Vegard Røyrhus var suveren vinnar av Romjuls sprinten i Tomrefjord

Postet av Hovdebygda IL den 30. Des 2017

Bilde og tekst frå Dag Jarle AA:

9 frå HIL langrenn deltok på krinsrenn i sprint (SBM-cup 3) i Tomrefjord i dag.

Dei yngste gjekk skicross. 6 av desse reiste heim med pallplass.

Best av alle var Vegard Røyrhus som var raskast av alle i prologen, i kvart- og semifinalen og til slutt også i finalen



Gode resultat og mange frå HIL i sesongopninga i Valldal laurdag 16. desember. Rennet var 2 rennet i Sparebanken Møre cup sesongen 2017/2018

Postet av Hovdebygda IL den 17. Des 2017

Bilde av nokre av deltakarane i Valldal:  Luckas, Marius, Mia, Emilie, Mathea, Nathalie og Dorthea.

Det vart mange gode resultat, og vi må framheve Adrian Flote, som starta sin første junior sesong med 1. plass.   I romjula er det nytt skirenn i Tomrefjord.

Resultat



Opningsrennet er flytta til Valldal, Mange frå HIL skal delta i sesongstarten.

Postet av Hovdebygda IL den 11. Des 2017

Laurdag 16. des. startar sesongen med SparebankenMøre -cup i Valldal. (Rennet er flytta frå Bjorli).

Påmeldingsfrist er utsett til fredag.


Kontakt Hans Olav Sætre for meir info. Legg elles merke til at rennet er flourfritt for alle klasser.

Lenkje til påmelding, kven som er påmeldt og anna info:

Påmelding og info om rennet i Valldal



Styret i HIL langrenn har vedteke sesongplan.

Postet av Hovdebygda IL den 30. Nov 2017

Hovdebygda IL langrenn melder om stabilt godt oppmøte for alle grupper i haust, men har god plass til fleire.

Som i haust vert det 4 treningsgrupper 7-10år,      11-12 år,   13 + år,     ungdom/veteran,  Les meir under menyen "Felles treningar"

Treningane vert starta og avslutta ved varmestova til skisenteret dersom ikkje anna er annonsert på Facebook gruppa "Hovdebygda IL langrenn medlemsgruppe"

HIL langrenn skal arrangere 5 renn Sparebank1 -cup , derav 1 renn som kretsrenn for heile fylket og 1 renn som sonerenn.  Alt dette kan du lese om under menyen "Skirenn 2017-2018".

Årets klubbtur til skirenn vert helga 20. -21. januar med skirenn i Isfjorden  og Osmarka med overnatting i Torvikbukt.  I tillegg vert det overnattingstur for dei som skal delta i skirennet på Bjorli 16. desember.  meir om dette kjem etter kvart.



Nye HIL treningskleder/konkurransekleder.

Postet av Hovdebygda IL den 23. Nov 2017

Skidressar - henting/betaling! Overtrekksdressar og racingdressane er komt, og dei er klare for henting heime hos Dag. Men INGEN dressar vert utlevert før dei er betalt på førehand. Dvs. at ein må vise kvittering ved henting. Tidspunkt for henting kan avtalast med Dag. Eg sender ut mail med beløp og kontonummer til alle saman i løpet av kvelden.



Sport1 Ørsta gir klubbtilbod til medlemar i Hovdebygda IL langrenn - 20 % !!

Postet av Hovdebygda IL den 16. Nov 2017

Tilbodet gjeld for:  Alle barn, ungdom og vaksne som går på Hovdebygda IL langrenn sine treningar med foreldre og trenarar og andre som hjelper til på skirenn og dugnadar og eventuelt andre medlemar av Hovdebygda IL langrenn.  Sei frå i butikken før du betalar.



Alle langrennsløyper er preppa på Bondalseidet.

Postet av Hovdebygda IL den 11. Nov 2017

Det kan verte nokre dagar med veldig fine skiforhold.

Den ny preppa løypa er oppdatert på Skisporet.no eller at du lastar ned appen "Skisporet" på telefon og nettbrett.

Der ser du alt, heilt ferskt.  God tur på ski.



Vinteren kom fort.

Postet av Hovdebygda IL den 10. Nov 2017

Bilde frå løypa Ullsheim - Holsætra 10. nov.




Første samlinga på snø for Hovdebygda IL langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 8. Nov 2017

Bilset viser trakkemaskinen i arbeid på Dombås stadion, fredag 10. nov.  morgon. (Web cam.)



Haustmøte/fagdag for langrenn på Vestnes, onsdag 8. november

Postet av Hovdebygda IL den 3. Nov 2017

Programmet under Haustmøtet/ Fagdagen-Langrenn på Vestnes onsdag 08 nov. er no klart. "Sportsmesse" hos Sport 1 Tomra, besøk av Marianne Myklebust og Pål Rise fra NSF-Langrenn, og Haustmøte-saker i langrenn. For utøvarar er det både ei treningsøkt - og ein prat med Mari Støen Gussiås!

PROGRAM

Frå Møre og Romsdal skikrets si heimesida:

"Håper flest mulig har anledning til å ta turen til Vestnes på onsdag. Her er det spennende saker for både klubber/ foreldre og utøvere. Klikk på programmet for mere informasjon.

 

Vi får besøk av Marianne Myklebust og Pål Rise denne kvelden (Pål er nyansatt etter at Per Nymoen pensjonerte seg i sommer). Marianne presenterer nye tanker og ideer fra NSF - innen hvordan vi kan utvikle skirennene våre. "Alternative arrangementer" er i tråd med SUM-modellen som Ski-Norge nå setter "ut i livet".

 

Pål vil ta for seg - og informere om den nye "Utviklingstrappa i langrenn" som lanseres i disse dager. Utviklingstrappa er en guide til unge, lovende skiløpere som ønsker å ta ut sitt idrettslige potensial. Her beskrives en hensiktsmessig, langsiktig utvikling fra barn til toppidrettsnivå.  Boka er også en brukervennlig veileder for trenere og foreldre i arbeidet med langrennsløpere på ulike nivåer. Den inneholder blant annet eksempler på gode treningsøkter, maler for treningsplaner og er bygd på Skiforbundets Utviklingsmodell (SUM).

 

Vi i M&R er først ute med å få besøk av NSF - som nå drar ut på en "Norgesturnè" med SUM-budskapet."



Viktig dugnad på Bondalseidet laurdag.

Postet av Hovdebygda IL den 28. Okt 2017

Arbeidsgjengen held på å køyre ut flis opp på vegduken.

Dette flislaget skal isolere frå jordvarmen slik at alle snøflukser vert teke i vare og tinar veldig seint.

Eit snølag på 15 cm kan preppast med snøscooter og rulle og ein kan gå på ski på eit tynt snølag utan å skade skisålen. Eit viktig bidrag til at vi skal ha eit best mogeleg snøsikkert anlegg.

Vegduken vert rulla ut.



Nyttig klubbmøte i Hovdebygda.

Postet av Hovdebygda IL den 27. Okt 2017

Arkiv bilde av dagleg leiar av Møre og Romsdal skikrets, Stig Aambø.

Det vart fullt hus på Skikretsen sitt klubbmøte i Hovdebygda torsdag kveld.

Agendaen for møtet var å informere om, og skape gode diskusjoner vedr. Skiforbundets nye modell for utvikling av skiutøverar/ skirenn/ skianlegg mm. (SUM-modellen)

 «Hvordan vi kan gjøre tilbudene våre innen trening og skirenn enda bedre,  – og fenge enda flere i alle aldre».

Mange gode innspel og god diskusjon.

 



Hovdebygda IL langrenn arrangerer 3. og siste rulleskirennet, den 22.oktober 2017.

Postet av Hovdebygda IL den 12. Okt 2017

Arkivbilde frå 1. rulleskicupen.

I det andre rennet deltok 45 og no håper vi på 50. Velkomen.

Les innbydinga:   Rulleskicup 22102017_ inndyding.pdf



årets klesbestilling er sendt inn til Trimtex, og 53 personar har bestilt vår nye HIL langrenn jakke!

Postet av Hovdebygda IL den 11. Okt 2017

Det er lova leveringstid på 5-6 veker, so vi skal ha dei i god tid før jul. Alle vert informert ifm. levering. Ettersom dressane er sterkt subsidiert av sponsorar, so er det enklast at rekninga går til HIL ski, og deretter vert kvar enkelt fakturert (forhåpentlegvis muligheiter for betaling med Vipps). MEN det er viktig med kjapp betaling, ettersom HIL må forskottere eit betydeleg beløp.



Dugnad, legging av flis på langrennstadion laurdag 28. oktober kl.10

Postet av Hovdebygda IL den 7. Okt 2017

Mimrebilde frå 16. januar 2016, før vi hadde fått rulla.  Slik er det ofte siste vintrane. 

dugnadsliste-haust2017.pdf

 No prøver vi å ta vare på alle snøflukser og denerer løypene med nye grøfter, rør, legg duk, legg 10 cm med flis på langrennstadion. 

Då oppnår vi å isolere vekk litt av jordvarmen. (tele har vi nesten aldri).

Og så kan alle små og store kose seg og trene på lite snø utan å skade skia og vi kan preppe snøen sjølv med eit lite snølag.



Haustmøtet/ fagdag - langrenn - onsdag 8. november -Møre og Romsdal skikrets

Postet av Hovdebygda IL den 5. Okt 2017

Onsdag 8 november blir det Haustmøte og Fagdag for langrenn.  Langrennskomiteen inviterer til spennande temaer ved Vestnes Fjordhotell. Vi får også besøk frå NSF-langrenn denne dagen. Så hald av datoen! Meir informasjon kjem.



konkurransedress til komande vinter

Postet av Hovdebygda IL den 2. Okt 2017

Dei som skal ha konkurransedress til komande vinter må huske å melde i frå innan tysdag 3.10. Desse blir bestilt samtidig med overtrekksdressane. Det blir ikkje høve til å bestille konkurransedress seinare i sesongen.

Prisen ser ut til å bli 1099,- for vaksne og 899,- for barn.  Henv. til Dag Jarle Aa

Om nokon har brukte dressar dei vil selge kan ein legge desse ut på skigruppa si kjøp og salg side på Facebook.



TRENINGSSAMLING PÅ ULLSHEIM 21.-22.10.2017

Postet av Hovdebygda IL den 29. Sep 2017

Bilde teke utanfor klubbhuset, der vi har det fint med mat, kjekke ting og søv.

Innbyding Ullsheim 2017.docx

Hovdebygda il langrenn inviterer alle langrennsløparar i klubben til treningssamling på Ullsheim i Stryn. Vi har leigd klubbhuset og rulleskiløypa. Samlinga er open for alle frå 6 år -18 år. Alle under 10 år må ha med foreldre. Hovdebygda il langrenn stiller med trenarar og mat til alle måltid. Betaling: Kr 200,- Inkluderer alle måltid, bading i Stryn, leige av klubbhus og rulleskiløype. Påmelding: Til hasaetre@online.no innan onsdag 18.10.



Ny kleskolleksjon - ta kontakt med Bjørnar seinast søndag 8. oktober.

Postet av Hovdebygda IL den 26. Sep 2017



Sjå også på Facebook.

Dei nye kleda vert levert av Trimtex og vi kjem til å ha same design ein del år framover. For at flest mulig skal bestille allereide i år, so tilbyr vi ein ekstra god pris no. Overtrekksdress barn (jakke og bukse) kr. 400,-. Og overtrekksdress voksen (jakke og bukse) kr.700,-. I tillegg er det mulig å bestille konkurransedress , dette er same dress som vi har hatt dei siste 3 sesongane. Sjå vedlagt bilde av overtrekksdressen. Kleda vert levert i månadsskiftet nov/des. Ei stor takk til Norhus, Berg Hansen og Sport 1 Ørsta som har øyremerka støtte til overtrekksdressane.



Møre og Romsdal Skikrets ønskjer å invitere til eit «Klubb-møte» ved klubbhuset til Hovdebygda IL

Postet av Hovdebygda IL den 25. Sep 2017

Torsdag 26.10. kl. 1800 - 2000

Invitasjonen går til klubber i skikretsen (spesielt i Ørsta/ Volda-regionen)  - og til skigrupper i alle grenene våre. Still gjerne med flere representanter fra din klubb/ skigruppe – gren.     Agendaen for møtet er å informere om, og skape gode diskusjoner vedr. Skiforbundets nye modell for utvikling av skiutøvere/ skirenn/ skianlegge mm. (SUM-modellen)

«Hvordan vi kan gjøre tilbudene våre innen trening og skirenn enda bedre,–og fenge enda flere i alle aldre J».

     Fra Skikretsen møter Nestleder Anniken Hjellbakk Hole, og undertegnede.

    Ber om tilbakemelding om hvem som kan møte, innen 16 oktober. (mandag etter høstferien)

(Spre gjerne invitasjonen til flere i din klubb/ gren)

    Med vennlig hilsen

  Møre og Romsdal Skikrets

Stig Aambø, adm.sjef

Tlf: 99 50 97 92



Håvard Sætre gjekk opp Trollstigen til 2. plass i klasse 14 år i det nasjonale rennet på rulleski.

Postet av Hovdebygda IL den 17. Sep 2017

Arkivbilde frå Ørstastafetten.

Veldig sterkt rulleskirenn av Håvard Sætre, berre slegen av Linus Engdahl frå Torvikbukt IL

og berre 8 sek bak vinnaren etter å ha staka og gått diagonal opp siste 5 km av Trollstigen. Gratulerer.

Resultatliste




HAUSTDUGNAD BONDALSEIDET!

Postet av Hovdebygda IL den 10. Sep 2017

HAUSTDUGNAD BONDALSEIDET! Sjå vedlagt dugnadsliste for hausten 2017.

Dugnad

I år fokuserar vi mykje på utbedring av løypetrasear slik at vi kan klare oss med lite snø. Grøfting, stikkrenner og flislegging av trasear der vi fokuserer på langrensstadion og tilkomsttrase.

Det er alt utført mykje arbeid: Rydding av tred og buskar langs langrennstadion, grøfterensk med gravemaskin, nye grøfter er gravd opp, nye stikkrenner/rør  er lagt ned med stor dimmensjon, lyspærer er skifta.

Det som står igjen er rydding av tred og buskar omkring bygningane, rep. av stadion gjerdet, maling av gapahuk, rulle ut duk og legge flis og grus. Installasjon av lys og kontakter i Gapahuken/smørebuda og montering av lyskastarar på gapahuken.

Vi håper at det vert mykje godt ver og at vi er i mål i løpet av oktober. Og då vil vi merke det i vinter at vi kan gå på ski med lite snølag og at vi har betre fasilitetar.  Vi kan gjerne invitere barnehagar og skuleklasser til langrennstadion.



Tysdag 5. september startar treningane for eldste gruppe. Dvs dei som er født 2005 og eldre.

Postet av Hovdebygda IL den 4. Sep 2017

Arkivbilde frå då vi trena i lag med Ingvild Flugstad Østberg.

Planen no i starten er rulleski tysdagar kl. 17.30-1845 og styrke/ spenst torsdagar kl. 19-20 i gymsalen på Hovden skule. Oppmøte tysdag 5. september: Steinfyllinga mellom Selbervik og Sørheim   Skøyting - balanse, teknikk, hurtighet. Dei som er yngre startar opp etter haustferien. Info vil bli lagt ut her og på Facebook. Vel møtt!



1. rennet i Sparebank1 rulleskicup med god deltaking og strålande haustver. No med resultat.

Postet av Hovdebygda IL den 3. Sep 2017

Bildet viser start nr. 1 Runar Gretland i seniorklassa og dei 2 startarane Arne Thomas Haram og Dag Jarle Aa. Vidare ser vi i bakgrunnen langrennsløparar som gjer seg klar til start.

Resultat

Rennet som vart arrangert på Ullsheim, Markane i Stryn, var det 1. rennet av 3 som Hovdebygda IL arrangerer denne hausten.

Denne gongen var det duathlon for dei som går i 13 års klassa og eldre. Skøyting for dei som er yngre.



Syver Hovdenakk er gått bort

Postet av Hovdebygda IL den 24. Aug 2017

Arkivbilde av Syver under skirenn på Bondalseidet.

Vi mottok ei trist melding i dag, Syver Hovdenakk fra Ørsta IL er død. Syver la ned ein svært stor og imponerende innsats for langrennsporten både i Ørsta-området og for heile skikretsen. Syver var mellom anna Leier av Skikretsens Langrennskomitè og Anleggskomitè. Han mottok også "NSF`s Ildsjelpris" i 2006.

For Hovdebygda IL langrenn har han gjordt ein betydeleg innsats i samband med dei årlege krinsrenn/KM/landsrenna som har vore arrangert på Bondalseidet og ikkje minst innsatsen for å halde vedlike langrennsløypene og løypa til Åmskaret.



Jørgen, Håvard, Nathalie og Emilie deltek i helga på årets andre samling med Storfjordlangrenn i Valldal.

Postet av Hovdebygda IL den 20. Aug 2017

Jørgen, Håvard, Nathalie og Emilie deltek i helga på årets andre samling med Storfjordlangrenn i Valldal.

Variert trening, rulleski, hutigheit og spenst, intervalltrening og økter med bowling og kortspel innimellom treningane.

Søndag 20. er samlinga open også for yngre langrennsløparar.



Sparebank1 rulleski-cup. Hovdebygda IL langrenn arrangerer i rulleskiløypa på Ullsheim. HIL ønskjer langrennsløparar velkomen

Postet av Hovdebygda IL den 18. Aug 2017

arkivbilde frå Sparebank1-rulleskicup 2016.

Innbyding

Då er det snart tid for årets første renn i Hovdebygda IL langrenn sin rulleskicup. I år blir alle renn arrangert i rulleskiløypa på Ullsheim. Rulleskicupen består i år som i fjor av 3 renn. Om det ikkje passar med alle datoane går det heilt fint å delta i kun eitt eller to av renna. Renna vil som tidlegare ha ein uhøgtidleg profil (ei god  treningsøkt /treningsrenn), vi krever ingen startkontingent og renna er opne for alle frå 7 år og eldre. Dei yngste går ei ganske flat runde på ca 500m, dei som er eldre går ca same distanse som dei skal gå på skirenna komande vinter. 

Datoar for årets renn blir: 
- Renn 1: søndag 3.september
- Renn 2: søndag 24.september
- Renn 3: søndag 22.oktober

Renn 1 blir arrangert i Duathlon for 13 år og eldre. 7-12 år går fristil. Dersom nokre av dei eldre kun vil gå fristil går det fint :) 
Renn 2: Fristil, distanserenn, enkeltstart
Renn 3: Fristil, distanserenn, enkeltstart

Renn 1 blir arrangert i samband med Storfjord langrenn si samling på Ullsheim. (Storfjord langrenn er eit treningssamarbeid for 13-16 åringar for klubbane i Møre og Romsdal sør for Molde). Dette rennet vil difor ha start for dei eldste (13 år/ f.2005 og eldre) ca kl 09.30 for at det skal passe inn i samlingsplanen deira. 12 og og yngre vil starte etter at dei eldste er ferdige. Meir detaljert innbyding med starttidspunkt og distansar vil bli sendt ut seinare.


Påmelding til renn 1: innan torsdag 31.8 kl 23.59 til dagjarlea@yahoo.no

Vel møtt!



– Her kan alle vere med – Alle som går med ein liten draum om å delta på triathlon har sjansen no!

Postet av Hovdebygda IL den 18. Aug 2017

Arkivbilde lånt frå Møre nytt.

Jan Tore Bjerkvik og Narve Yksnøy inviterer til testløp for Berkneset Triathlon.

Startdatoen for løpet er 26. august.

 Dette er eit overkomeleg løp for alle, forsikrar dei to.

Det er Lid idrettslag som står som offisiell arrangør, der Jan Tore Bjerkvik er leiar. Saman med Narve Yksnøy starta dei triathlonet i fjor.

– Vi møttest på ein fjelltur og kom raskt i prat om at dette hadde vore noko å satse på. Det finst ikkje tilsvarande i området, og eg har alltid hatt lyst til å vere med på noko slikt, fortel Yksnøy.

Dermed vart Berkneset triathlon ein realitet.

Løypa er på totalt 22 kilometer med ei høgdeforskjell på 446 meter. 16 kilometer er sykling, fem kilometer er jogging, eller springing, og resten er symjing i Hovdevatnet.



"Storfjordlangrenn skal ha samling i Valldal 18.-20. august med 4 frå HIL langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 12. Aug 2017

Arkivbilde frå samling før ferien.

Vi har fått invitasjon om å bli med på samling for 2006-2008 modellane i Valldal 20.8. Send meg ei melding om du vil bli med så sender eg innbydinga på mail. Fin start på sesongen og god mogelegheit til å bli kjent med nye frå andre klubbar

"Storfjordlangrenn skal ha samling i Valldal 18.-20. august, og Valldal IL inviterer i den forbindelse til miljøsamling for jenter og gutar fødd 2006-2007-2008 søndag 20. august
Det blir to økter og innlagt lunsj, og ikkje minst sosialt!

Ta kontakt med Dag Jarle Aa.




Velkomen på trening med Hovdebygda langrenn Ungdom/Veteran Sesongen 2017-18

Postet av Hovdebygda IL den 8. Aug 2017

Nokre frå treningsgjengen.

TRENINGSPLAN

Våre fellestreningar  
Mandagar (styrketrening) Styrketrening på Hovden Skule kl.19:00-20:00. Oppmøte kl.18:45 (ved inngangen til gymsalen) vi tek alltid ein kjapp løpetur utandørs som oppvarming før styrke. Vi trenar generell styrke med fokus på kjernemuskulatur. Første trening er mandag 28.august og vi held på fram til jul.   


Onsdagar (intervalltrening) Intervalltrening i området rundt Hovdeåsane. Oppmøte kl.19:30 ved Hovden Møbel. Vi køyrer ulike intervalltypar kvar gong som til dømes 5x4min, 5x5min, 10x1min, 6x3min 5x1000m. Denne treninga køyrer vi året rundt, og til vinteren er det intervall på ski.   


Kven kan delta? Alle kan delta og det er ikkje krav til treningskontigent! Vi ønsker alle velkomen, og spesielt tilsette hos våre sponsorar. Onsdagstreninga har so langt vore ei rein herretrening, men på mandagstreninga deltek begge kjønn. Treningane passar for dei som har trent litt og likar å presse seg:) Treningsgruppa tel i dag ca. 10-15 personar i alderen 16-60år.   


Endringar på oppmøtestad I løpet av hausten kan oppmøtestad endre seg for onsdagstreninga. Dette vil bli kommunisert seinast kl.13:00 same dag på Hovdebygda langrenn si facebook side; «Hovdebygda IL skigruppe, medlemsgruppe».  
Kontaktperson Bjørnar Øye mob. 90780306 mail. bjornar.oye@gmail.com



Vegard Røyrhus med veldig god tid i Saudehornet rett opp. Best av HIL deltakarane.

Postet av Hovdebygda IL den 5. Aug 2017

Resultat:    http://live.eqtiming.no/37495?...

Vegard i Skålavegen.

Hans Olav og Håvard Sætre.



Vegard med veldig godt løp, Mefjellet opp i Valldal.

Postet av Hovdebygda IL den 25. Jul 2017


Vegard hadde også plassert seg godt i seniorklassa.

Resultat Mefjellet opp



Sommartrening. Først ute er Merethe som sender bilde frå Dombås

Postet av Hovdebygda IL den 6. Jul 2017

Merethe Quenild Loe har sendt bilde frå Dombås, og melder om fine forhold i rulleskiløypa. På bildet ser vi Mathea og .......



2 nye år med Sport 1 Ørsta!

Postet av Hovdebygda IL den 5. Jul 2017

2 nye år med Sport 1 Ørsta!
Vi har inngått ein ny samarbeidsavtale med Sport 1 Ørsta som gjeld for dei to neste sesongane. Alle medlemmar får 30% rab. på langrennsutstyr ifm. klubbkveld og 20% rab. på langrennsuttsyr i sesong. I tillegg støttar dei oss med eit gitt beløp pr. overtrekksdress slik at den vert rimligare for alle som kjøper ny dress. Vi er glade for at Sport 1 blir med oss vidare, og anbefalar at flest muleg brukar deira butikk



3 års sponsoravtale med Norhus Ørsta

Postet av Hovdebygda IL den 5. Jul 2017

Norhus blir med som hovudsponsor!
I går blei ein 3 års sponsoravtale med Norhus signert, og med denne avtalen kan vi skape endå meir aktivitet for born og ungdom i Hovdebygda langrenn i åra framover. Begge partar er veldig fornøgd med avtalen og vi ser fram til eit godt samarbeid. Som ein del av sponsoravtalen støttar Norhus eit gitt beløp pr. overtrekksdress, slik at det vert endå rimligare for alle foreldre som skal kjøpe ny overtrekksdress til deira born. Tusen takk til Einar og Norhus for at dokke vert med på laget

"Henta frå Facebook"




Løp i Ørsta sommar/haust 2017

Postet av Hovdebygda IL den 4. Jul 2017

Løpa er henta frå terminlista i www.kondis.no

Dei som vil delta på baneløp, så har friidrettsgruppa i Ørsta mange tilbod. Ta kontakt med Olve Øyehaug.



Gåvesjekk frå Sparebank1 Søre Sunnmøre til Åmskarløypa

Postet av Hovdebygda IL den 28. Jun 2017

Under ei tilstelling på hotell Ivar Aasen tysdag kveld vart Åmskarets venner tildelt kr. 75 000.- som ein del av fullføringa av turveg/skiløype frå lysløypa på Bondalseidet til Åmskaret. Leiar i Åmskarets venner, Svein Silseth, tok i mot sjekken.

Frå før er det grøfta og lagt ei mengde stikkrenner i alle bekkar som ein kryssar, pluss mange fleire. Planen vidare er slik det har vorte planlagt og fortalt til alle grunneigarar i grunneigarmøter. Det skal leggast vegduk, berelagt og grus slik at det på barmark skal vere fint å gå og sykle, og om vinteren skal det vere råd å preppe med lite snø. Leiar i Åmskarets venner Svein Silseth, tok i mot sjekken.



1. samling i Storfjordlangrenn

Postet av Hovdebygda IL den 25. Jun 2017

Emilie, Nathalie, Håvard og Jørgen deltek i helga på samling med Storfjordlangrenn i Tomrefjord. Dette er første av 6 samlingar før sesongstart i desember. Årets Stordfjord-lag består av ca 20 løparar frå klubbane sør for Molde i alderen 12-15 år (13-16 komande sesong) På samlinga i Tomrefjord har dei fått gode økter på barmark, klassisk og skøyting på rulleski før samlinga vert avslutta med terrengløpet Svartløken-rundt i dag. I tillegg vert det lagt opp til litt treningsteori og mange sosiale aktivitetar mellom øktene



Adrian Flote og Vegard Røyrhus på Kretslaget i langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 18. Jun 2017

Trenarane er Jan Erik Westerås og Pål bjørn Øvrebust. Kretslaget har hatt ei 1dags samling i Molde og ei samling i Stordal til no i år. Neste samling er på Sognefjellet i slutten av Juni, starten av juli. Etter det er det 3 barmarksammlingar igjen og 2 snø samlinger.



4 frå Hovdebygda IL: Emilie, Nathalie, Jørgen og Håvard skal vere med i samlingssamarbeidet Storfjordlangrenn

Postet av Hovdebygda IL den 18. Jun 2017

Storfjordlangrenn 2017-18: ca 20 løparar er med i år. Alder: f. 2002-2005. 6 samlingar frå juni- desember. 4 på barmark og dei to siste på snø på Dombås og Bjorli i midten og slutten av nobember. Trenarar i år: Lars Anders Hoel og Hans Martin Gjedrem.



Ørsta fjellmaraton, laurdag 24. juni.

Postet av Hovdebygda IL den 17. Jun 2017

I samarbeid med gode hjelparar vert det ein drikkestasjon ved Mosetra (halveis i runda), men ellers må deltakarane vere sjølvforsynte med mat og drikke undervegs. Ein finner fleire gode vasskjelder langs løypa.

Arrangøren vil stille med drikke og digg ved runding/mål (Cola, seigmenn, kjekks, vann, saft).

For dei som skal springe heilmaraton så anbefalar vi å ha ein sekk med mat og drikke ved start/mål/runding, slik dykk kan fylle opp sekken halvvegs, eventuelt bytte litt kle og sko. Når ein kjem til runding snur vi retning og spring runde to motsett vei. Dette gjer vi for at deltakarane skal møte på kvarandre og gjere løpet meir sosialt. Vi har helse og heieplikt når du møter andre deltakarar!

Les om Ørsta fjellmaraton og korleis du kan melde deg på



Veldig godt løp av Johnny Riise i Birkebeinerløpet. Ikkje langt bak på lista finn vi Bjørnar Øye og Dan Børge Saure. Men som vanleg var det Bjørn Ole Vassbotn frå Volda som var best av dei lokale.

Postet av Hovdebygda IL den 8. Jun 2017

Johnny og Bjørnar i pulje 1


Uoffisielle resultat for lokale løparar frå live-timing, www.Birken.no


Bjørn Ole Vassbotn Volda 1,21,56

Johnny Riise Hovdebygda 1,24,37

Cato Ryste Volda 1,25,36

Bjørnar Øye Hovdebygda 1,28,18

Dan Børge Saure Bjørke 1,29,11

Stian Nedrelid Volda 1,31,11

Martin Hovden Hovdebygda 1,32,16

Jan-Ove Juliebø Ørsta 1,33,23

Runar Gretland Hovdebygda 1,33,41

Pål Røe Hovdebygda 1,35,05

Dag Jarle Aa Hovdebygda 1,38,18

Arild Bjørdal Ørsta 1,40,49

Arild Stokke Ørsta 1,46,09

Per Sigvald Hoggen Volda 1,46,16

Jarle Sandbakk Ørsta 1,48,30

Dette er alle som var kome i mål med tid under 1,50 og med søk på Volda, Hovdebygda, Ørsta og etternamn.

Sende gjerne ei tekstmelding til 90750535, dersom nokon er gløymd.


Eit av sommarens største løpsarrangement er Birkebeinerløpet på Lillehammer.



HIL langrenn kjem til å ha nokre treningar /fjellturar o.l av og til for dei som har lyst utover sommaren

Postet av Hovdebygda IL den 4. Jun 2017

Arkivbilde frå Stordal samlinga 2016

12-13 år (05/04): Det blir ikkje oppstart av faste treningar før etter sommarferien. Kjem då med info om treningstider og gruppeinndelingar, samlingar og rulleskirenn for haustsesongen.

No er dei fleste aktive i andre idrettar, men vi kjem til å ha nokre treningar /fjellturar o.l av og til for dei som har lyst utover sommaren. Ingen faste dagar eller tider, legg ut her etterkvart så kan den som har tid/ lyst kome når det passar. Ikkje nødvendig å seie i frå om ein kjem eller ikkje, legg opp til treningar som ein kan gjennomføre enten det er 2 eller 20 som møter😊

Første trening blir i morgon, mandag 5/6. Oppmøte kl. 12.00 i Selbervika. Ca 40 min rulleski (skøyting) og 40 min jogging. Husk refleksvest, hjelm og joggesko!



Gapahuken snart ferdig. Ei klasse frå Ørsta vgs, bygg-linja utfører arbeidet under leiing av Norangshol. Oppdatert med nye bilder.

Postet av Hovdebygda IL den 31. Mai 2017

Fin oversikt for dei som sit i gapahuken. Her kan ein ta ein pause, vente på sin tur eller berre følgje med på det som skjer på langrennstadion.




starta å sende ut medlemskontigent for Hovdebygda IL, 2017

Postet av Hovdebygda IL den 28. Mai 2017

Har no starta å sende ut medlemskontigent for 2017. (Kontigentet gjeld for å være medlem i HIL) Til info så har nokon fått SMS der det står medlemskontigen...t 2016 men det er feil, skulle stått 2017. Ellers så kan nok dei fleste oppleve atter ein gong at dei får fleire mailar enn dei skal, gjerne ein per familiemedlem. Betal ein faktura og slett dei andre. Om begge foreldra er registrert så får begge mailar. Kontakt leiar Caroline Rudi på leiar.hil@outlook.com om du har spørsmål



Løp som passar for dei som trenar for langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 21. Mai 2017

Arkivbildet frå eit av dei aktuelle løpa "Hellesyltløpet"



Håvard Sætre vart vinnar av kortløypa i Follestaddalen rundt.

Postet av Hovdebygda IL den 21. Mai 2017

Resultatliste henta frå kondis.no, der finn du fleire bilder.

Resultat frå kondis.no



Minner om onsdagstreninga, frammøte ved Hovden Møbel kl. 19.30. Treninga som går uansett tid på året og i allslags ver og i feriar.

Postet av Hovdebygda IL den 21. Mai 2017


Variert intervalltrening med forskjellig innhald frå gong til gong. Berre å møte fram, ingen treningskontigent eller medlemskap, du treng berre joggesko og passelege treningskleder. Treninga vert dei fleste onsdagane leia av Bjørnar Øye.


Ta gjerne kontakt med Bjørnar om du har lyst å delta på treninga, 90780503, han sender gjerne påminning SMS om dagens trening.



​HIL langrenn stiller i folketoget i Ørsta 17.mai

Postet av Hovdebygda IL den 16. Mai 2017


HIL langrenn stiller som vanleg i folketoget i Ørsta 17.mai. Oppstilling kl.14.45. Kom gjerne med rulleski den som har og den raude HIL-jakka



Resultat frå O-løp i Hovdebygda 11. mai.

Postet av Hovdebygda IL den 13. Mai 2017

Ca 50 løparar deltok på Hovdebygda sitt orienteringsløp i Hovdeåsen i går kveld. Dei fleste frå Markane IL, men og mange frå Hovdebygda, Ørsta og Volda.

Resultat o-løp 11.05.pdf



10 av Hovdebygda IL langrenn sine løparar over 10 år var med på sommartrening med Ingvild Flugstad Østberg, der 70 barn og ungdom deltok.

Postet av Hovdebygda IL den 10. Mai 2017

Bildet er teke midt i treningsøkta der både Hovdebygda IL langrenn og Volda langrenn og skiskyting var representert.



nær-o-løp torsdag 11.mai - Frammøte: Aasen-tunet i Hovdebygda

Postet av Hovdebygda IL den 6. Mai 2017

Innbyding til orienteringsløp torsdag 11.5 i Hovdebygda:

Hovdebygda IL langrenn innbyr til sesongens tredje nær-o-løp torsdag 11.mai. Løpet er 3.løp i orienteringscupen i Nordfjord.

Frammøte: Aasen-tunet i Hovdebygda. Merka frå E39 mellom Ørsta og Volda ...
Start: Frå klokka 18.00
Løyper: ca 1.5 km Nybyrjar-løype, ca 2,5 km C-løype (vidarekomen) ca 3 km A-kort (ekspert), ca 5 km A-lang (ekspert).
Deltakaravgift: T.o.m 16 år: kr 20,- F.o.m. 17 år: kr 40,- Kontant eller Vipps til: 97185183

Det vert ikkje nytta EKT, men klippetenger og manuell tidtaking.

Velkomne til Nær-o-løp i Hovdebygda!



Onsdag 10. mai kl. 16, Ulsteinvik, ved Sparebank1: Bli med på basistrening med olympisk meister - Ingvild Flugstad Østberg!

Postet av Hovdebygda IL den 3. Mai 2017

Bli med på basistrening med olympisk meister - Ingvild Flugstad Østberg! Treningsøkta er for 10år og eldre. Dette blir ei artig økt der borna får utfordra både spenst, hurtigheit og styrke. Treninga foregår på beina. Det er og høve til å stille spørsmål, få autograf ta selfie:)
Sjå vedlagt invitasjon.

Velkomen alle saman!

Basistrening med Ingvild Flugstad Østberg.pdf





Gateløp tysdag 2. mai

Postet av Hovdebygda IL den 27. Apr 2017



HIL langrennsløparar som hevdar seg godt i fylkesfinalen på 600 m løp i skulecupen

Postet av Hovdebygda IL den 26. Apr 2017

Jørgen og Luckas frå Hil langrenn slo til med 1. og 2. plass på 600m i fylkesfinalen i skulecupen i Molde.

Nathalie vart nummer 3 i sitt heat og 7 samanlagt i klassa for 7.klassingar. I denne klassa vart det siger til Hedda J Schreijer frå Stranda som pleier å vere med HIL på samlingar og rulleskirenn

Neste mogelegheit for 600m-løp er gateløpet til Ørsta friidrett 2.5. og Sparebank 1 -leikane på Ørsta stadion 21.5.



Orienterings-løp i Hovdebygda 11. mai.

Postet av Hovdebygda IL den 23. Apr 2017

HIL langrenn og Dag Jarle Aa ønskjer velkomen til o-løp i Hovdebygda 11. mai. Dette er ein del av nær O-løp karusellen for Nordfjord.

Les meir om dette:

Aktivitetsplan orientering 2017.pdf



Marknad på "Ervingen" laurdag 22. april kl. 13.30. Premieutdeling kl. 16. Tombola og loddsalg.

Postet av Hovdebygda IL den 18. Apr 2017

Arkivbilde frå premieutdelinga på marknaden 2016.



Onsdagstreninga kvar onsdag året rundt.

Postet av Hovdebygda IL den 13. Apr 2017

Arkivbilde frå ei trening i fjor.

Framover våren , sommaren vert onsdagstreninga einaste organiserte treningstilbodet. Onsdagstreninga er for alle uansett om du høyrer til HIl eller andre lag.

Ingen treningskontigent eller forpliktelsar.

Sommar/haust 2016 auka deltakinga og det vart ein fin treningsgjeng. Alder frå 14 år og inga grense oppover.

Vanleg frammøte plass er Hovden Møbel kl. 19.30. Det vert litt forskjellig trening frå gong til gong, men hovedmålet er "kom i form trening". Ta eventuellt kontakt med Bjørnar 907 80 306.



Adrian Flote nr. 3 i Holmøyskarrennet

Postet av Hovdebygda IL den 9. Apr 2017

Adrian Flote vart nr. 3 i klasse 15/16 år i Holmøyskarrennet. Årets renn vart flytta til ei rundløypa med start på Ullsheim, vidare over fjellet mot Stryn vinterski og tilbake til mål på Ullsheim. Adrian har ved fleire høve prestert veldig godt denne vinteren, mellom anna på Hovedlandsrennet (NM for 15-16 år). Rennet gjekk i klassisk stil.

Vegard Røyrhus kom inn til 5. plass i klasse 17-20 år.

Dan Børge Saure vart nr. 4 i klasse 21-35 år

Geir Flote vart nr. 7 i klasse 46-55 år.



Sparebank1-cupen vart avslutta med hinderløp.

Postet av Hovdebygda IL den 7. Apr 2017

Bilder kjem.

Cupen, treningane og skisesongen vart avslutta torsdag kveld med hinderløype og hinderstafett.

Dag med mannskap laga til ein veldig kjekke kveld ved Hovden skule. Sportsleg innsats i hinderløypa og servering av grillmat og drikke til slutt.

No vert det pause fram til rulleskisesongen startar etter ferien for dei eldste og rulleski-cup i september/oktober/november. Treningane kjem i gang i september/oktober først for dei eldste og etter haustferien for dei yngste. mykje å gle seg til for alle frå 6-7 år og oppover.




Håvard Sætre nr. 3 i G13, Nathalie Vatne Aa nr. 3 i J13 og Vegard Røyrhus nr. 1 G19-20 i Kretscupavslutninga.

Postet av Hovdebygda IL den 2. Apr 2017

Vegard Røyrhus vann sesongavslutninga i Molde i dag i G19-20. Med dette vann han og krinscupen Sparebanken Møre-cup samanlagt.

HIL langrenn gratulerer!

I tillegg avslutta Adrian sesongen med ein 5. plass i G16, Håvard med 3.plass i G 13 og Nathalie med 3. i J 13. Desse gjekk alle fellesstart i fristil. Frå 12 og yngre konkurrerte dei i langrennscross. Her gjekk Jørgen fort i G12 og Mia i J 10.

Resultatliste: Resultatliste Molde010417.pdf






Torsdag 6.4 avsluttar vi sesongen med 4. og siste "renn" i Sparebank 1-cupen. I staden for skirenn blir ei "hinderløype" Gratis å delta.

Postet av Hovdebygda IL den 27. Mar 2017

Torsdag 6.4 avsluttar vi sesongen med 4. og siste "renn" i Sparebank 1-cupen. I staden for skirenn blir ei "hinderløype" der det kan vere like lurt å ha litt flaks som best form😊 Start og mål ved grusbana ved Hovden skule. Påmelding før kl.18.00, første start kl. 1830. For alle under 10 år blir det individuelt løp med enkeltstart. Frå 10 år og eldre blir det 2-mannstafett. Felles gjennomgang av løypa kl. 18.15. Dersom veret blir ok, blir det grilling av pølser etterpå. HIL langrenn stiller med pølser&brød. Med dette avsluttar vi og årets treningssesong



Nathalie Vatne Aa vart krinsmeister i klassisk under KM på Bjorli.

Postet av Hovdebygda IL den 26. Mar 2017

Bildet er frå då Nathalie deltok i Ungdommens Holmenkollrenn tidlegare i vinter.

Grattis til HIL sin nybakte kretsmester🎉 Nathalie slo til og med alle 14 åringene i dagens fellesstart på Bjorli!

Det vart KM sylv til Adrian Flote i G16. Imponerande og berre slegen av Mikkel W Gautvik frå Molde.



Skihelg på Molde 1. og 2. april.

Postet av Hovdebygda IL den 24. Mar 2017

SkiTour Molde 01.-02.04. Laurdag: Langrennscross-fristil 0-12 år. Sprint fristil 13+. Søndag: Intervallstart fristil 0-12 år. Jaktstart fristil normaldistanse 13+. Overnattingstur og skirenn for Hovdebygda langrenn. Vi planlegg med leige av hytter på Kviltorp camping i Molde og overnatting frå laurdag til søndag. Det vert ei kjekk avslutningshelg. Flott viss mange vert med ! Gje tilbakemelding i kommentar på Facebook viss du vil overnatte, og underteikna bestiller hytter !



Volda inviterer alle frå HIL til å gå Voldameisterskapet på Reset komande søndag.

Postet av Hovdebygda IL den 24. Mar 2017

VOLDAMEISTERSKAPEN LANGRENN

VOLDAMEISTERSKAPEN LANGRENN

Sundag 26. mars kl 1300

Førstkomande sundag 26. mars kl 13:00 er det Voldameisterskap i langrenn.

Voldameisterskapen er for alle, uansett alder. Me ynskjer å samle alle skiløparane i området til ein fin konkurranse og ein triveleg familiedag på Reset.
Da det i vinter diverre har gått bort nokre renn grunna snømangel i distriktet, vel VTI i år å by inn også grannekommunane til VM, som eit ekstra sonerenn.

Voldameisterskapen er for alle, uansett alder.
Born fødde frå og med 2009 (8 års-klassa og under) går omlag 800m utan tidtaking.
9-12-årsklassene går 1,5km. (9-10 åringane har tid i resultatlistene men rangerast ikkje.)
13-14-årsklassene går 2,5km
15-16-årsklassene går 4km
Frå og med 17 år, junior og senior går 8km (kvinner) og 10km (menn)

I år vert Voldameisterskapen langrenn arrangert i klassisk stil.

Kiosk med vafler og pølser med meir høyrer med. (Kort, kontant eller mCash)

Påmelding via epost: skirenn@vti-ski.no Gje opp namn, kjønn, fødselsår og idrettslag. Påmeldingsfrist fredag kl. 20:00

Startkontingent: kr. 100,- (kort, kontant eller mCash) ved nummerutdeling

I VM er det premiering til alle og vandrepokal til beste Voldaløpar i kvinne- og herreklassa.

Rennleiar Jonas Reitan 974 86 156




2. plass til Nathalie Vatne Aa i klasse J13 og Vegard Røyrhus i G19-20 år

Postet av Hovdebygda IL den 19. Mar 2017

Vegard gjekk 20 km skøyting og Nathalie 5 km skøyting. Torvikbukt IL var arrangør i Osmarka sine løyper.



Birken 2017: Hovdebygda IL langrenn har med 3 deltakarar + Bjørkes Dan Børge Saure som trenar i lag med oss.!!

Postet av Hovdebygda IL den 18. Mar 2017

Oppdaterast etter kvart:

Johnny Saure Riise 3,04,44

Dan Børge Saure 3,07,20

Runar Gretland 3,12,30

Pål Røe



Kjekt med skirenn. God innsats av VTI langrenn og skiskyting som fekk til renn med lite snø og mildver.

Postet av Hovdebygda IL den 12. Mar 2017

Hovdebygda IL langrenn stilte med om lag 20 deltakarar på Sonerennet i Volda søndag 12. mars.

Trass i lite snø og mildver vart det eit veldig bra skirenn i fristil.

Resultatliste_sonerenn Volda mars 2017.pdf



Vegard Røyrhus er HIL langrenn sin deltakar under junior NM i Kilbotn ved Harstad.

Postet av Hovdebygda IL den 9. Mar 2017

Vegard har oppnådd ei rekke gode resultat som junior løpar, mellom anna vunne krins cupen for Møre og Romsdal skikrets, Sparebanken Møre cup.

Han skal delta på skøyting individuell fredag. klassisk individuell på laurdag og stafett for M & R skikrets på søndag, før han set seg på flyet tilbake søndag ettermiddag. Lykke til.



Sonerenn på Reset, Volda skisenter 12. mars kl. 13 NB!!! Stilart er fristil.

Postet av Hovdebygda IL den 8. Mar 2017

Stilart vert fristil.

Innbyding Sonerenn Reset 12.3.17.pdf

Det kjem også annonse i Møre og Mørenytt.

Ta kontakt dersom spørsmål.

Mvh

Volda Langrenn og Skiskyting

Bjørn Ole Vassbotn

Tlf. 913 67 454



Skirenn 9. mars på Bondalseidet start og mål ved BARNESKITREKKET!! - SPRINT fristil - 3. rennet i sparebank1-cupen - alle klasser frå 5 år. Startkontigent kr. 50.-

Postet av Hovdebygda IL den 5. Mar 2017

Sparebank1-cupen – 19. januar-torsdag 2. mars+ torsdag 9. mars + torsdag 16. mars + sonerennet torsdag 23. mars. 5 renn totalt.

I samanlagt premieringa tel alle 5 renna. Nedre aldersgrense er 5 år. Vi minner om at alder på skirenn er det året ein fyller i 2017.

Torsdag 9. mars, start kl. 18.30, påmelding i tidtakarbuda VED BARNESKITREKKET seinast kl. 18.00, stilart er skøyting.

Dei som er 5-6 år kan starte når dei får startnummer. Dei som er 7 år og eldre vert med på starten frå kl. 18.30.

Løypekart spb1 cup 09032017.pdf






Rulla løyper til Åmskaret og slodda nedre del av lysløypa på Bondalseidet. . Ørsta skisenter køyrer og spor på Eitrefjell /Nottane.

Postet av Hovdebygda IL den 4. Mar 2017

Førerapport frå laurdag føremiddag: litt hardt i lysløypa. Harde spor, ok for skøyting. Fine forhold på Åmskaret. Ny, tørr snø når kjem litt forbi lysløypa.



Adrian Flote er Hovdebygda IL sin deltakar under Hovedlandsrennet (NM for 15/16 åringar) på Tolga i nord Østerdal

Postet av Hovdebygda IL den 1. Mar 2017

Adrian Flote er vår deltakar under Hovedlandsrennet på Tolga 3. til 5. mars. Nesten 1000 langrennsløparar frå heile landet i klassene 15 og 16 år er samla i Nord Østerdal for å konkurrere i klassisk, fristil og i stafett. HIL ønskjer Adrian lykke til



Skirenn på Bondalseidet torsdag 2. mars - 2. rennet i sparebank1-cupen SKØYTING

Postet av Hovdebygda IL den 27. Feb 2017

Sparebank1-cupen – 19. januar-torsdag 2. mars+ torsdag 9. mars + torsdag 16. mars + sonerennet torsdag 23. mars. 5 renn totalt.

I samanlagt premieringa tel alle 5 renna. Nedre aldersgrense er 5 år. Vi minner om at alder på skirenn er det året ein fyller i 2017.

Torsdag 2. mars, start kl. 18.30, påmelding i tidtakarbuda seinast kl. 18.00, stilart er skøyting.

Dei som er 5-6 år kan starte når dei får startnummer. Dei som er 7 år og eldre vert med på starten frå kl. 18.30.

Vi nyttar 1 km løype for alle dei som skal gå opp til 3 km. Dei som er 15 år og eldre skal gå 5 km løypa.



Årsmøte Hovdebygda IL, hovedstyret.

Postet av Hovdebygda IL den 21. Feb 2017

Sakliste:

1. Val av møteleiar
2. Val av skrivar
3. Val av to representantar til å skrive under protokollen
4. Godkjenning av innkalling
5. Godkjenning av sakliste
6. Godkjenning av årsmelding for 2016
7. Godkjenning av rekneskap for 2016
8. Godkjenning av budsjett for 2017
9. Val av styre, valnemnd, revisorar for 2017
Valnemnda legg fram si innstilling
10. Val av representantar til å representere HIL til Ørsta Idrettsråd sitt årsmøte onsdag 5. april 2017 kl. 19.00 i VD-hallen på Vartdal
11. Utmelding av Norges Friidrettsforbund
12. Prokura
13. Fakturareglar

Eventuelle andre årsmøtesaker må bli meldt til leiar.hil@outlook.com

Caroline Rudi



Endringar for rennet i Stordal laurdag 25. februar

Postet av Hovdebygda IL den 21. Feb 2017

Sparebanken Møre Cup 7 - RENNET ER FLYTTET TIL LANGSÆTRANE/OVERØYE. Stordal IL Langrenn og Liabygda IL har gleda av å invitere til Sparebanken Møre cup (7 - sprint fristil) og sonerenn (fristil). Renndagen er laurdag 25. februar 2017 kl. 12.30 på Langsætrane/Overøye. Start sonerenn, klasse 0-10 år er kl. 12.00. På grunn av lite snø på Stavsengfjellet, må vi flytte rennet til Langsætrane/Overøye. Kjør forbi alpinanlegget på Overøye. Parker etter 2 km på Pusken bru/bom ved enden av lysløypa. Parker på høyre side. P-automat. Gå over brua, 300 m til Startområdet. PS. Det er ikke varmestue eller toalett på rennområdet (toalett ved alpinanlegget). Påmeldingsfrist torsdag 23.2.

NB!! Innbyding SBM Cup 7-Sprint fristil 25.2.2017.pdf



Skirenn/overnattingstur i vinterferien 25.02-26.02

Postet av Hovdebygda IL den 19. Feb 2017


HIL langrenn inviterer til langrennshelg.

Skirenn/overnattingstur i vinterferien 25.02-26.02. Laurdag skøytesprint i Stordal, søndag skøyting / duathlon for dei eldste i Valldal. Overnatting i 5-manns og / eller 7-mannshytter i Valldal sentrum. Flott viss dei som ønsker å overnatte, og kan gje eit svar allereie no, skriv ein kommentar til dette innlegget. Utifrå tilbakemeldingane kan eg bestille hytter i god tid !

Hans Olav Sætre ber om tilbakemelding på Facebook, snarast!!

Innbyding til renna i Stordal/Liabygda og Valldal



Nathalie Vatne Aa deltok i Ungdomsstafetten for 13 og 14 åringar i Holmenkollen.

Postet av Hovdebygda IL den 19. Feb 2017

Nathalie med Holmenkollen i bakgrunnen. Totalt deltok 760 ungdommar frå heile landet.



Årsmøte og nytt styre i Hovdebygda IL langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 13. Feb 2017

Mandag 13. februar vart det halde årsmøte.

Rune Røyrhus las årsmeldinga som viste serdeles høg aktivitet.

Årsmelding HIL langrenn 2016

Bjørnar Øye som er kasserar la fram eit rekneskap med eit overskot for 2016 på om lag 29 000.- Han kunne vise til at laget har gode sponsorar og at økonomien er god.

Guttorm Øye som styremedlem og Rune Røyrhus som leiar takka av etter mange år i Hovdebygda IL langrenn.

Ny leiar i styret er Dag Jarle Aa

og nytt styremedlem er Arne Thomas Haram.

Styret elles består av Hans Olav Sætre, Runar Gretland, Johnny Riise, Bjørnar Øye og Geir Aamund Hovden.



22 frå Hovdebygda IL langrenn deltok i krinscup rennet i Hornindal

Postet av Hovdebygda IL den 12. Feb 2017

Resultatliste frå SparebankenMøre cup i Horningdal

Sunnylvsrennet vart arrangert av Sunnylven IL i løypene til Horningdal.




Johnny Saure Riise nr. 3 i Tverrfjelldilten. 40 km klassisk i Stryn

Postet av Hovdebygda IL den 11. Feb 2017

Resultatliste Tverrfjelldilten

Johnny Saure Riise nr. 3, vinnar av klasse 40-45. Runar Gretland nr. 2 i klasse 35-39. Pål Røe nr. 5 i klasse 45-49.



Veldig bra dag for Hovdebygda IL langrenn i barne og ungdomsklassene i Tverrfjelldilten

Postet av Hovdebygda IL den 11. Feb 2017

Adrian etter å ha vunne 10 km i klasse 15-16 år.

Resultatliste Tverrfjelldilten

Håvard Sætre klar til start i eit stort felt med 13-14 åringar som skulle gå 5 km klassisk.

Nathalie Vatne Aa klar til start i klasse 13-14 år og 5km klassisk

Marius Saure Riise i 3 km løypa. Flott innsats

Luckas Loe Selbervik er klar i startfeltet for klasse 11-12 år og 3 km klassisk

Jørgen Gretland er klar i startfeltet klasse 11-12 år , 3 km klassisk




SISTE: 22 frå Hovdebygda IL langrenn er påmeldt til fristil rennet som Sunnylven IL arrangerer i Hornindal. Ver merksam på endringar i terminlista komande helg!

Postet av Hovdebygda IL den 5. Feb 2017

Det blir renn-helg i langrenn komande helg, men ikkje som det står i terminlista.

Sunnylven IL`s SBM cup i langrenn, vert flytta til Hornindal og arrangert søndag.

Innbyding til SparebankenMøre cup vert arrangert i Horningdal på søndag

Renninformasjon for Sunnylvsrennet og oversikt over påmelde

--------------------------------------

Laurdag vert vi invitert til Sogn og Fjordane skikrins sitt kretsrenn (klassisk) i langrenn og seedingsrenn til Birken, på Ullsheim, Markane - Stryn.

Hyesprinten i klassisk er flytta til Ullsheim.

Innbyding til Tverrfjelldilten. Også seedingsrenn til Birken

-------------------------------------

Det oppsette SBM cuprenn i Tomrefjorden vert utsett/ avlyst.




Årsmøte i Hovdebygda IL Langrenn mandag 13. februar kl. 19.00 på klubbhuset.

Postet av Hovdebygda IL den 31. Jan 2017


Saker:
-Årsmelding
-Rekneskap/ budsjett
-Valg av styre...
-Eventuelt, meldast til Rune Røyrhus på e- post:
rune.roy@online innan 10. februar
Vel møtt til alle

Styret



Flott gjennomført veke av HIL langrenn. SISTE: Rennet på Ullsheim med resultatliste og bilder.

Postet av Hovdebygda IL den 30. Jan 2017

Simen Vatne Haram til ein svært bra delt 5. plass på Ullsheim

Luckas Loe Selbervik på veg opp den bratte bakken mot målområdet i 2 km løypa og delt 5. plass med lagkamerat Simen Vatne Haram.

To blide gutar med premiar etter rennet på Ullsheim. Gratulerer.

Trass i umoglege langrennsforhold på Bondalseidet, vart det ei veldig bra veke med barmarktrening tysdag, ondsdagstreninga, treningsrenn i skøyting torsdag og så til slutt skirenn på Ullsheim laurdag.

-----------------------

HIL langrenn deltok med 16 langrennsløparar i SSF Cup Kleivanerennet. Rennet vart arrangert på Ullsheim laurdag 4. februar i klassisk stil.

Av serdeles bra resultat må vi nemne:

G12 vart det ein 2. plass til Jørgen Gretland, delt 5. plass til Simen Vatne Haram og Lucas Loe Selbervik, berre 1 sek. frå 4. plass. (litt feil i resultatlista)

G16 vart det 2. plass til Adrian Flote.

Menn senior vart det 1. plass til Johnny Riise.

Elles veldig flott innsats av alle.

Resultat: Resultat frå klassisk rennet på Ullsheim


-------------------------------------------------------------------------------------------

På grunn av mangel på skiløyper på Bondalseidet vert det endringar i treningsplanen også komande veke. Følg med kvar dag på Facebook...



Snøen som nesten forsvant. Vi måtte avlyse KM og sparbank1 cup. Men vi har alternativ dei neraste vekene om det ikkje kjem ny snø. på Bondalseidet!!

Postet av Hovdebygda IL den 28. Jan 2017

Alternativa vi har nerast er:

Horningdal skisenter. Lysløypa har vore fin å trene i, men litt trangt om plassen tysdagar og torsdagar. Klassisk løypa rundt Grendadalen har vore litt isete. Sjekk Facebook side.

Ullsheim/Turløyper Stryn. Alle løyper vert fresa kvar dag for skøyting. Klassisk sporet er fast og fint, men isete. Rikeleg med snø. Sjekk Facebook.



AVLYST!!!! KM fristil langdistanse søndag 29. januar på Bondalseidet langrennstadion. Med innlagt renn for dei som er 5-12 år. Husk påmeldingsfristen.

Postet av Hovdebygda IL den 23. Jan 2017

AVLYST!! 11 grader og kraftig vind i dag tok knekken på mykje av snøen i langrennsløypene på Bondalseidet. Vi prøvde å flytte rennet høgare opp i løypenettet, men det var ikkje nok.

Innbyding KM 2017_03012017.pdf



Stor HIL tropp på nermare 30, reiser til Osmarka og Vistdal for deltaking i sparebanenMøre cup.

Postet av Hovdebygda IL den 20. Jan 2017

Arkivbilde frå Bjorli før jul 2016.

Hovdebygda IL langrenn sine langrennsløparar skal delta i SparebankenMøre cup laurdag 21. og søndag 22. januar.

Dette vert også ein overnattingstur og sosialt opplegg for familiane. Vi kjem tilbake til meir om skirenna etterkvart.

Osmarkrennet

Vistdalsrennet




Torsdag 19. januar - 1. rennet i Sparebank1-cupen, frå 5 år til senior. No: Resultatliste.

Postet av Hovdebygda IL den 15. Jan 2017

2 varmegrader og lett regn under Sparebank1-cup rennet i kveld. Mange var nok overraska over kor bra løypene var etter mykje regn. Ikkje minst var det god gli i snøen.

Kjekt å sjå godt frammøte, godt nivå på skøytinga. Neste gong må enno fleire delta.

På resultatlista følgjer vi dei nye reglane til Norges skiforbund. Og ikkje legg ut på nett tidene for dei under 11 år. Neste lokale skirenn er laurdag 28. januar i Volda og vårt eige renn søndag 29. januar.

Sparebank1-cupen 2017, arr. Hovdebygda il

– torsdag 19. januar, fristil.

- søndag 29. januar, fristil, innlagt KM for 13+, premiering

- torsdag 16. februar , klassisk

– torsdag 9. mars, fristil

- torsdag 23. mars, frsitil, innlagt sonerenn, premiering.

5 renn totalt. I samanlagt premieringa tel alle 5 renna.

Nedre aldersgrense er 5 år.

Vi minner om at alder på skirenn er det året ein fyller i 2017.

Løypekart spb1_cup 19012017.pdf

Resultat 19012017.pdf







Kontakt oss.

Postet av Hovdebygda IL den 12. Jan 2017

Alle henv. gjennom fanen Kontakt oss vert svart på same dagen av web ansv. eller sendt vidare til rette vedkomande.

Du kan også nå tak i oss ved å klikke på fanen Klubbinfo og adresser, der er både e-post adresser og telefon nummer.



Skirenn helga 7. og 8. januar

Postet av Hovdebygda IL den 2. Jan 2017


Innbyding til skirenn på Ullsheim:

Ullsrennet

Innbyding til skirenn på Molde

Nyttårsrennet

Husk påmelding via MinIdrett.

Har du problem med å melde på. Ta kontakt med trenarane.