SpareBank1 Cup nr.4 og premieutdeling

Postet av Guttorm Øye den 16. Nov 2020

Hei alle!
I mars måtte vi dessverre avlyse siste skirennet i SpareBank1 Cup pga Covid-19, og mange born har ikkje fått sine vel fortente premiar.
Difor arrangerar vi det siste rennet som eit veldig enkelt løp på Ørsta Stadion tysdag 17.nov. Og då vert det også premieutdeling!!
Tid: 17:30-19:00.
Stad: Ørsta Stadion.
Pris: 50kr pr. born. 
Organisering
Pga smittevern vert det ikkje brukt startnummer eller delt ut saft og det er ikkje tidtaking. Det vert løpande premiutdeling, dvs. at borna får premiane sine med ein gong dei er ferdige. 
Smittevern
- Alle born og foreldre må vere 100% friske for å møte opp.
- Alle føresette må notere namn og telefonnummer før ein går inn på løpebana.
- Vi set opp 2 vaskestasjonar ved inngang og utgang til bana.
- Alle må halde minst 1m avstand til kvarandre.
- For å unngå at mange er samla på stadion samtidig, vil det vere muleg å møte opp og delta i tidsrommet 17:30-19:00. 
Dei som evt. ikkje ønsker å delta, men vil ha premien sin, kan møte opp å motta premie likevel. 
NB! Dei som berre deltek på dette løpet får også premie. 
Spørsmål rettast til
Bjørnar Øye mob. 90780306

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.