SpareBank1 Cup/trimrenn - tysdag 8. april, siste rennet med premieutdeling. VI SPRING FOR SYVER!

Postet av Guttorm Øye den 26. Mar 2025

Hovdebygda Langrenn ønsker med dette alle velkommen til løp og premieutdeling på Bondalseidet tirsdag 8.april kl.18:00.

Pga snømangel vert årets siste arrangement ikkje på ski, men løp på beina.

VI SPRING FOR SYVER!
Akkurat no pågår det ein Spleis-aksjon for barnedemens med Syver Blindheim i hovudrolla. Dette inneber at mange vert utfordra til å springe og samle inn pengar til aksjonen. Dette ønsker vi å delta på også!!

Det vil sei at vi ikkje tek startkontigent for dette løpet, men oppfordrar alle til vippse valfritt beløp til vårt VIPPS nummer: 119029. Alt som kjem vil bli overført til Spleisaksjonen etter løpet.

Premiering
Alle får premie!
I utgangspunktet skulle vi arrangere 6 renn, men pga lite snø i vinter blei det berre 3 + dette siste løpet. Dette inneber litt mindre størrelse på pokalen. Alle som har gått 2 eller fleire renn får lik pokal, medan dei som har deltatt på 1 renn får medalje.

NB!
Alle som har fått utdelt startnummer må ta med seg dette og levere det inn etter løpet.

Spørsmål?
Ta kontakt med Bjørnar Øye
Mob. 90780306
Mail. bjornar.oye@gmail.com

Vel møt alle saman til ein flott kveld der VI SKAL springe for ei viktig sak og alle born får sine velfortjente premiar.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.