4 kjekke og gode dagar med orientering for familein Vatne Aa.

Postet av Hovdebygda IL den 14. Jul 2016

Nathalie Vatne Aa etter løpet på Emblemsfjellet

Familien Vatne Aa er både flinke og ivrige orienteringsløparar. I mangel på lokal orienteringsklubb deltek dei for Sogndal Il, der Dag Jarle Aa kjem frå.

Onsdag 13. juli, torsdag 14, laurdag 16. og søndag 17. julia deltok dei i Fjord-O. Løpa vart arrangert av Veten Il i terrenget i og omkring Nordfjord fritidssenter og av Emblem Il på Emblemsfjellet.

Vi registrerte at Mia Vatne Aa, Nathalie Vatne Aa og Dag Jarle Aa alle 4 dagane.

Om lag 600 løparar frå over 100 idrettslag og mange land deltok.

Vi må nemne at faren Dag Jarle Aa vart nr. 1 samanlagt etter 4 dagar i klasse H-35, Nathalie Vatne Aa vart nr.3 samanlagt i klasse D-11-12 og Mia Vatne Aa nr. 8 i klasse D-10.

Resultat får du ved å klikke på lenkja: Resultat


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.