Vi må gjere klar langrennsanlegget på Bondalseidet før vinteren, laurdag 10. oktober kl. 10 og laurdag 17. oktober
Postet av Hovdebygda IL den 23. Sep 2015
![](https://content.bloc.net/Photo/Original/2015/9/23/2015092313581303732-42.jpg?width=1024&quality=90)
Bilde frå langrennstadion etter årets slått.
Arbeid som må gjerast er: Fjerning av buskar omkring bygningane, sette opp plakatar for å finne vegen til langrennstadion, fjerne tre og buskar langs ein del av lysløypa, litt rensk omkring innløp til stikkrenner, grafse vekk stein etter steinriva sitt arbeid i den omlagde trasseen, bygge køyrebru for snøscooteren, ++...
Håper at alle kan avsette 2 dagar for året for å ha eit godt anlegg når snøen kjem.
Ta med beitesaks, motorsag, grafse, rive, hammar, spikar, elt etter kva du har.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.