Viktig dugnad på Bondalseidet laurdag.

Postet av Hovdebygda IL den 28. Okt 2017

Arbeidsgjengen held på å køyre ut flis opp på vegduken.

Dette flislaget skal isolere frå jordvarmen slik at alle snøflukser vert teke i vare og tinar veldig seint.

Eit snølag på 15 cm kan preppast med snøscooter og rulle og ein kan gå på ski på eit tynt snølag utan å skade skisålen. Eit viktig bidrag til at vi skal ha eit best mogeleg snøsikkert anlegg.

Vegduken vert rulla ut.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline