Fjellturar gir god trening

Postet av Hovdebygda IL den 15. Aug 2015


Utsikt frå Saksa mot Brekketindane, Slogen, Smørskredtindane.
Turen frå Urke til Saksa er ein veldig fin treningstur. I dag var minstemann 4 år. Men ver forsiktig i ura og like før toppen. Fleire spreke karar frå andre sida av jordkloda jobba med å lage trappetrinn gjennom ura. Ein fin tur og utsikta er ein god premie når ein kjem opp på toppen.



Desse karane jobba seg gjennom ura og laga gode trapper av steinheller. Dei kjem frå Nepal, etter som vi har høyrdt. Blide var dei.
Vil du velje ein kortare tur så ligg Helgehornet klart kvar dag og like ut for døra. Du kan velje råsa frå skytebana eller frå skogsvegen ved Hovdevatnet.







Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.