Aktivitetsdag 14. september: Hovedbygda stadion
Postet av Guttorm Øye den 26. Aug 2024
Arrangement av Hovdebygda IL langrenn
Varighet: 3 t
Hovdebygda il langrenn ønsker å invitere til aktvitetsdag den 14.september. I fjor deltok omlag 90 deltakarar, vi håper på like mange i år Aktivitetane vil foregå i området i og rundt Hovdebygda il sin fotball stadion. Dette tilbodet er for born frå 4 til 12 år (født 2020- t.o.m. 2012), og arrangementet er GRATIS.Borna vil bli inndelt i ulike grupper ut i frå alder, og aktivtet tilpassa deretter. For dei yngste borna blir det leik av ulik slag. For dei eldre vil det vere stafettar, balanse/koordinasjonsøvingar, hurtigheit og uthaldenheitsøvingar. Her vil variasjon, aktivitet, leik, meistring og sosialt samvær stå i fokus Alle born får medalje etter løpet.PROGRAM for dagen:Oppmøte: Kl.10.30: registrering og inndeling i grupper.
Første aktivitet/økt: kl 11-12. Vi bruker fotballbanene som base for barmarkstrening. For dei som vil delta på rulleski, vil dette foregå på Statens vegvesen sitt område, nedanfor HIL sin fotball stadion.
Lunsj: kl 12-13. Enkel brødmat til alle! Servering foregår på klubbhuset.
Andre aktivitet/økt: frå kl. 13 og utover: Løp. Ei rundløype som borna kan springe så mange gongar dei vil. Etter løpet blir det anledning til å prøve rulleski for dei som vil. Ein må ha med skisko, hjelm og stavar sjølv.PÅMELDING via denne linken:https://docs.google.com/.../1u83LIC8PyzQ5m5CP4nlHrzm.../editPÅMELDINGSFRIST: onsdag 11.septemberVi håper dette blir ein bra dag, for store og små!Spørsmål?
Kontakt Ingvild Øye, tlf: 90550007 eller ingvild_oye@hotmail.com
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Guttorm Øye
Bli med på Hovdebygda BASIS1
19.08.2024
Bli med på Hovdebygda BASIS2
01.08.2024
Årsmøte Hovdebygda Il Langrenn 2024
29.02.2024