Sparebank1-cup/trimrenna startar 10. Januar

Postet av Guttorm Øye den 2. Jan 2023


Hovdebygda Langrenn ønsker hermed alle velkomen til årets første SpareBank1 Cup/trimrenn. Vi har planlagt 6 renn totalt. Og renna vil bli arrangert kvar tysdag framover (dersom vi har snø). Alle får premie, og premiering vil bli på siste rennet.
Startnummer
Kvart born får utdelt sitt startnummer på første rennet. Ein får med dette heim og skal bruk same startnummer på alle renna. På siste rennet må ein levere inn startnummeret.
Tidspunkt
Påmelding frå kl.18:00-19:00.
Alle får utdelt startnummer i Gapahuken.
Pris: 50 kr pr. born (berre Vipps). Vipps nr. 119029.
Stad: langrennsstadion på Bondalseidet (nedanfor sporskapellet). Følg skilting frå parkeringsplassen.
Toalett: varmestova til Ørsta skisenter.

Spørsmål?
Ta kontakt med Bjørnar Øye
mob. 90780306. 

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.