Renn nr. 5 - Tysdag 16. Februar - Sparebank1cup/Trimrenn

Postet av Guttorm Øye den 15. Feb 2021

HIL langrenn ønsker hermed velkomen til renn nr.5 i SpareBank 1 Cup/trimrenn. Det er vinterens nest siste skirenn. Tidspunkt: tysdag 16.februar, kl.18:00. Stad: Bondalseidet (langrennstadion). Pris: 50kr pr. born. Vippsnr. 119029. Tidtaking Det blir ikkje tidtaking på dette rennet. Du/dokke som har delteke Alle som deltok på dei fire fyrsta renna og har fått utdelt startnummer må hugse å ta med dette! Dei treng heller ikkje å melde seg, men må hugse å betale startkontigent. Du/dokke som deltek fyrste gong Alle nye må melde seg på i gapahuken, der får ein også startnummer som borna får med heim og må ta med på det siste rennet. Covid-19 - viktig info! - NYE endringar i smittevern-retningslinjene gjer at born utanfor Ørsta kommune dessverre ikkje får delta. Dette er vi veldig lei for, og blir det endring i reglane seinare vil vi åpne for alle igjen. - Alle må halde god avstand før, under og etter rennet. - Alle føresette må registrere seg elektronisk når dei kjem til stadion (vi set opp plakatar med QR kode). - For å unngå for mange til stades bør ein berre stille med 1 føresett pr. born. - Påmelding/betaling - berre Vipps og ikkje cash. Vipps nr. 119029. Spørsmål? Ta kontakt med Bjørnar Øye mob. 90780306


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline