54 born deltok på Aktivitetsdagen.

Postet av Guttorm Øye den 10. Sep 2022


54 born + 9 trenarar + støtteapparat + foreldre 

For en kjekke aktivitetsdag det vart.

Det var 54 born som deltok på aktivitetsdagen i regi av Hovdebygda IL langrenn. Første økta vart borna delt i 4 grupper (3 barmark og 1 på rulleski) med 1 time intensiv aktivitet. Deretter var det lunsj. Etter lunsj var det løp på programmet. Ei god runde rundt nye fotballbana, klubbhuset og til slutt over gamle bana og i mål.
Medalje til alle for strålande innsats,  og til slutt var det fleire som prøvde rulleski for første gong. Ein svært kjekke dag for store og små.
Alle som deltok fekk utdelt t-skjorte og medalje.
Arrangementet var gratis for alle borna, sponsa av Hovdebygda il langrenn og Sparebank1 Søre Sunnmøre. 
9 trenarar og støtteapparat stod bak arrangementet leia av Ingvild Øye.
Dette var starten på ein ny sesong for Hovdebygda IL langrenn med felles aktivitetar nesten kvar dag og rekord påmelding.

Hovdebygda il langrenn.

Bildetekst.
Alle deltakarane i lag med trenarar og foreldre klar til start, om lag 100 i fellesstart og i mål venta det fortent medalje.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.