med detaljert vekeplan/ periodeplan vert lagt ut her... i løpet av veka. Trenarar på denne gruppa i år vert Hans Olav, Runar og Dag.
Dei yngste gruppene (f. 2008 og yngre) startar som vanleg opp rundt haustferien ein gong. Meir info om dette kjem etterkvart.
Vel møtt til ny sesong!
Samling for Storfjordlangrenn i Hovdebygda, 23. til 25. august
Postet av Hovdebygda IL den 29. Jul 2019
Storfjordlangrenn er samla til trening på Rystelandet, laurdag morgon.
Augustsamlinga for Storfjordlangrenn vil verte arrangert i Hovdebygda.
Samlingsplan Hovdebygda 2019.docx
Hovdebygda IL langrenn er arrangør av 3. og siste rennet i Sport1 Tomra rulleskicup 2019
Postet av Hovdebygda IL den 22. Jul 2019
Laurdag 7. september Skaret skisenter i Molde, arr MOI. Sprint fristil med prolog og 3 heat. ...
Søndag 15. september, Trollstigen Opp, arr LK/kretslaget. Klassisk motbakke
Søndag 20. oktober, Ullsheim Markane, arr Hovdebygda IL
Langrennskomiteen i Møre og Romsdal skikrets arrangerer/koordinerer også i år Sport1 Tomra rulleskicup i samarbeid med Molde og Omegn IF og Hovdebygda IL. Cupen blir for klassene 11 år og eldre hausten 2019. Følgjande 3 renn inngår i cupen der alle renn tel samanlagt.
Rennet til Hovdebygda Il vil også ha rekruttklasser for dei yngste.
mandag 17. juni er det siste styrketreninga i gymsalen og onsdagstreninga held fram heile sommaren.
Postet av Hovdebygda IL den 14. Jun 2019
Håvard Sætre vart vinnar av G13-15 år i Postvegløpet i Stryn.
Postet av Hovdebygda IL den 5. Jun 2019
Kompetansehelg i skikretsen
Postet av Hovdebygda IL den 4. Jun 2019
Informasjon frå Skikretsen
"Helgen 21-22 september vil det bli arrangert en felles kurs og kompetansehelg for alle skigrenene våre i kretsen. Hvilke kurs og tema det blir tilbud om, og hvor kompetansehelgen blir er ikke klart enda, men hold av helgen! Mer informasjon kommer.
Ønsket om en felles kompetansehelg er kommet fra skigrenene våre. Det kan være vanskelig å finne nok deltagere til å sette i gang kurs i grenene, og ved å sette av en fast helg på høsten kan det være lettere å planlegge/ holde av tid til faglig påfyll!
Moduler fra Trenerkurs, TD-kurs, ulike typer "arrangørkurs" som EMIT-kurs, speaker-kurs o.l. kan være aktuelle temaer denne helgen."
Samling for Storfjordlangrenn på Ullsheim, 14. til 16. juni.
Postet av Hovdebygda IL den 3. Jun 2019
Onsdagstreninga fyller 5 år. Oppstarten var onsdag 25. mai 2014 på Ørsta stadion. Sidan det har denne treninga gått kvar onsdag, med 2-3 unnatak. Frammøte er Hovden møbel kvar onsdag kl. 20.
Postet av Hovdebygda IL den 23. Mai 2019
Det vart teke eit bilde oppstartdagen. Det vert oppdatering når vi finn bildet.
Kretslaget vårt i langrenn samlast neste helg på Molde til første samling for sesongen 2019-20.
Postet av Hovdebygda IL den 21. Mai 2019
Møre og Romsdal skikrets inviterer til Skikretstinget, Greinmøter og Fag-dag, søndag 26 mai i Molde.
Postet av Hovdebygda IL den 20. Mai 2019
HIL stiller i Folketoget på 17. mai. Ver med du også.
Postet av Hovdebygda IL den 16. Mai 2019
HOVDEBYGDA LANGRENN går som vanleg i folketoget i Ørsta på 17.mai. Oppstilling kl.14.45. Flott viss flest muleg går på rulleski og har på den raude HIL-jakka😃🇳🇴 Mange synast det er eit kjekt innslag med utøvarar på rulleski i toget! Viss du har ekstra HIL-rulleski heime er det fint viss du tek dei med til utdeling utanfor stadion litt før oppstilling🇳🇴😃🎉
Mandagar Styrketrening, Hovden skule, gymsalen. Ungdom/Senior/Veteran
Postet av Hovdebygda IL den 14. Mai 2019
kl. 18. 45 - oppvarming ute, ein kjapp joggetur
kl. 19.00 - 20.00 styrketrening i gymsalen (kan møte direkte kl. 19 i gymsalen om ein vil). Treninga går fram til skuleferien og startar opp igjen etter skuleferien.
Onsdagstreninga. Ungdom/Senior/Veteran
Postet av Hovdebygda IL den 14. Mai 2019
Onsdagar Denne treninga går året rundt.
Frammøtestad: Hovden møbel kl. 20
Kven kan delta?
Alle kan delta og det er ikkje krav til treningskontigent eller kva idrettslag du høyrer til! Vi ønsker alle velkomen, og spesielt tilsette hos våre sponsorar.
Treningane passar for dei som har trena litt og likar å presse seg:)
Treningsgruppa tel i dag ca. 10-15 personar i alderen 16-60år.
Endringar på oppmøtestad: Dette vil bli kommunisert same dag på Hovdebygda langrenn si facebook side; «Hovdebygda IL skigruppe, medlemsgruppe».
Kontaktperson Bjørnar Øye mob. 90780306 mail. bjornar.oye@gmail.com
Hovdebygda il langrenn vert veldig godt representert i samlingssamarbeidet Storfjordlangrenn.
Postet av Hovdebygda IL den 29. Apr 2019
Skisesongen var ikkje heilt over likevel. I går deltok Emilie, Adrian, Håvard, Jørgen, Mia og Nathalie med foreldre på avslutningstur med krinslaget og Storfjordlangrenn i Stordal. Etter topptur vart det halde årsmøte i Storfjordlangrenn. Sidan det kan sjå ut som ca 1/3 av laget kjem til å bestå av HIL-løparar komande sesong vart det bestemt at samlinga 23-25.8 skal haldast i og av Hovdebygda. (Samlinga på Ullsheim som vi normalt har hatt vil andre klubbar få ansvar for). Alle foreldre med løparar på laget må difor halde av denne helga til å arrangere samlinga. I tillegg må ein begynne å tenke på kvar som kan egne seg å gjennomføre samlinga (overnatting med kjøkken og dusjmogelegheiter, rulleski - og barmarksfasilitetar) Dette kan vere lokaler i Hovdebygda, Ørsta eller Ulsteinvik.9
Møre og Romsdal skikrets: Vårmøter - treningssamling - Krets-Ting. Sett av søndag 26. mai!
Postet av Hovdebygda IL den 15. Apr 2019
Sesongen er over på Bondalseidet. Takk for denne gongen og velkomen tilbake i november/desember.
Postet av Hovdebygda IL den 15. Apr 2019
3. plass i juniorklassa til Adrian Flote i Holmøyskarrennet
Postet av Hovdebygda IL den 14. Apr 2019
Jørgen Gretland, G14, vart vinnar av Sparebanken Møre cup, krinscup for Møre og Romsdal.
Postet av Hovdebygda IL den 8. Apr 2019
Nathalie Vatne (J14) nr. 2, Hans Olav Sætre (Msenior) nr. 2, Luckas Loe Selbervik (G14) nr. 3, Håvard Sætre (G14) nr. 6. Håvard har kome i storform no på slutten av sesongen og imponerte stor på fellestarten i klasse G15-16, med 2. plass i G15.
HIL-SKIAVSLUTNING TORSDAG 4. April KL 18.30
Postet av Hovdebygda IL den 1. Apr 2019
7-10 år, 11-12 år og 13+ avsluttar vinterens langrennstreningar med felles avslutning på Bondalseidet. Plan for avslutninga: 7-10 år og 11-12år/13+ trenar kvar for seg fram til 19.10.
Deretter felles stafett og mulegheit for skileik ved barnetrekket.
Servering av pølser med brød og drikke.
Vegard Røyrhus er HIL sin representant under senior NM del 2 - 10 km fristil og 50 km klassisk
Postet av Hovdebygda IL den 28. Mar 2019
Lenkje til Arrangøren si side for informasjon NM senior del 2
Sesongen er på hell i lysløypa på Bondalseidet og i løypa til Åmskaret. Men følg med på Skisenteret si Facebook side mot helga. Kan verte gode forhold på Eitrefjell?
Postet av Hovdebygda IL den 26. Mar 2019
Gode løp av Hovdebygda il løparar på Ullsheim i dag. Det var finale for krinscupen til Sogn og Fjordane.
Postet av Hovdebygda IL den 23. Mar 2019
resultaliste-ssf-cup-finale-230319.pdf
I dag var det finale i SSF cup på Ullsheim. Nokre frå Hovdebygda tok turen innover til trivselsfylket. Litt snø og mykje betre ver enn i Ørsta. Adrian fekk 1.plass i g-18, Nathalie 4.plass i j-15 og Håvard delt 2.plass i g-15. I g-14 kom Jørgen på 2.plass og Luckas på 5.plass. Dorthea, Mia og Karl gjekk også gode skirenn.
Langrenn søndag 24. mars på Ullsheim. Stryn - SparebankenMøre-cup. med innlagt rekruttrenn.
Postet av Hovdebygda IL den 13. Mar 2019
Startliste 24.03.19 SBM-cup 8.pdf
Krinsrennet vårt på søndag vert flytta frå Bondalseidet til Ullsheim i Stryn! Rennleiinga tok avgjerdsla etter treninga på Bondalseidet i torsdg kveld. Per i torsdag kveld er det brukbare forhold på Bondalseidet, men vi tek ikkje sjansen på at det held seg slik fram til søndag med det veret som er meldt. Avgjerdsla vart tatt allereie i torsdag då har vore eit ønske frå fleire klubbar at ei avgjerdsle kom før påmeldingsfristen går ut i torsdagkveld.
HUSK PÅMELDINGSFRISTEN!!
Finale SpareBank1 Cup/Trimrenna på Bondalseidet - 12. mars - 4. og siste med premieutdeling - oppdatert med resultat og lenkje til reportasje i Møre nytt
Postet av Hovdebygda IL den 10. Mar 2019
Det vart eit kjekt renn igjen.
Siste av 4 og premieutdeling.
Vert nytt renn, SparebankenMøre cup med innlagt for rekruttar, søndag 24. mars. Følg med.
resultat 12032019_spbank1cup 4.pdf
Junior NM på Savalen - Adrian Flote deltek frå HIL langrenn - UngdomsBirken HIL langrenn stiller med stor tropp
Postet av Hovdebygda IL den 5. Mar 2019
Årsmøte Hovdebygda IL langrenn - på klubbhuset kl. 19
Postet av Hovdebygda IL den 4. Mar 2019
Årsmøte i Hil langrenn mandag 4.3 kl.19.00 på klubbhuset i Hovdebygda.
Innkalling:
1. Val av møteleiar
2. Val av skrivar ...
3. Val av 2 medlemmer til å signere protokoll
4. Godkjenning av innkalling
5. Godkjenning av saksliste
6. Godkjenning av årsmelding
7. Godkjenning av rekneskap 2018 og budsjett 2019
8. Val
9. Diverse
Saker til diverse må meldast til dagjarlea@yahoo.no.
På årsmøte i HIL langrenn vart styret slik: Leiar, Hans Olav Sætre - styremedlemar, Dag Jarle Aa - Bjørnar Øye - Geir Aamund Hovden - Runar Gretland.
Håvard Sætre og Nathalie Vatne Aa deltok i Hovedlandsrennet, helga 1. til 3. mars på Gålå. Oppdatert med resultat.
Postet av Hovdebygda IL den 26. Feb 2019
Det var ei stor langrennshelg for lokale løparar.
Postet av Hovdebygda IL den 26. Feb 2019
Bilde av Dan Børge Saure, Bjørke i Honndalsrennet. Krinscuprenn i sprint i Valldal. KM sprintstafett på Volda skisenter og Honndalsrennet. God lokal deltaking alle stadar.
Ørsta skisenter klarte å preppe langrennsløypa torsdag kveld.
Postet av Hovdebygda IL den 26. Feb 2019
No med resultatliste. Mange lokale langrennsløparar deltok i Tverrfjelldilten
Postet av Hovdebygda IL den 14. Feb 2019
Vegard Røyrhus på startstreken i NorgesCup renn i Hommelvik
Postet av Hovdebygda IL den 14. Feb 2019
Midt norsk mesterskap. 4. og 6. plass til Jørgen Gretland. Veldig god laginnsats av 5 langrennsløparar frå Hovdebygda il.
Postet av Hovdebygda IL den 6. Feb 2019
Støtteapparat og nokre av langrennsløparane på langrennstadion på Røros. Veldig kjekt med Midt norsk mesterskap.
Hovdebygda langrenn stilte med desse deltakarane:
Mia Vatne Aa j12
Dorthea Gretland J12
Håvard Sætre G15
Nathalie Vatne Aa J15
Jørgen Gretland G14
Oppdatert med resultatliste. Adrian Flote og Jørgen Gretland KM -gullvinnarar i skøyting. KM-sylv til Nathalie Vatne Aa og Luckas Loe Selbervik. Elles mange gode plasseringar.
Postet av Hovdebygda IL den 3. Feb 2019
Arkivbilde frå eit renn tidlegare i år. Frå venstre Luckas Loe Selbervik, Jørgen Gretland, Sindre Fylling, Stordal.
Adrian Flote (Menn 18) hadde nest beste tid av juniorane i 10 km løypa (Menn 17-20)
Nathalie Vatne Aa (J15) hadde 3. beste tid av alle som gjekk 5 km (J15-16)
Igjen var HIL-gutane Jørgen Gretland og Luckas Loe Selbervik på toppen av pallen i klasse G14.
Og som vanleg var Dorthea Gretland og Mia Vatne Aa på pallen i klasse J12.
4. plass til Emilie Flote i klasse J15 og 5. plass til Mathea Loe Selbervik i J12.
7. plass til Marius Saure Riise i G13
og flott løp av Karl Daniel Gretland.
KM Møre og Romsdal samla heile 120 deltakarar frå heile fylket.
Oppdatert: 2. Trimrennet/Sparebank1-cup på Bondalseidet langrennstadion. med resultat
Postet av Hovdebygda IL den 30. Jan 2019
Vegard Røyrhus best frå Møre og Romsdal på NM, 15km klassisk i dag. Nr. 77 av 150 deltakarar
Postet av Hovdebygda IL den 29. Jan 2019
12 pallplassar til HIL i Sparebanken Møre cup i Vistdal og Osmarka. Med lenkje til resultat.
Postet av Hovdebygda IL den 22. Jan 2019
Nathalie og lucas i veldig god fart under Vistdal sitt SBM-cuprenn på Vistdalsheia.
Vegard Røyrhus fekk si beste senior plassering med 61. plass under Norgescupen i langrenn
Postet av Hovdebygda IL den 17. Jan 2019
160 deltok på Sparebank-cup på Bondalseidet tysdag kveld
Postet av Hovdebygda IL den 15. Jan 2019
Resultat-2019-sp1-sladd.pdf Resultat frå cup renn 15. januar 2018.
Lista over alle 55 som gjekk på tid. Tidene for dei som er under 11 år er sladda vekk etter reglane om tidtaking.
I tillegg var det 105 som gjekk rennet utan tidtaking.
SOSIAL KLUBBTUR MED HOVDEBYGDA IL LANGRENN
Postet av Hovdebygda IL den 14. Jan 2019
Bildet er frå fellestart i Osmarka 2018
Overnattingstur 19.01-20.01: Laurdag 19.01 er det SBM-5 (klassisk) på Vistdalsheia og søndag 20.01 SBM-6 (skøyting) i Osmarka. Vi overnattar på Herje camping på Åfarnes.
I følge avstandsberegning på nettet tek det 3 timar og 34 minutt å køyre til Vistdalsheia. Derfor må vi ta ferge frå Festøya kl 08.25 eller 08.55 på laurdag
Vi håper at mange vil vere med på sosial klubbtur med skirenn og overnatting. Dette kan fort bli ein kjekk tur. Skriv ein kommentar på Facebook viss du skal vere med, og kor mange dokke vert. Innan mandag kveld!
Veldig gode HIL dagar under Ullsrennet på laurdag, krinsstafett på Ullsheim på søndag og SparebanenMøre cup på Molde
Postet av Hovdebygda IL den 5. Jan 2019
Overraskande og kjekke 2. Plass i Stafetten på Ullsheim jenter 11-12 år. Frå venstre Dorthea Gretland, Mia Vatne Aa og Mathea Loe Selbervik.