Ny variert 5 km medan tømmertransporten føregår

Postet av Guttorm Øye den 22. Jan 2021

Tips til ny treningsløype medan uttak av tømmer pågår i Åmskarkrysset.  Her får du ein god, variert 5 kilometer 😊
1. Renn ned på stadion men gå opp "ny trase" forbi sportskapellet. 
2. Renn ned på stadion og gå "normal ruta" rundt stadion og opp igjen. 
3. Når du kjem til Stikk-ut posten etter Trafo-stasjonen: Ta opp "ny trase" til høgre. (NB! Denne delen manglar lys i eit kort parti)
4. Følg lysløypa tilbake normalvegen mot skisenteret. 
Det går framleis an å gå den gamle 5 kilometeren i lysløypa eller til Åmskaret, men ver OBS på tømmertransport/ arbeid på dagtid og parti med lite/ ingen snø i områda rundt Åmskarkrysset.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.