Gåvesjekk frå Sparebank1 Søre Sunnmøre til Åmskarløypa

Postet av Hovdebygda IL den 28. Jun 2017

Under ei tilstelling på hotell Ivar Aasen tysdag kveld vart Åmskarets venner tildelt kr. 75 000.- som ein del av fullføringa av turveg/skiløype frå lysløypa på Bondalseidet til Åmskaret. Leiar i Åmskarets venner, Svein Silseth, tok i mot sjekken.

Frå før er det grøfta og lagt ei mengde stikkrenner i alle bekkar som ein kryssar, pluss mange fleire. Planen vidare er slik det har vorte planlagt og fortalt til alle grunneigarar i grunneigarmøter. Det skal leggast vegduk, berelagt og grus slik at det på barmark skal vere fint å gå og sykle, og om vinteren skal det vere råd å preppe med lite snø. Leiar i Åmskarets venner Svein Silseth, tok i mot sjekken.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline