Mykje å vere med på i sommar.

Postet av Guttorm Øye den 24. Jun 2015

oppdatert: 04.08.2015


Dei fleste av HIL sine langrennsløparar er med på fotball og friidrett. Meir om desse idrettane finn du på Ørsta IL, Hovdebygda IL og IL Hødd sine heimesider.

Kvar onsdag er det "Onsdagstreninga". Møt fram ved Hovden møbel kl. 19. Dette er god kom i form trening og passar for dei som er 15 år+. Bjørnar er fast trenar.

Hovdebygda IL langrenn har ikkje fellestreningar for dei under 15 år om sommaren. Onsdag 12. august vert det arrangert ei fellestrening på rulleski ved Bygg1. Ingvild og Vegard vert med som trenarar.
Faste treningar for den eldste treningsgruppa startar i september
og for dei to yngste treningsgruppene vert det fellestreningar etter haustferien.
Hovdebygda langrenn oppmodar alle om å delta på andre idrettar sommarstida. Vi har veldig tru på at det er viktig å trene variert.

Ingvild Øye har vore på treningssamling i Livigno, Italia frå 12. til 22 juli. Ho melder om veldig bra treningsdagar i Livigno og omland. Ingvild kjem tilbake med eit reisebrev med bilder.

Frå 3. august kan du låne rulleski igjen. Dette gjeld alle til og med 14 år. Ta kontakt med Dag Jarle Aa 971 85183 eller Guttorm Øye 907 50535. Dette er berre for medlemar eller dei som vil verte medlemar.

Vil du vere med på o-løp, så vert det arrangert nye løp i nær o-løp karusellen, neste løp:
Torsdag 13. aug - IL Veten (Ikkje bestemt kvar)
Torsdag 20. aug - Markane IL (Tverrfjellet/Tonningsetra?)
Torsdag 27. aug - IL Veten (Roset)
sjekk for meir info eller ta kontak med Dag Jarle Aa http://veten.info/index.php?f=08050124&mid=010303&...

Torsdag 20. til laurdag 22. august er det Toppidrettsveka som startar på Aure og avsluttar i Trondheim. Største idrettshendinga i midt Norge i sommar, med truleg 30 000 tilskuarar berre på siste dagen og direkte overføring i NRK TV. Skal du kjøpe tribunebillett på Trondheim torg må du vere kjapp. Deltakar frå Hovdebygda IL vert, Ingvild Øye i seniorklassa.

Laurdag 22. august er det klart for 100 års feiring i Hovdebygda IL, med aktivitetsdag. Dette vert iformert meir om både her på denne sida og i Møre nytt.

Løparane vår, Adrian Flote og John Olav Hofesth Hatløy, på Storfjord langrenn har gjort unna 1. samlinga i Tomrefjord og løparane vår på kretslaget, Vegard Røyrhus og Åsmund Brunstad Øyehaug, er alt ferdig med 2 samlingar. Den siste samlinga var på Sognefjellet. I augsut er det nye samlingar for desse veldig aktive løparane våre.

Under Klubbinfo vil du sjå kven som er trenarar og med i styret.






Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.