Storfjordlangrenn 2018-2019.

Postet av Hovdebygda IL den 13. Mai 2018

Arkivbilde

HIL langrenn skal melde inn aktuelle kandidatar til Storfjordangrenn innan 20.mai.

Storfjordlangrenn er eit treningssamarbeid for klubbane sør for Romsdalsfjorden for løparar mellom 13-16 år. I fjor deltok Emilie, Håvard, Jørgen og Nathalie frå Hil. I år er det planlagt 6 samlingar:

...

- 25.-27 mai: Stordal - 17.-19 august: Ullsheim - 7.-9 sept.: Valldal - 5.-7. oktober: Stordal (open for alle) - 15.-18 november: Dombås (ski) - 13.-16 desember: Bjorli (ski)

Det blir også høve til å signere hospiteringskonttakt der ein får delta på samlinga i Valldal + ei valfri snøsamling. (+ 5-7 okt i Stordal som er open for alle)

Kontingent for å bli med er på kr 7000,- pr løparar. Hil langrenn dekker halvparten av denne for sine løparar.

Alle frå Hil som kan tenke seg å bli med komande sesong må melde frå til meg på dagjarlea@yahoo.no INNAN 16. MAI så melder eg inn løparar til styret i Storfjordlangrenn. Dei gjer så eit uttak det uttatte løparar får tilsendt ei kontrakt som må signerast av løparane, foreldre og klubbleiar (meg).

Om du ønskjer meir info, ta kontakt med meg eller Runar Gretland!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.