Rulleskitrening frå 7-12 år startar tysdag 1. oktober kl. 18-19 på Bygg 1! Hugs refleksvest, skisko, hjelm og hanskar
Postet av Hovdebygda IL den 30. Sep 2019
Kjetil Bjørdal vert med no første gongane, med fokus på yngste delen av gruppa. So vert det etterkvart og sette opp ein «foreldre-plan», liknande den vi hadde på slutten av forrige sesong.
Det vert då for og ta ansvaret for yngste delen av gruppa, opp til rundt 9-10 år, sidan ei so stor gruppe må delast opp, og då vert det for lite med ein fast trenar.
Og om nokon er interessert i og bidra meir som trenarar er dei sjølvsagt velkomne til det.
17. oktober startar trening i gymsalen for 7-12 år. Kvar torsdag til jul.
19. til 20. oktober vert det klubbsamling på Ullsheim, Stryn.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.