SBM og KM klassisk går etter planen

Postet av Guttorm Øye den 25. Des 2020

KM klassisk 27.12 går som planlagt på Bondalseidet ved Ørsta skisenter. Det har heldigvis kome ein del snø dei siste dagane og per no har vi brukbare forhold. Startlister vert lagt ut i løpet av morgondagen (påmeldinga er no stengt og det er dessverre ikkje mogeleg med etterpåmeldingar grunna koronareglementet). Vi minner om fluorforbodet for 16 år og yngre og oppmodar om fluorfritt arrangement også for dei eldste klassene. Ber også om at alle les gjennom infoskrivet til løparar og støttepersonell som låg ved i tidlegare innlegg. Viktig at alle som er sjuke/ forkjøla ikkje møter jmf koronareglementet (gjeld både løparar og støttepersonell). Vel møtt!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.