Hovdebygda il langrenn vert veldig godt representert i samlingssamarbeidet Storfjordlangrenn.

Postet av Hovdebygda IL den 29. Apr 2019

Skisesongen var ikkje heilt over likevel. I går deltok Emilie, Adrian, Håvard, Jørgen, Mia og Nathalie med foreldre på avslutningstur med krinslaget og Storfjordlangrenn i Stordal. Etter topptur vart det halde årsmøte i Storfjordlangrenn. Sidan det kan sjå ut som ca 1/3 av laget kjem til å bestå av HIL-løparar komande sesong vart det bestemt at samlinga 23-25.8 skal haldast i og av Hovdebygda. (Samlinga på Ullsheim som vi normalt har hatt vil andre klubbar få ansvar for). Alle foreldre med løparar på laget må difor halde av denne helga til å arrangere samlinga. I tillegg må ein begynne å tenke på kvar som kan egne seg å gjennomføre samlinga (overnatting med kjøkken og dusjmogelegheiter, rulleski - og barmarksfasilitetar) Dette kan vere lokaler i Hovdebygda, Ørsta eller Ulsteinvik.9



Jørgen Gretland, G14, vart vinnar av Sparebanken Møre cup, krinscup for Møre og Romsdal.

Postet av Hovdebygda IL den 8. Apr 2019

Nathalie Vatne (J14) nr. 2, Hans Olav Sætre (Msenior) nr. 2,  Luckas Loe Selbervik (G14) nr. 3, Håvard Sætre (G14) nr. 6.  Håvard har kome i storform no på slutten av sesongen og imponerte stor på fellestarten i klasse G15-16, med 2. plass i G15.

SBMøre-cup Samanlagt 2019



HIL-SKIAVSLUTNING TORSDAG 4. April KL 18.30

Postet av Hovdebygda IL den 1. Apr 2019

7-10 år, 11-12 år og 13+ avsluttar vinterens langrennstreningar med felles avslutning på Bondalseidet. Plan for avslutninga: 7-10 år og 11-12år/13+ trenar kvar for seg fram til 19.10. 

Deretter felles stafett og mulegheit for skileik ved barnetrekket. 

Servering av pølser med brød og drikke.