Felles treningane er i gang.

Postet av Hovdebygda IL den 26. Aug 2020

Oppstart fellestreningar for eldste gruppe 16++

Torsdag 27.8 startar vi med første fellestrening på rulleski. Skøyting, oppmøte ved steinfyllinga på Sørheim klokka 18.00. Til ca 19.30. Blir ei roleg økt sidan dei fleste er på intervall i dag.


Vel møtt! 😊


0 Kommentar

Hovdebygda BASIS! gymsalen på Hovden Skule, tysdagar kl.18:00-19:00.

Postet av Hovdebygda IL den 20. Aug 2020

 Meir informasjon      Hovdebygda Basis.pdf

Hovdebygda BASIS!
Denne hausten har vi eit eige aktivitetstilbod for alle born i alderen 5-6 år (født 2014/2015). Tilbodet vil foregå i gymsalen på Hovden Skule..., tysdagar kl.18:00-19:00. Og vi startar so snart gymsalen opnar igjen. 

 Dette er eit lavterskel tilbod med leikar og enkle øvelsar som passar for alle born. Vi set fokus på trivesel, meistring og det sosiale.

 Det er plass til 20 born og vi må ha påmelding pga smittevernomsyn. Først til mølla!

 Nærmare informasjon om tilbodet i vedlagt dokument under.

 Ansvarleg/trenar er Bjørnar Øye


0 Kommentar

Levert avIdrettenOnline