DUGNAD laurdag 24.10.2020 - OPPDATERT INFORMASJON

Postet av Guttorm Øye den 23. Okt 2020

DUGNAD OPPDATERT INFORMASJON
Omlag 10 stk. har gitt beskjed om at dei kjem med motorsag. Målet er å rydde under straumkablane i øvre del av lysløypa. Oppmøte ved gapahuken kl 09 der vi legg ein plan og fordeler oss. Det optimale er vel at 2 og 2 er ilag. Ein har motorsag og ein rydder. Veldig viktig at greinene vert lagt i fine haugar og vedstokkane for seg rett utanfor løypa. Byggedugnaden vert utsatt fordi levering av byggematerialer vart forsinka. Bilde frå i dag. Litt snø, men gode forhold for dugnad. Vi vil registrere deltakarar og tlf. nr med tanke på ev. smitteoppsporing i ettertid. Vel møtt

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.