Ein lang og fin skisesong er nesten over. Framleis snø i fjella , men langrennsesongen er på hell.
Postet av Guttorm Øye den 27. Apr 2020
Langrennsesongen starta på ski 20. november og no må ein vel kunne seie at det har vore ein lang sesong etter 5 månadar. Nokre perioder var føret og snømengda veldig dårleg, men alt i alt, så har vel alle fått gått nok på ski om ein har nytta muligheitene i lysløypa på Bondalseidet og Åmskarløypa. For dei aktive konkurranseløparane så var januar og februar utfordrande med for dårlege forhold og mykje køyring til Horningdal og Ullsheim.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.