AKTIVITETSDAG 4.september- ved Hovdebygda fotballstadion - Langemyra 7.

Postet av Guttorm Øye den 5. Aug 2022

Hovdebygda il langrenn ønsker å invitere til aktivitetsdag den 4. september ! Aktivitetane vil foregå i området i og rundt Hovdebygda il sin fotball stadion. 

Dette tilbodet er for born frå 4 til 14 år (født 2018- t.o.m. 2008), og arrangementet er GRATIS. 

Borna vil bli inndelt i ulike grupper ut i frå alder, og aktiviteten blir tilpassa deretter. For dei yngre borna blir det leik og hinderløype av ulike slag. For dei eldre vil det vere stafettar, balanse/koordinasjonsøvelsar, hurtigheit og utholdenheits øvelsar. Her vil variasjon, aktivitet, leik, meistring og sosialt samvær stå i fokus 🙂 

Alle born får utdelt T-skjorte med aktivitetsdag logo på, og medalje etter løpet. 

PROGRAM for dagen:

Oppmøte 10.30: Inndeling i grupper, utdeling av t-skjorter

Første aktivitet/økt frå kl 11-12. Vi bruker fotballbanene som base for barmarkstrening. For dei som vil delta på rulleski, vil dette bli på Statens vegvesen sitt området, nedanfor HIL sin fotball stadion. 

Lunsj: 12-13. Blir servert på klubbhuset. Enkel brødmat til alle.

Andre aktivitet/økt frå kl 13 og utover: Løp. Ei rundløype som borna kan springe så mange ganger dei vil. Dei eldre kan velge om dei vil springe på tid. 

Etter løpet blir det anledning til å prøve rulleski for dei som vil. Ein må sjølv ta med skisko, hjelm og stavar. 

PÅMELDING via denne linken: 

https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSehU2wQvCTYwMleDS0XZfzL31sKjHih2ZISTda8Olnxjp9yJQ/viewform?usp=sf_link

PÅMELDINGSFRIST: søndag 28.august. 

Vi håper dette blir ein kjekk dag for store og små! 

Spørsmål? 

Kontakt Ingvild Øye, tlf: 90550007, eller ingvild_oye@hotmail.com


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.