HIL langrenn kjem til å ha nokre treningar /fjellturar o.l av og til for dei som har lyst utover sommaren

Postet av Hovdebygda IL den 4. Jun 2017

Arkivbilde frå Stordal samlinga 2016

12-13 år (05/04): Det blir ikkje oppstart av faste treningar før etter sommarferien. Kjem då med info om treningstider og gruppeinndelingar, samlingar og rulleskirenn for haustsesongen.

No er dei fleste aktive i andre idrettar, men vi kjem til å ha nokre treningar /fjellturar o.l av og til for dei som har lyst utover sommaren. Ingen faste dagar eller tider, legg ut her etterkvart så kan den som har tid/ lyst kome når det passar. Ikkje nødvendig å seie i frå om ein kjem eller ikkje, legg opp til treningar som ein kan gjennomføre enten det er 2 eller 20 som møter😊

Første trening blir i morgon, mandag 5/6. Oppmøte kl. 12.00 i Selbervika. Ca 40 min rulleski (skøyting) og 40 min jogging. Husk refleksvest, hjelm og joggesko!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline