Dugnadar på Bondalseidet, langrennstadion i veke 38 og 39, frå den 19. september.

Postet av Hovdebygda IL den 13. Sep 2016

Hovdebygda IL langrenn skal bygge ein Gapahuk. Arbeidet vert starta i september. Det vert benkar langs veggane. Her kan ein henge inn sekk og kleder under trening. Vi kan bruke den under samling og sosial aktivitet. Gapahuken kan vere kiosk under skirenn.

Garasjen/smørebuda og tidtakarhuset skal beisast.

Det skal ryddast skog og kratt rundt bygningane og gangrås opp til Sportskapellet.

Det skal leggast duk og grusast ved vendinga i 1 km løypa.

Geir Aamund Hovden har sett opp plan for arbeidet, oppgåver er fordelt og arbeidet skal utførast i veke 38 og 39.

Sjekk vedlegget for kva job du er tildelt.

dugnadsliste_haust2016.pdf


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.