Tysdag 12. januar - fyrste SpareBank1 Cup/trimrenn

Postet av Guttorm Øye den 11. Jan 2021

IL langrenn ønsker hermed velkomen til årets fyrste SpareBank1 Cup/trimrenn:) Denne vinteren har vi som mål å arrangere seks renn.
Tidspunkt: tysdag 12.jan, kl.18:00.
Stad: Bondalseidet (langrennstadion).
Covid-19 - VIKTIG info!
- Alle må halde minst 1m avstand før, under og etter rennet.
- Alle føresette må registrere seg elektronisk når dei kjem til stadion (vi sett opp plakatar med QR kode).
- For å unngå for mange til stades, ser vi helst at kvar husstand berre møter opp med 1 føresett pr. born.
- Vi får dessverre ikkje dele ut saft.
- Påmelding/betaling - berre Vipps og ikkje cash.
- Det er ikkje tidtaking.
- Alle born får utdelt startnummer på dette rennet og det skal brukast på dei neste fem renna.
Påmelding og startnummer
Påmelding skjer ved gapahuken og borna får utdelt startnummer ved påmelding.
50 kr pr. born.
Spørsmål?
Ta kontakt med Bjørnar Øye mob. 90780306

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.