DUGNAD PÅ BONDALSEIDET LAURDAG 23.10. REPERASJON AV BRU M.M.

Postet av Guttorm Øye den 20. Okt 2021

Vi treng 2-3 stk. til. Meld frå i kommentarfeltet viss du kan stille 🙂 og kva utstyr du tek med!
PLAN:
Daniel og Hans Olav møter kl 09 + 2-3 stk. til.
Vi tek av dekke og bestiller nødvendig materiale før kl 09.30. Runar og Jørgen frakter fram materiale med traktor og hengar.
2 stk. køyrer til stadion og sager opp 2-3 telefonstolper i rett lengde, som Runar hentar etterpå. Hans Olav har leigd minigravar og i lag med Daniel m.fl gjer vi klart til å legge ekstra stolpar på plass og fjerne steinar.....
Deretter skal vi sage og skrue fast nytt dekke på brua. I tillegg skal Hans Olav fordele veggrus på begge sider av Åmskarbrua med gravemaskina.
Runar tek med restane av gamlebrua til VØR.
Oppmøte i nærheita av Åmskarbrua. Køyr opp Brunevegen.
Ta med: Batteridrill med bits, jernrive, grafse, spett, stor matpakke og drikke. Runar tek med motorsag og eg tek med motorsaga til langrennsgruppa.

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline