Skirenn nr. 2 - Sparebank1-cup - torsdag 25. januar på Bondalseidet. Alle kan delta i alle aldrar. NYTT: kan melde seg på "open klasse utan tidtaking". Sjå teksta.

Postet av Hovdebygda IL den 1. Jan 2018

Sparebank1-cupen – torsdag 11. januar + torsdag 25. januar + torsdag 15. februar + søndag 4. mars + torsdag 22. mars.    5 renn totalt.   Stad: Langrennstadion på Bondalseidet.

I samanlagt premieringa tel alle 5 renna.  Vi minner om at alder på skirenn er det året ein fyller i 2018.


Stilart: Klassisk.

NYTT:    På dette rennet blir det og mogeleg å gå i "open klasse utan tidtaking". Du kan då ta tida sjølv og samanlikne deg med dei som går på tid om du vil. Minner om at raskaste veg til stadion er å gå ned til Sportskapellet og sti der i frå rett ned på stadion. Vel møtt gamle og nye! (Må delta i minst 4 renn for å få største premie så framleis mogeleg å få denne sjølv om du ikkje fekk med deg første renn)

 

Påmelding kl. 17.30 til 18.00  i Tidtakarbuda på langrennstadion.

Dei som er 7 år og under startar kl. 18.15 (kort og lett løype, passar godt for ein nybegynnar) 

Dei som er 7 år og eldre vert med på starten frå kl. 18.30. (løype etter alder) 

Vi nyttar 1 km løype for alle dei som skal gå opp til 3 km. Dei som er 15 år og eldre skal gå 5 km løypa.

Startkontigent kr. 50 pr. renn. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.