Samarbeidsavtale med Sport1Ørsta

Postet av Hovdebygda IL den 10. Nov 2019

Ny samarbeidsavtale med Sport1 Ørsta!

Det er med stor glede eg kan informere om at vi har forlenga avtalen med Sport1 Ørsta. Avtalen vil gjelde i 2 år og inneber at alle våre medlemmar får rabatt på skiutstyr. Tusen takk til Sport1 Ørsta!



Bygg1 sponsar HIL langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 10. Nov 2019

Bygg1 sponsar HIL langrenn! Det er med stor glede eg kan informere om at vi har inngått ein 3 års avtale med Bygg1 Produkter AS. Dette er viktige midlar som skal nyttast til rekruttering. Bygg1 blir ein av totalt 5 hovudsponsorar og vil få logoen sin på overtrekksjakka. Tusen takk til Bygg1!



Prøving og bestilling av klubbklede.

Postet av Hovdebygda IL den 2. Nov 2019

Prøving/bestilling av klubbklede!

Det er muleg å prøve og bestille klubbklede på skikvelden mandag 4.nov. Dei som ikkje har anledning på mandag, kan avtale tidspunkt med meg. mob. 90780306. 

NB! For få dei til jul er siste frist onsdag 6.nov. 

Vi har same design og modellar som siste to åra. Og vi har to ulike typar overtrekksdressar, Pulse og Trainer Plus. Pulse er ein meir teknisk og formsydd dress medan Trainer Plus er litt rimligare alternativ.

Vi må ha 5 dressar av kvar av modellane for å få til ei bestilling. Dersom det er færre enn 5 dressar blir alle dressane bestilt i Trainer Plus. 

Prisar:

Overtrekksdress voksen Pulse: 1800kr

Overtrekksdress voksen Trainer Plus: 1550kr

Overtrekksdress barn Pulse: 800kr

Overtrekksdress barn Trainer Plus: 600kr

Konkurannsedress voksen: 1000kr

Konkurransedress born: 900kr