Vekas skidestinasjon: Åmskaret
Postet av Guttorm Øye den 16. Mar 2022
Løypa til Åmskaret er ca. 9,5 km tur-retur. Ved turmålet får du ei fin utsikt over Ørsta og fjorden utover, saman med dei mektige fjella som omkransar bygda.
Det er gode snøforhold og som oftast er det mogleg å gå på ski ut april. Ved gode snøvintrar kan det vere spor heilt til 17. mai.
Rundløypa med lys er 5 km, der turposten ligg omlag 2,5 km frå parkeringsplassen ved Ørsta Skisenter. Etter 1,5 km er der ein privat gapahuk som er lov å nytte.
Stikk UT!-postar i området er Åmskaret og Vielvbrua, samt Gapahuken på langrennsstadion Bondalseidet.
Løypene til Åmskaret er drive av Ørsta Skisenter i samarbeid med langrennsgruppene i Hovdebygda og Ørsta.
Det er løypemannskapet på Ørsta Skisenter som trakkar løypene. Dette er: Ola Valset, Ingebrigt Hole Tafjord, Kristoffer Aambakk og Odd Rune Walseth.
Varmestova på Ørsta Skisenter er open på kveld tysdag, onsdag og torsdag, samt i helgene. Der er det sal av vaflar, kaffe og andre varme smårettar.
Kvar tysdag vert det arrangert barnerenn i regi av Hovdebygda IL.
Alle foto: Gunnar Knutsen.
Sjå også: https://www.stikkut.no/nyheter/ukas-skitur
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.