Krins Meisterskap med innlagt renn for alle frå 5 år, laurdag 23. januar på Ørsta skisenter. Tel med i lokal Sparebank1-cup.

Postet av Hovdebygda IL den 18. Jan 2016

Denne Hovdebygda IL gjengen ønskjer alle langrennsløparar, foreldre og støttepparat velkomen til Bondalseidet langrennstadion, Ørsta skisenter.

Laurdag 23. januar skal vi arrangere Krins Meisterskap med innlagt langrenn også for dei yngste frå 5 år. Dette rennet tel med i den lokale Sparebank1-cupen.

Informasjon om KM-rennet laurdag 23. januar: Informasjon om rennet og påmelding

Påmelding:

Påemlding i www.minidrett.no er no stengt.

HIL- dekker startkontigenten for alle HIL-langrennsløparane som deltek på laurdag

Etterpåmelding: olve.oyehaug@gmail.com

Seinast fredag 22. januar kl. 18, etter det , vert det ikkje mogeleg å melde på, og startlister vert lagt ut om lag kl. 20.

Startkontingent:

5- 10 år: 100,- kr.

11-16 år: 100,- kr

17-20 år: 115,- kr

Senior: 130,- kr

Førehandsbetaling eller lagvis fakturering etter rennet.

Konto: 3992.40.13579

N.B. vi brukar Emit tidtakarsystem, dei som har egen brikke brukar den, andre leiger brikke med oss. Brikkeleige kr. 20,-

Overnatting: Hotell Ivar Aasen, Sagafjord Hotel, Ørsta Camping, Brudavoll Gard, Naturferie, Nipe Hyttene, Rjånes Rorbuer.

Rennkontor: Langrennsstadion på Bondalseidet langrennstadion, følg skilting og kart som vert lagt ut på heimesida vår.

Dusj / Garderobe: WC og garderobe i sportskapellet, gangrås frå langrennstadion, WC også i varmestova ved parkering/skiheisa.

Premieutdeling: 7- 10 år ved målgang

11 år og eldre etter alle er komne i mål og protestfrist er gått ut

Premieutdeling på stadion

Teknisk delegert: Einar Hoel

Rennleiar: Guttorm Øye, 907 50 535

"Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til Krins Meisterskap med innlagt landsrenn og renn også for alle frå 5-12 år.".

Med helsing



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.