Veldig fine forhold for klassisk og skøyting.

Postet av Hovdebygda IL den 29. Des 2016

Trykk på : SKISPORET.NO og du vil sjå langrennsløypene ved Ørsta skisenter

Løypenettet vert preppa etter avtale med Ørsta skisenter. Farge viser kor lenge sidan det har voer preppa. Løypenettet har til vanleg ein veldig bra standard. Løypekøyraren gjer ein utruleg god jobb for oss.

Men vi bur i ein landsdel med uvanleg skiftande ver, og det er umogeleg at løypene skal vere heilt topp til ei kvar tid. Det kan fort snøe 15-20 cm på eit par timar og løypene kan verte øydelagde av vind og regn og/eller fryse til i løpet av ein time. Dette må du ha i tankane dei få gongane løypa ikkje er slik du tenkte.

skisporet.no skal vere til god hjelp for oss alle. Ver snill å ikkje ringe å mase på løypekøyraren.



Sparebank1-cupen, 5 kjekke renn på Bondalseidet, vinteren 2017.

Postet av Hovdebygda IL den 29. Des 2016


Arkivbilde frå stafetten vinteren 2016

Torsdag 19. januar kl. 18.00 fristil

Søndag 29. januar kl. 12.00 fristil, ein del av KM-Møre og Romsdal

Torsdag 16. februar kl. 18.00 klassisk

Torsdag 9. mars kl. 18.00 vanlegg renn for dei minste, elles 2-mann stafett

Torsdag 23. mars kl. 12,00 fristil (langrenncross for dei minste), Sonerenn.



Fellestreningane vinteren 2017

Postet av Hovdebygda IL den 26. Des 2016

Bildet er eit arkivbilde frå første snøen januar 2016.Planen er klar.

Under fanen finn du ei oversikt over Felles treningar og kven som er trenarar.

Dert er gode utsikter til snø og kaldare ver, første dagane i 2017.



Skirenna etter nytt år. NB! oppdatert terminliste 21.12.2016, med ny dato for sonerenn.

Postet av Hovdebygda IL den 20. Des 2016

Komande skirenn:

Laurdag 7. jan Nyttårsrennet Skaret skisenter Molde klassisk Normal SBM 2

Laurdag 7. jan Ullsrennet Ullsheim, Markane, Stryn fristil SSF cup

Søndag 8. jan Ullsheim, Markane, Stryn stafett K-F-F


Under fanen Langrenn sesongen 2017 finn du oppdatert terminliste pr. 21.12.2016

Påmelding:

Til dei fleste renna kan du melde på via MinIdrett. Til lokale renn, følg med på heimesida eller Facebook






Vegard Røyrhus vart vinnar av Åpningsrennet på Bjorli

Postet av Hovdebygda IL den 17. Des 2016

Resultat frå Åpningsrennet arrangert av Emblem IL

Arkivbilde av Vegard Røyrhus

Vegard Røyrhus imponerte i eldste juniorklasse 19-20 år med å slå alle juniorane og også beste senior.Akkurat det siste var med ein tåspiss i spurten og sekundet framfor Alexander Løvik Nyheim frå Tomrefjord.Det skal verte kjekt å følgje med Vegard vidare.

Adrian Flote gjekk også eit av sine beste renn og distanserte 2 av sine argaste konkurrentar i ein av bakkane med eit ”Northug-rykk”. Kjekt å sjå framgangen frå i fjor.



Gjensidige stiftelsen gav 100 000 kr i gåve til Hovdebygda IL langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 15. Des 2016

Kjekt og nyttigt for Hovdebygda IL langrenn som fekk 50 000 kr. i startkapital frå Sparebank1 Søre Sunnmøre i april til Gapahuk på langrennstadion.

No har HIL langrenn fått 100 000 kr. frå Gjensidige stiftelsen til å fullføre prosjektet, med straum og lys til både gapahuken området omkring og til garasjen ved sida av. Vidare kan området oppgraderast.

Arbeidet med gapahuken vert fullført i april av Ørsta vidaregåande skule byggfag.

Les meir om dette i Møre nytt papirutgåva torsdag.

Langrennstadion er eit samarbeid med Ørsta IL langrenn.

Frå Møre nytt digitalt:

"Tusen takk for tildelinga"



Terminliste over langrenna sesongen 2017

Postet av Hovdebygda IL den 6. Des 2016

Det er laga ei oversikt over langrenn sesongen 2017.

Rosa = Sparebank1-cup arrangert av Hovdebygda IL og tel 5 renn. Delta på 1 til 5 renn som vert premiert etter sesongen.

Gult = kortreiste renn som vert arrangert i nabokommuane

Grønt = langrenn som vert arrangert utanfor nerområdet vårt.

Blått = tur renn.

Skirenn for HIL løparar 2017.pdf



Sesongstart i Lysløypa på Bondalseidet

Postet av Hovdebygda IL den 2. Des 2016

Natt til søndag regna det mykje så løypa rann av 3 stadar i ei breidde på 30-40 cm. No får vi sjå an ver og vind og nysnø, før løypa kan preppast på nytt.



Kretsmeisterskap i skøyting (fristil) er tildelt Hovdebygda IL langrenn, søndag 29. januar på Bondalseidet.

Postet av Hovdebygda IL den 22. Nov 2016

På haustmøtet vart det bestemt at Hovdebygda IL langrenn skal arrangere kretsmeisterskap i langrenn, skøyting, søndag 29. januar.

Dagen før, laurdag 28. januar, vert det arrangert KM 2-mannstafett, skøyting (fristil) på Volda skisenter, Reset.

Terminliste Møre og Romsdal



Så snart lokal terminliste ( lokale cup-renn og sonerenn) er klar vert denne sida oppdatert.



Treningstilbodet i Hovdebygda IL langrenn er 9 forskjellige treningar i 5 forskjellige treningsgrupper.

Postet av Hovdebygda IL den 19. Nov 2016

HIL langrenn har aldri hatt eit så variert treningstilbod. I alle treningsgruppene er det godt frammøte, ca 10-12 aktive. No er rulleskirenna historie for i år, og då er det trening på snø vi ventar på.

Planen over alle treningane finn du under fane for fellestreningar. Og e-postadresse og tlf. til trenarar og styret finn du under Klubbinfo og adresser.



Konkurransedress for Hovdebygda IL langrenn, bestilling seinast 11. november.

Postet av Hovdebygda IL den 8. Nov 2016

Barn: pris inkl. sponsorrabatt kr. 648.-

Vaksne: pris inkl. sponsorrabatt kr. 1348.- ved bestilling under 10 dressar totalt. Minimum 5 stk.

Sponsor for desse dressane er Berg Hansen.

Dei må bestillast, vi har ikkje på lager. Ta kontakt med Dag Jarle Aa: dagjarlea@yahoo.no



Sparebank1 - rulleskicup. 3. og siste rennet søndag 06. nov. med bilder og resultat. SISTE: les stor artikkel i Møre nytt på tysdag 8. nov.

Postet av Hovdebygda IL den 31. Okt 2016

Frå venstre: John Olav Hofseth Hatløy, Hovdebygda - Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven - Runar Gretland, Hovdebygda - Bjørnar Øye, Hovdebygda - Vegard Røyrhus, Hovdebygda - Torjus Woldsund, Volda - Adrian Flote, Hovdebygda. Klar til start i eldste klasse

3. og siste rennet i rulleskicupen vart arrangert ved Bygg1 på Rystelandet i Hovdebygda. Ca. 35 stilte til start denne gongen. Det var fine forhold med tørr asfalt.

Samla har no om lag 45 delteke i denne rulleskicupen. Og det er ein fin auke frå i fjor.

Derav har om lag 30 frå HIL delteke.

Les om rulleskirennet i nettavisa til Møre nytt

Rulleskicup Invitasjon 06112016.pdf

Rullskicup,06.11.16.Resultat.pdf

2016_avslutningsrennet på rulleski.pdf

Klasse 13-14 år klar til start.

Jenter kl. 13 år får velfortente premiar. Frå venstre Hedda Schreijer, Stranda IL - Nathalie Vatne Aa, Hovdebygda IL - Hanna Saure Riise, Hovdebygda IL - Emilie Flote, Hovdebygda IL.

Treningskameratar og gode vener like før start. Frå venstre: Marius Saure Riise, Emil Dyb Hovden og Sigbjørn Fonseca, alle HIL.



SKIKVELDEN. Alle bestillingar må vere levert til Sport1, seinast mandag 14. november. Alle andre frå HIL langrenn som ikkje var på skikvelden, kan også levere bestilling.

Postet av Hovdebygda IL den 27. Okt 2016

Sport1Ørsta, Madshus, Fischer, Hovdebygda IL langrenn deltok med foredrag og stand for informasjon om langrennsrelatert utstyr. Litt mindre deltaking enn i fjor. men alt i alt ein god kveld for dei som var med. Husk fristen mandag 14. november for bestilling av varer med god rabatt.



2. rennet i Sparebank1 rulleskicup, søndag 23. oktober kl. 12 på Ullsheim. Oppdatert med resultatliste.

Postet av Hovdebygda IL den 12. Okt 2016

Klasse J2004 etter å ha kome i mål på Ullsheim. Frå venstre Nathalie Vatne Aa-HIL, Linnea Melheim Espe- Stårheim IL, Hedda J. Schreijer-Strnda IL, Emilie Flote-HIL, Hanna Saure Riise-HIL.



Innbyding til rulleskirenn

Funksjonærliste

Startlister

Resultatliste





9 frå Hovdebygda IL langrenn på samling i Stordal

Postet av Hovdebygda IL den 11. Okt 2016

Frå starten på rulleskikonkurransen som avslutta Stordalsamlinga.

Mange gode prestasjonar av heile gjengen. Fleire bilder har Dag lagt ut på Facebooksida.

Resultat av duathlon løp/rulleski: Resultat Stordalssamlinga 2016.pdf



HIL-samlinga på Ullsheim laurdag 22. og søndag 23. oktober. Oppdatert med program

Postet av Hovdebygda IL den 11. Okt 2016

Program for treningssamlinga på Ullsheim til helga

Laurdag:
10.00: Oppmøte Ullsheim
10.30-12.00: Rulleski...
12.30-13.30: Lunsj
1430-15.30: Barmark
16.00: Kort matøkt
17.15-18.30: Bading i Stryn (har leigd bassenget frå 17.30-18.30)
19.30: Middag (nokre vaksne må vere igjen og lage til medan resten badar)
20.30: Sosialt program
22.30: Klargjering til legging
23.00: Ro

Søndag:
08.30 Frokost
12.00: Første start rulleskirenn


Innbyding til samling på Ullsheim



BDO avd. Sunnmøre er vår nye sponsor.

Postet av Hovdebygda IL den 8. Okt 2016

Hovdebygda IL langrenn er så heldige å få BDO med på laget som sponsor.

"BDO AS avdeling Sunnmøre er del av BDO AS med hovedkontor i Oslo.
BDO er landsdekkende revisjons- og konsulenthus med kontorer 64 steder i Norge.

Totalt er BDO, 1350 ansatte i Norge.

BDO Sunnmøre har kontorer i Ulsteinvik, Ålesund og Brattvåg. Vi leverer lovbestemt revisjon og naturlig tilhørende konsulenttjenester til kunder på Sunnmøre og Ytre Nordfjord. "

Litt oppsummert så er:

Sparebank1 Søre Sunnmøre er generalsponsor

Tussa er hovedsponsor

BDO er hovedsponsor

Berg Hansen er sponsor for konkurransedrakter

Sport1 Ørsta har vi utstyrsavtale med

I tillegg har vi mange mindre sponsorar. (desse skal vi kome tilbake til)

Alle saman gir viktige bidrag slik at vi kan halde oppe stor aktivitet og drive langrennsidretten vidare på Søre Sunnmøre.






No startar treningane for alle frå 7- 11 år. Alle får låne rulleski.

Postet av Hovdebygda IL den 7. Okt 2016

Bildet er frå ei av treningane hausten 2015.


Alder er det år ein fyller i løpet av 2017.

Døme: vert ein 10 år i 2017 så skal ein trene i gruppe for 10 åringar, frå treningane startar og heilt til påske. Dersom det er ønskeleg å trene i ei yngre gruppe så kan det avtalast med trenar.

14 år+ (f. 2003 eller før):
Mandag kl. 19-20.: Styrketrening, gymsalen Hovden skule. Trenarar: vekslar mellom Bjørnar, Runar, Johnny, oppstart mandag 22. august.
Onsdag kl. 19-20.30: «Onsdagstreninga», Løpsintervall, frammøte ved Hovden møbel , heile året.
Trenar Bjørnar Øye
Torsdag kl 18-19.30 : Rulleski. Frammøte, følg med på Facebook.
Oppstart 1. september Ansvarleg: Hans Olav Sætre

12-13 år (f. 2005-2004):
Tysdag kl.18-19.15: Rulleski, Bygg 1
Oppstart: 6. september
Torsdag kl. 17.30-19.00: Barmark Hovden skule (ute 17.30-18.30, inne 18.30-19.00)
Oppstart: 20.oktober
Ansvarleg: Dag Jarle Aa

10-11 år (f. 2007-2006):
Tysdag kl. 18-19.15: Rulleski, Bygg 1 Oppstart 18. oktober
Torsdag kl 17.30-18.30: Barmark Hovden skule (Ute 17.30-18.00, inne 18.00-18.30)
Oppstart 20.oktober
Ansvarleg: Runar Gretland

7-9år f. 2010-2008)
Tysdag: kl. 17.30-18.30 Første gong tysdag 18. oktober. Innetrening i gymsalen Hovden skule. Husk innesko. Trenarar Svea Gretland og Maria Sætre. Det vert leikar, staffettar, hinderløype, balanse....

Det er fint viss ein av dei føresette er tilstades og ser på treningane. LAnsvarleg: Johnny Riise.

Torsdag kl 18-19.00: Første gong torsdag 20. oktober. Rulleski Bygg 1.
Oppstart 20.oktober
Ansvarleg : Johnny Riise

Alle som deltek på treningar arrangert av Hovdebygda IL langrenn (unnateke "onsdagstreninga") skal vere medlem av Hovdebygda IL. Unnatak for HIL medlemskap er også treningane som vert i samarbeid med Volda langrenn og skiskyting.

pr. 07.10.2016




God dugnadsinnsats på langrennstadion, Bondalseidet, oppdatert.

Postet av Hovdebygda IL den 5. Okt 2016

På dette bildet ser vi slik utsikta vert frå Gapahuken.

Nybeisa tidtakar hus, klar til ein ny vinter.

Grunnmur og golv er klar for støyping. Gapahuken er fint plassert ner garasjen/smørebuda.

Magnar Selbervik med traktoren, legg ut grus.

Mykje arbeid er alt unnagjordt.

Langrennstadion på 18 da. og lysløypa er nyslegen med beitepussar

Råsa frå langrennstadion til Sportskapellet med opphaldsrom/wc/dusj er rydda i samråd med eigarane av nabohytta og eigarane av Sportskapellet

Tidtakarhuset er nybeisa.

Tomta til gapahuken er rydda for store bjørker, utgraven og pukka/singla og forskaling, isolasjon og armering er på plass. Klar for støyping.

Kabel er nedlagt til gapahuken og garasjen/smørebuda.

Ørsta vgs bygg skal bygge gapahuken.

Sparebank1 Søre sunnmøre har gitt oss 40 000.- i prosjektmidlar

Utstyrsbuda er nybeisa.

På snua/vendinga på 1 km er det lagt ut duk og grusa. Slett og fint, klart for å ta mot den første snøen.


No er det meldt mykje godt ver frammover så dugnadsarbeidet er heilt tydeleg i god rute. Og takk til Geir Åmund Hovden som organiserer og legg til rette så bra!




Sparebank1 rulleskirenn søndag 25. september i rulleskiløypa på Ullsheim. Oppdatert med resultatliste og avisomtale

Postet av Hovdebygda IL den 15. Sep 2016

Lenkje til reportasje i Møre nytt: Reportasje frå Sparebank1 rulleskicup

Rulleskirennet i den asfalterte rulleskiløypa på Ullsheim er det neraste ein kan kome eit skirenn på sommarføre.

Samla vart det ner 40 deltakarar.

Hovdebygda IL langrenn stilte med om lag 20 born og ungdom og så var det veldig kjekt at klubbane, Eid IL, Stårheim IL, Volda, Valldal IL, Stranda IL og Sunnylven IL også hadde med deltakarar.

Neste renn som vert 2. rennet i Sparebank1 rulleskicup, vert arrangert på Ullsheim søndag 23. oktober.

Resultatliste: Resultatlister SPB 1-cup 25.09.16.pdf

Innbyding: Rulleskicup 25.09.pdf



10 frå Hovdebygda IL langrenn er påmeldt til Stordalsamlinga 7. -9. okt.

Postet av Hovdebygda IL den 13. Sep 2016

Stordalsamlinga, 7. -9. okt..

Innbyding til skisamling i Stordal. HIL dekker halve kontingenten til alle HIL -løparar. I fjor deltok 4-5 frå HIL. I år blir det det minst 10.

Åpen for alle frå 11-16 år (2001-2006 modellar). Fin anledning til å få nye langrennsvener frå andre klubbar i fylket

Kontaktperson: Dag Jarle Aa

Info om Stordalsamlinga




Dugnadar på Bondalseidet, langrennstadion i veke 38 og 39, frå den 19. september.

Postet av Hovdebygda IL den 13. Sep 2016

Hovdebygda IL langrenn skal bygge ein Gapahuk. Arbeidet vert starta i september. Det vert benkar langs veggane. Her kan ein henge inn sekk og kleder under trening. Vi kan bruke den under samling og sosial aktivitet. Gapahuken kan vere kiosk under skirenn.

Garasjen/smørebuda og tidtakarhuset skal beisast.

Det skal ryddast skog og kratt rundt bygningane og gangrås opp til Sportskapellet.

Det skal leggast duk og grusast ved vendinga i 1 km løypa.

Geir Aamund Hovden har sett opp plan for arbeidet, oppgåver er fordelt og arbeidet skal utførast i veke 38 og 39.

Sjekk vedlegget for kva job du er tildelt.

dugnadsliste_haust2016.pdf



Rulleskitrening 12-13 år, tysdagar frammøte ved Bygg1 Merk tida. kl. 18.30-20.00

Postet av Hovdebygda IL den 4. Sep 2016

Arkivbilde frå sesongen 2015.

No startar treningane for denne gruppa. Også i år får vi låne det store flotte asfalterte området til Bygg1 i Industrivegen på Rystelandet.

Vi ønskjer alle velkomne. Rulleski har vi til utlån.

Dag Jarle Aa er trenar.



Rulleskitrening for 14 år + - torsdagar - kl. 18.00

Postet av Hovdebygda IL den 30. Aug 2016

Arkivbilde frå oppstarttreninga i august i fjor.

14 + Klassisk rulleskitrening torsdagar kl 18.00. Følg med på Facebook for frammøtestad.

Kjekt at det også i år vert fellestrening for Volda langrenn og skiskyting, og Hovdebygda il langrenn. Husk å ta med refleksvest.



Sparebank1 rulleski-cup hausten 2016

Postet av Hovdebygda IL den 24. Aug 2016

Rennplanen er klar.

søndag 25. september - 1. Sparebank1 rulleskirenn vert arrangert på Ullsheim i lag med 1 dags samlinga
søndag 23. oktober - 2. Sparebank1 rulleskirenn vert arrangert i lag med 2 dagers samling.
søndag 6. november - 3. Sparebank1 rulleskirenn vert arrangert på Bygg1 (avslutningsrenn)

Ei enkel premieutdeling etter siste rennet.




Styrketrening for 14 år +, er i gang kvar mandag kl. 19 i gymsalen, Hovden skule

Postet av Hovdebygda IL den 17. Aug 2016

Treninga startar rett på styrketreninga. Fordel å vere oppvarma ved frammøte.

Økta startar kl. 19.00 og vi har ein time til disposisjon.

Alle som er medlem av HIL eller melder seg inn, kan vere med.

For dei som er medlemar av langrennsgrupper i andre idrettslag, kan betale ein treningskontigent for hausten på kr. 150.-



Treningane hausten 2016

Postet av Hovdebygda IL den 16. Aug 2016

Det er laga ein god og variert plan over felles treningar for alle frå 7 år til vaksen.

Alder er det år ein fyller i løpet av 2017.

Døme: vert ein 10 år i 2017 så skal ein trene i gruppe for 10 åringar, frå treningane startar og heilt til påske. Dersom det er ønskeleg å trene i ei yngre gruppe så kan det avtalast med trenar.

14 år+ (f. 2003 eller før):
Mandag kl. 19-20.: Styrketrening, gymsalen Hovden skule. Trenarar: vekslar mellom Bjørnar, Runar, Johnny, oppstart mandag 22. august.
Onsdag kl. 19-20.30: «Onsdagstreninga», Løpsintervall, frammøte ved Hovden møbel , heile året.
Trenar Bjørnar Øye
Torsdag kl 18-19.30 : Rulleski. Frammøte, følg med på Facebook.
Oppstart 1. september Ansvarleg: Hans Olav Sætre

12-13 år (f. 2005-2004):
Tysdag kl.18-19.15: Rulleski, Bygg 1
Oppstart: 6. september
Torsdag kl. 17.30-19.00: Barmark Hovden skule (ute 17.30-18.30, inne 18.30-19.00)
Oppstart: 20.oktober
Ansvarleg: Dag Jarle Aa

10-11 år (f. 2007-2006):
Tysdag kl. 18-19.15: Rulleski, Bygg 1 Oppstart 18. oktober
Torsdag kl 17.30-18.30: Barmark Hovden skule (Ute 17.30-18.00, inne 18.00-18.30)
Oppstart 20.oktober
Ansvarleg: Runar Gretland

7-9år f. 2010-2008)
(Tysdag: Kanskje barmark (inne i gymsal) Ikkje endeleg bestemt endå.)
Torsdag kl 18-19.00: Rulleski Bygg 1.
Oppstart 20.oktober
Ansvarleg : Johnny Riise

Alle som deltek på treningar arrangert av Hovdebygda IL langrenn (unnateke "onsdagstreninga") skal vere medlem av Hovdebygda IL. Unnatak for HIL medlemskap er også treningane som vert i samarbeid med Volda langrenn og skiskyting.

Det kjem oppdateringar om medlemskontigent, kven ein kontaktar og treningskontigent.







Bruk den komande fineversperioden til trening i skog- og mark.

Postet av Hovdebygda IL den 14. Aug 2016

Du kan velje i mange stiar der turen kan vare frå 15 min til 2 timar. Eit kart på den vesle trafo-kiosken ved Hovden møbel viser mange muligheiter. Der er også god plass til parkering. Pass på så du ikkje stenger for trafikk rundt Hovden Møbel bygninga.




Vegard Røyrhus og Bjørnar Øye best av HIL langrennsløparane i Saudehornet rett opp

Postet av Hovdebygda IL den 6. Aug 2016

Frå den offisielle resultatlista kan vi lese at Vegard Røyrhus kom i mål med tida 1.08.57, Bjørnar Øye kom i mål på tida 1.10.15.

Hovdebygdingar som bur andre stadar i landet kan vi nemne Martin Hovden , 1.12.39, Bodil Ryste 1.13.51.

Vidare nemner vi Åsmund Brunstad Øyehaug 1.25.20.

Frå "onsdagstreninga" Dan Børge Saure 1.03.01 og Pål Røe 1.25.35.

Offisiell resultatliste : SRO2016-resultat-klassevis-offisiell.PDF



Mia, Nathalie og Dag Jarle Aa deltok i orienteringsløp i Sverige

Postet av Hovdebygda IL den 31. Jul 2016

Familien Vatne Aa har vore i Sverige på ferietur og nytta høvet til å delta i det 5. løpet i o-ringen. Av resultatlista kan vi lese gode resultat.



Rulleskisesongen nermar seg. Pass på reglane. God tur på rulleski

Postet av Hovdebygda IL den 21. Jul 2016

Arkivbilde frå siste rennet hausten 2015.

Rulleskivettreglene

1. Løperen skal være godt trent i å beherske rulleski, særlig bremsing og vending.
2. All opplæring og undervisning av nybegynnere skal foregå på avskjermede områder uten motorisert trafikk.
3. Rulleskiløpere er definert som gående i trafikken. Trening for yngre bør foregå på sykkelsti eller andre bilfrie, godt asfalterte steder.
4. Det er lov til å benytte veibanen til trening der forholdene tilsier det. Det er allment akseptert at i veibanen går rulleskiløpere på høyre side.
5. Dersom man må trene på vei med motorisert trafikk, bør dette være på oversiktlige områder.
6. Vær tydelig og gjør deg forstått i trafikken. Ta hensyn til andre trafikanter, ikke glem at du er den myke.
7. Treningen bør helst foregå i godt dagslys eller på godt belyste områder uten motorisert trafikk om kvelden.
8. Refleks er obligatorisk dersom lysforholdene tilsier det, men det anbefales på all trening langs veien. Bruk vest og reflekstape på enden av rulleski og staver samt foran og bak på hjelm.
9. Godkjent sykkelhjelm bør brukes til enhver tid. Glem heller ikke briller. Rulleskipigger har ikke trinse og veien til øynene er kort.
10. Norge får stadig flere lukkede rulleskianlegg. Disse bør benyttes til trening der dette er praktisk mulig.

Utarbeidet av Norges Skiforbund, Norges Skiskytterforbund, Statens vegvesen og Trygg Trafikk.



4 kjekke og gode dagar med orientering for familein Vatne Aa.

Postet av Hovdebygda IL den 14. Jul 2016

Nathalie Vatne Aa etter løpet på Emblemsfjellet

Familien Vatne Aa er både flinke og ivrige orienteringsløparar. I mangel på lokal orienteringsklubb deltek dei for Sogndal Il, der Dag Jarle Aa kjem frå.

Onsdag 13. juli, torsdag 14, laurdag 16. og søndag 17. julia deltok dei i Fjord-O. Løpa vart arrangert av Veten Il i terrenget i og omkring Nordfjord fritidssenter og av Emblem Il på Emblemsfjellet.

Vi registrerte at Mia Vatne Aa, Nathalie Vatne Aa og Dag Jarle Aa alle 4 dagane.

Om lag 600 løparar frå over 100 idrettslag og mange land deltok.

Vi må nemne at faren Dag Jarle Aa vart nr. 1 samanlagt etter 4 dagar i klasse H-35, Nathalie Vatne Aa vart nr.3 samanlagt i klasse D-11-12 og Mia Vatne Aa nr. 8 i klasse D-10.

Resultat får du ved å klikke på lenkja: Resultat



Følg med på Møre og Romsdal skikrets

Postet av Hovdebygda IL den 11. Jul 2016

Hald deg orientert om Møre og Romsdal skikrets, andre klubbar, samlingar, langrennsnyheiter, følg med på Heimesida til Skikretsen



Ivrige langrennsløparar på Dombås

Postet av Hovdebygda IL den 5. Jul 2016

Bilde frå rulleskitrening på Dombås.

Vi vart så imponert over dei ivrige HIL- barna at vi stal bildet frå Facebook .



Saudehornet rett opp for alle, konkurranseløparen, timmaren, barn, ungdom, senior og veteran.

Postet av Hovdebygda IL den 3. Jul 2016

Frå www. Saudehornet.no

Motbakkeløp midt i Sunnmørsalpane

Saudehornet rett opp – 1303 høgdemeter

- frå tareblad til tinderad


Saudehornet rett opp 2016 blir som vanleg arrangert første laurdagen i august.
Det betyr at datoen i år blir laurdag 6. august 2016.


Løpet for yngre deltakarar vart ein stor suksess, og vil bli arrangert også i 2016.
Løpet for ungar fødd i 2006 eller seinare går frå hamna til flaggstanga i Skåla, der dei får ein eigen medalje.
Dei er også med i trekning av uttrekspremiane på lik linje med andre deltakarar.



Saudehornet er rett og slett eit fantastisk utsiktsfjell. Kom og sjå for deg sjølv!
Frå utsikta mot aust og sør ser du hundretals tindar og toppar,
og mot vest mange holmar og øyer like til Norskehavet!

Arrangørane inviterar til langhelg i Ørsta, til Saudehornet rett opp,
Motbakkeløpet Saudehornet rett opp avsluttar www.naturfestivalen.no ,
som det største og mest spennande arrangementet for heile veka.

Dette er friluftslivopplevingar utan sidestykkje!


Vil du lese meir og/eller melde deg på?

Heimesida til Saudehornet rett opp



Vegard Røyrhus trenar på Sognefjellet i lag med Kretslaget

Postet av Hovdebygda IL den 20. Jun 2016

Vegard i føringa på skøyteski på Sognefjellet.

I desse dagar trenar Vegard Røyrhus med kretslaget for Møre og Romsdal skikrets på Sognefjellet.

Det vert meldt om veldig gode langrennsforhold. Vegard satsar mot ein ny sesong i eldste juniorklasse 19-20 år. Han tek no til på siste året på langrennslinja på Stranda vidaregåande skule.

Vegard si langrennsatsing har vore veldig vellukka, med gode plassering i Norgescupen og 1. og 2. plass i kretscupen siste 2 åra.

Vi ønskjer Vegard lukke til med ein ny sesong.



Adrian Flote trenar med Storfjordlangrenn

Postet av Hovdebygda IL den 20. Jun 2016

Bilde frå samlinga i Tomrefjord. Adrian Flote er i bakerste rekke nr. 2 frå høgre.

Storfjordlangrenn er eit samlingssamarbeid mellom idrettslaga sør for Moldefjorden til grensa mot Sogn og fjordane.

Hovdebygda Il langrenn har hatt med langrennsløparar sist åra. No er det Lars Anders Hoel frå Valldal og Anniken Hjellbakk Hole frå Sunnylven som er trenarar.

Samlinga i helga vart avslutta med testløp og der presterte Adrian veldig bra i høve til konkurentane.




Komande arrangement: Hellesylt løpet - Jordbærdilten - Saudehornet rett opp

Postet av Hovdebygda IL den 19. Jun 2016

Arkivbilde frå starten av Hellesyltløpet 2015



Laurdag 9. juli: Hellesyltløpet

Hellesyltløpet

Laurdag 30. juli: Valldal

Jordbærdilten

Laurdag 6. august: Saudehornet rett opp - sjå eigen artikkel.

Terminlista i Kondis Saudehornet rett opp

Heimesida til Saudehornet rett opp Saudehornet rett opp



Dag Jarle Aa og Hans Olav Sætre deltek på Trenarkurs i regi av Norges skiforbund

Postet av Hovdebygda IL den 19. Jun 2016

Bilde frå Trenarkurset. Vi ser Dag i midten i bakerste rekke, Hans Olav i midten og kurslærar Per Nymoen i fremste rekke.

Langrennskurset vert arrangert i Skjolden og på sommarsnø ved Sognefjellshytta.

Kurset er Trenar 2 langrenn og er framhald i høvet til det Trenar 1 kurset som Hovdebygda IL langrenn arrangerte for 3-4 år sidan.

Kurset går over 5 dagar på Sognefjellet + 20 t e-læring i etterkant. Det er 13 deltakarar frå heile landet.

Dag og Hans OIav er dei einaste frå Møre og Romsdal som deltek i år.

Teori og praksis på ski, rulleski og barmark. Målet for trenarkurset å utdanne langrennstrenarar til ungdom frå 13-16 år.

Våre 2 deltakarar på Skiforbundets trenarkurs på Sognefjellet. Hans Olav Sætre og Dag Jarle Aa.




O-løp i Hovdeåsen/Morkaåsen 16. juni

Postet av Hovdebygda IL den 16. Jun 2016

Dag Jarle Aa, Hovdebygda Il langrenn arrangerte o-løp i Hovdeåsen/Morkaåsen torsdagskvelden. Det vart konkurrert og orientert i 4 forskjellige løyper.

God deltaking av både born og vaksne.

Resultat: Resultaliste-o-løp-16.06.16.pdf



Torsdag 16.6 arrangerer Hovdebygda IL orienteringsløp i Hovdeåsen.

Postet av Hovdebygda IL den 15. Jun 2016

Torsdag 16.6 arrangerer Hovdebygda IL orienteringsløp i Hovdeåsen. Start og mål på Langemyra stadion på Mork. Ein kan velje mellom 4 ulike løyper frå nybyrjarløype til lang A-løype. Start frå kl. 18.00-19.30. (Vel sjølv om ein vil springe med tidtaking eller utan). Startkontingent: kr 20,- for barn t.o.m. 16 år, kr. 40,- for vaksne.
Vel møtt!










kr. 40 000.- i prosjektmidlar frå Sparebank1 Søre Sunnmøre til Hovdebygda IL langrenn. Pengane skal nyttast til å bygge ein gapahuk på langrennstadion på Bondalseidet.

Postet av Hovdebygda IL den 13. Jun 2016

Hovdebygda IL langrenn har fått melding om at laget får kr. 40 000.- i prosjektmidlar. Det omsøkte og godkjende prosjektet er ein gapahuk som skal byggast på Bondalseidet langrennstadion.

Torsdag 16. juni kl.17:00 er HIL ski invitert til Sparebank1 Søre Sunnmøre sine lokaler i Ørsta for å motta prosjektmidlar 2016.

Gapahuken skal få installert straum og lys.

Rekrutteringa til langrenn har vore veldig stor siste åra og det er stort behov for å betre fasilitetane på langrennstadion.

Gapahuken kan nyttast i samband med Sparebank1-cupen, krinsrenn, andre større arrangement, treningar, samlingar, sosiale tilstellingar.

Gapahuken kan nyttast av alle som tek skituren innom langrennstadion. Også på sommarføre kan den vere fin å nytte til ymse arrangement.

Grunnarbeidet tek til etter ferien.



HIL løparar med gode tider i Birkebeinerløpet

Postet av Hovdebygda IL den 11. Jun 2016

På bildet ser vi frå venstre: Bjørnar Øye, HIL - Johnny Riise, HIL - Runar Gretland, HIL - Dan Børge Saure, Bjørke IL - Dag Jarle Aa, HIL og Pål Røe, Ørsta IL.

Bjørnar Øye - Johnny Riise - Runar Gretland - Dag Jarle Aa - frå Hovdebygda IL langrenn gjorde unna 21 km terrengløp på veldig gode tider.

Bjørnar vart nr. 29 i klasse 30-34 og Johnny nr. 27 i klasse 40-44

Bjørnar var med for første gong med tida 1,25,21 og Johnny sette klar ny pers med tida 1.25.30

Andre frå "Onsdagstreninga" som deltok var Dan Børge Saure og Pål Røe. Også dei med gode tider.

Alle greidde merkekravet.

Resultat for HIL løparane. Andre resultat kan du søke under: Resultat Birkebeinerløpet




Kveldstur i Åmskarløypa.

Postet av Hovdebygda IL den 5. Jun 2016

Bilde frå ein treningstur i Åmskarløypa ein sommarkveld i juni.

No er det tørt og fint heilt til Åmskaret. Kjekt å sjå at arbeidet som vart gjort dei 2 vekene i august i fjor, vart så vellukka.

No står det igjen å reparere brua over Vielva, utbetre starten av Åmskarløypa og dei sist 300-400 meterane heilt oppe på skaret. Når det er gjordt har vi ei svært fin langrennsløypa på 10 km som kan prepparerast også med lite snø.




Hovdebygda IL stilte med løparar i Follestaddalen rundt

Postet av Hovdebygda IL den 2. Jun 2016

Hovdebygda IL stilte sterkt under Folestaddalen rundt. Ein fin dag, kjekt løp og god stemning

Resultat Folestaddalen rundt



Pål, Runar, Johnny, Dan Børge og Bjørnar deltok i Postvegløpet.

Postet av Hovdebygda IL den 2. Jun 2016

I mangel av eit sommarbilde, har vi leita fram eit vinterbilde av Johnny, Dan Børge og Bjørnar.

5 frå "onsdagstreninga" deltok i Postvegløpet i Markane , Stryn. Det 6 km lange terrengløpet går på grusveg, sti og i terrenget langs den gamle postvegen mellom Bergen og Stryn.

Bjørnar Øye hadde beste tid av "våre" og det vart 3. plass i klasse 19-34 år.

Resultat: Resultat Postvegløpet




Melsmila, søndag 22. mai

Postet av Hovdebygda IL den 21. Mai 2016

Nytt høve til å teste forma og mosjonere.
Sjekk Møre nytt, papiravisa torsdag denne veka.
Flott tiltak av Ørsta IL - Trimgruppa.



Postvegløpet 1. juni

Postet av Hovdebygda IL den 20. Mai 2016

Frå starten av postvegløpet 2014.

Markane IL inviterer til Postvegløpet 1. juni.

Meir informasjon: Innbyding til Postvegløpet



Follestaddalen rundt 29. mai

Postet av Hovdebygda IL den 20. Mai 2016

Follestaddalen IL vil slå eit slag for mosjonistane.

Her er det det sosiale og trimmen som er i fokus. Vi vil tilby følgjande aktivitetar:

  • 2 km barneløp.
  • 10.3 km og 6.4 km mosjons løp. (gå eller springe)
  • Sykkelmosjon, 6.4km. 10,3 eller 17km.
  • 10.3 km på tid.


Påmelding 60-30 min før start. For meir info sjå facebook «Follestaddalen IL»

Eller ring Arve på tlf. 92 82 44 13.


  • Mosjonsklassene startar fritt mellom kl.12.00 og kl. 13.00
  • Barneløpet startar kl. 12.00
  • Konkurranseklassen startar kl. 13.00
  • Trekking av flotte gåvepremiar rundt kl. 14.30


Premiering: Alle deltakarane er med i trekninga av over 20 flotte gåvepremiar.


Pris:

Barn/pensjonist kr 50. Vaksen kr 100. Familie kr 250


Kiosk og garderobe ved start og mål. Samfunnshuset i Follestadalen.







Hovdebygda il med på 17. mai feiringa i Hovdebygda og i Folketoget i Ørsta

Postet av Hovdebygda IL den 17. Mai 2016

Fin feiring av 17. mai. Jørgen ber fana i Hovdebygda.



Topp tur til Skårasalen

Postet av Hovdebygda IL den 16. Mai 2016

HIL-langrennsløparar med Hans Olav Sætre som turleiar var 1. pinsedag på ein flott tur til Skårasalen. Bildet viser bak frå venstre: Hans Olav Sætre, Runar Gretland, Maria Sætre, Dag Jarle Aa, Jon Olav Hofseth Hatløy, Framm frå venstre: Nathalie Aa, Håvard Sætre og Jørgen Gretland

Det vert meldt om godt skiføre.



TOPPTUR TIL SKÅRASALEN SØNDAG 15.05.

Postet av Hovdebygda IL den 14. Mai 2016

Hans Olav Sætre melder på Facebook
(Evt. Kolåstinden, endeleg avgjerd søndag kl 09.00).
Oppmøte på Shell i Ørsta kl 09.00.
Ta med kle etter veret, solbriller, solkrem, fellar, minimum 0.5 l drikke og ein stor matpakke.
Det ser ut som vi blir minst 7 stk....
Vi ser fram til ein flott sesongavslutningstur for langrennsgruppa i Hovdebygda. Alder frå 10 år og oppover..............



Vårmøter i Skikretsen, laurdag 21 mai.

Postet av Hovdebygda IL den 4. Mai 2016

Møre og Romsdal skikrets melder: "Alle skigrenene våre avholder sine Vår-møter ved klubbhuset til Spjelkavik IL, lørdag 21 mai. Klikk for program. Det er et spennende program med bl.a. foredrag av Åke Fiskerstrand fra Olympiatoppen, og Hans Kristian Stadheim fra Norges Idrettshøyskole. Utøvere fra alle skigrenene inviteres til to treningsøkter."

Til skikretsen si side og påmelding:

Les meir og til påmelding




Spenst og hurtigheit frå bladet SkiSport

Postet av Hovdebygda IL den 4. Mai 2016

I siste nummer av SkiSport kan ein lesse denne viktige artikkelen om spenst og hurtigheit. Ta deg god tid til å studere det nøye..

Spenst og hurtigheit er viktig heile vegen frå barn til vaksen.

Lenkje til artikkelen: Spenst og Hurtigheit.pdf



www.hovdebygdail.no har fått mange fleire lesarar i løpet av vinteren

Postet av Hovdebygda IL den 30. Apr 2016

April var den månaden med høgast besøk på Hovdebygda IL langrenn si heimeside med over 7000 sidevisingar. Totalt er det litt over 600 personar som har vore innom, sidan det vart laga ny heimeside 1. juli 2015.

Reknar med at det vert lågare aktivitet fram til september.

Men det vert skrive litt om onsdagstreninga, diverse mosjonsløp, fjelløp og andre aktivitetar som HIL-langrennsløparar vert med på i sommar.

Fotball og friidret har sine eigne sider og det skriv i ikkje noko om.



Fine forhold for langrenn på Bondalseidet, tysdag 27. april. Har du lyst på ein vår-langrennstur?

Postet av Hovdebygda IL den 28. Apr 2016

tysdag 27. april vart det meldt om fine forhold for klassisk i lysløypa på Bondalseidet og i Åmskarløypa. Tidleg på dag medan snøen er frosen så er det sikkert også fint å skøyte. Tysdag var det tørr nysnø på Åmskaret. For den som vil ha ein vår-langrennstur, så er det framleis høve til det.



Onsdagstreninga for 14 år +, kvar onsdag året rundt.

Postet av Hovdebygda IL den 26. Apr 2016

Det har vore godt frammøte på treningane. Men sidan vi trenar utandørs så er det sjølvsagt plass til mange fleire.

Treningane er opplagde med varierte intervalltreningar og tilpassa slik at alle kan verte med.

Open for alle frå 14 år. Ingen påmelding eller treningskontigent. Fast frammøtestad Hovden Møbel, Ytrehovdevegen 77, kl. 19. Trenar: Bjørnar Øye




Nytt styre i Hovdebygda IL langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 26. Apr 2016

Hovdebygda IL langrenn, styret for 2016/2017, etter konstituering 18. april 2016.

Det er no gjennomført ei ny organisering. Gruppa er i sterk vekst både når det gjeld deltaking på trening og tal på barn, ungdom og vaksne som deltok på skirenn sist vinter. Vil du vere med oss framover så ta kontakt.


Leiar Rune Røyrhus rune.roy@online.no 404 91 065

Økonomi/sponsoransvarleg Bjørnar Øye bjornar.oye@gmail.com 907 80 306

Anleggsansvarleg Geir Aamund Hovden geiraah@msn.com 990 049 95

Arrangementsansvarleg Guttorm Øye guttorm.oye@tussa.com 907 50 535

Sportsleg ansvar 7-9 år Johnny Riise bondalseidet@hotmail.com 410 67 966

Sportsleg ansvar 10-13 år Dag Jarle Aa dagjarle@yahoo.no 971 85 183

Sportsleg ansvar 14 år/junior Hans Olav Sætre hasaetre@online.no 905 83 628

Web/kommunikasjonsansv. Guttorm Øye, inntil vidare. Guttorm.oye@tussa.com 907 50 535



Sesongrapport frå ein fin haust 2015 og vinter 2016

Postet av Hovdebygda IL den 15. Apr 2016

Vedlagt er ein heilt fersk sesongrapport frå hausten 2015 og vinteren 2016.

Utruleg mykje langrennsaktivitetar med trening, samlingar, 100 års jubileum og ikkje minst skirenn.


sesongrapport 2016 -Hovdebygda IL langrenn.pdf




Evaluering av sesongen 2015/2016, planlegging av ein ny sesong og styremøte mandag 18. april

Postet av Hovdebygda IL den 14. Apr 2016

Denne gjengen med mange fleire har gjennomført ein veldig bra langrennsesong. Mandag kveld skal vi evaluere sesongen vi er ferdig med og planlegge ein ny sesong.

Kom med innspel til trenarar og styre om kva som var bra og kva som bør gjerast betre.



Premieutdeling for Sparebank1 cupen 2016

Postet av Hovdebygda IL den 9. Apr 2016

Bilde viser 30 av deltakarane som deltok i Sparebank1 cupen denne vinteren.

Det har vore ein utruleg fin langrennsesong, der over 60 frå HIL har vore med på skirenn. Om lag like mange har også vore med på skitreningane.

Vi seier no takk for denne sesongen og ønskjer alle velkomne tilbake til hausten.



Onsdagstreninga har avslutta trening på ski. Neste gong er onsdag 13. april og barmarktrening igjen. Frammøte ved Hovden møbel kl. 19

Postet av Hovdebygda IL den 6. Apr 2016

Onsdagstreninga startar onsdag 13. april sin 3. sesong.

Siste treninga på ski er unnagjordt og neste gong er det barmarktrening med frammøte ved Hovden møbel kl. 19.

Bjørnar Øye var initiativtakar og er fast trenar. Treninga er open for alle uavhengig av idrettslag, mosjonist eller super mosjonist, ingen treningskontigent, det er berre å ta med joggesko og møt opp.

Kjekt å vere med og du vert garantert i betre form. Passar for dei over 15 år og opp til ca 60.



20 frå Hovdebygda IL langrenn som deltok på Vetenrennet

Postet av Hovdebygda IL den 3. Apr 2016

Rennet vart arrangert søndag 3. april i Fristil av Veten IL. Løpet gjekk i det fine skiterrenget ved Bjørklibakkane.

Heile 20 langrennsløparar frå Hovdebygda Il deltok.

Resultat: Resultatliste Vetenrennet 2016.pdf



Premieutdeling for Sparebank1-cupen, laurdag 9. april kl. 16 i samband med marknad som begynner kl. 13

Postet av Hovdebygda IL den 30. Mar 2016

Laurdag 9. april vert det marknad med PREMIEUTDELING kl. 16. Marknaden startar kl. 13. Premie til alle som har delteke på Sparebank1-cupen på Bondalseidet.

Viktig at alle som har delteke møter og får sin premie.

HUSK å ta med rulleski som vart utlånt hausten 2015!!



Johnny Riise og Runar Gretland med svært gode resultat i Birkebeinerrennet.

Postet av Hovdebygda IL den 19. Mar 2016

Hovdebygda IL langrenn gratulerer.

Johnny på tida 3.18.57 og Runar på tida 3.19.19.

Narve Yksnøy på tida 4.09.36

3 av dei mest trufaste på "onsdagstreningane".



Avslutningsrenn på Molde: SkiTour Molde

Postet av Hovdebygda IL den 16. Mar 2016

Her finn du nødvendig informasjon og lenkje til påmelding:

Informasjon og påmelding




Engadin skimarathon, St. Moritz – NM junior på Vang – Sonerenn på Bondalseidet.

Postet av Hovdebygda IL den 15. Mar 2016

Engadin skimarathon, St. Moritz, Sveits

Ingvild Øye nr. 12 D21-30 år 42 km

Kan nemne at i klassa til Ingvild var det om lag 500 deltakarar og nerare 2000 damer totalt.

Rennet er av dei største skøytrenna i verda.


Junior NM på Vang.

Vegard Røyrhus, H18

Åsmund Brunstad Øyehaug, H19-20.

Resultat, trykk på lenkja: Resultat


Sonerenn på Bondalseidet.

Det er lagt ut mange fine bilder på Facebook.

Med dette rennet er alle renna til HIL gjennomført.


Og her er resultatlista frå sonerennet som også talde med i Sparebank1-cupen.

Resultatliste sonerenn 2016.xlsx




Langrenn - Søre Sunnmøre sone - Søndag 13. mars kl. 13. fristil - tel med i Hovdebygda sin Sparebank1-cup!!

Postet av Hovdebygda IL den 6. Mar 2016

Alle klasser frå 5 år. Skileikløype for 5-7 år. Innlagde nokre kjekke utfordingar for alle dei andre klassene.

Premiar til alle

Startkontigent kr. 100.- Du kan bruke - Betaling på mobil med mCASH - til startkontigent og kioskvarer.

Lenkje til løypekart: 13032016 løypekart sonerenn.pdf

Påmelding til: Runar Gretland mailto: rgret@msn.com

seinast laurdag 12. mars kl. 18.00



21 lag og god innsats under Sparebank1-cupen på Bondalseidet

Postet av Hovdebygda IL den 3. Mar 2016

8-9 års klassa klar til sprint stafett.

21 lag stilte til start i 3 forskjellige årsklasser under sprintstafetten torsdag kveld.

Før det var det rekruttane i klasse 5-7 år som viste flott innsats i løypa.

Resultat: 03032015 Sparebank1-cup sprint stafett og fristil renn.pdf

Her ser vi frå starten av 10-12 år klassa som samla heile 9 lag.

Jentene stilte sterkt denne kvelden, her ser vi 2 av HIL-damene etter å ha kome i mål.



Lokale langrennsløparar var best i Fjellsæterrunden

Postet av Hovdebygda IL den 28. Feb 2016

Desse 3 karane som vi ser på kvar på "onsdagstrening", var best I Fjellsæter runden. Glatte spor og flat løype gjorde det 28 km langløpet til eit stakerenn. Men dei 3 lokale langrennsløparane vart nr. 1 Dan Børge Saure, Bjørke IL, nr. 2 Johnny Riise, Hovdebygda IL, nr. 3 Bjørnar Øye, Hovdebygda IL.



HIL langrennsløparar i Valldal

Postet av Hovdebygda IL den 28. Feb 2016

Ein del av HIL langrennsløparane samla under Sparebanken Møre cup i Valldal. Søndag 28.02.2016

Resultat: resultat sparebanken møre_cup_8_2016.pdf




SPAREBANK 1-cuprenn TORSDAG 3. MARS!! FRISTIL!!- Vanleg renn for 5-6-7 år og 2-mannsstafett for 8 år og eldre. Bondalseidet langrennstadion.

Postet av Hovdebygda IL den 26. Feb 2016

Startkontigent kr. 50.-

Stad: Bondalseidet langrennstadion

5-6-7 år: vanleg renn klassisk eller skøyting,

påmelding: kl. 17,30-18,00

start: kl. 18.15 ikkje tidtaking

8 år og eldre: 2- mannstafett, les på løypekartet, lengde og antall etappar.

påmelding: kl. 17.30 - 18.00

start: kl. 18.30 ikkje tidtaking, noterer rekkefølgje i mål for laget

Trenarane set opp lag for Hovdebygda IL sine løparar, andre må finne ein/ei kamerat/venninne og melde på.

Kjekke sprintstafett, veskler på å gå korte runder, antall runder etter alder.

Hovdebygda IL langrenn har veldig mange som har lyst til å vere med på denne stafetten. Og vi håper at mange fleire vil delta. Sett saman bygde lag eller gatelag, frå bygdene i Ørsta, Ørsta sentrum,Volda og Ulstein og meld på.

Klikk på lenkja så finn du løypekart: Løypekart 03 03 2016.pdf





Bondalseidet skiturlag eit samarbeid mellom Ørsta IL langrenn, Hovdebygda IL langrenn og Ørsta skisenter

Postet av Hovdebygda IL den 23. Feb 2016

Ver med å støtt vedlikehald og preppinga av Åmskarløypa og langrennsløypene på Bondalseidet



Skisporet.no er på plass på Ørsta skisenter.

Postet av Hovdebygda IL den 23. Feb 2016

Ørsta skisenter melder om:

Skisporet.no er på plass på Ørsta skisenter. No kan du sjekke når trakkemaskina vår var ute og la spor. Benytt deg av dei flotte preparerte spora, men hugs spor legg seg ikkje sjølv. Frivillig betaling til Bondalseidet skiturlag

http://skisporet.no/moreogromsdal/orstaskisenter



Hovdebygda IL sine langrennsløparar på 3 arenaer denne helga, Eidsdal, Stordal og Hafjell

Postet av Hovdebygda IL den 22. Feb 2016

Jørgen Gretland og Håvard Sætre i sprintduell på Stavsengfjellet. Sprintrenn arrangert av Stordal IL.


Det var stor aktivitet for HIL-løparane denne helga.

Eidsdal, arrangerte sparebanken Møre cup i klassisk.

Resultat: http://www.langrenn.com/resultater-sbm-cup-6-2016....

Stordal IL arrangerte sparebanken Møre cup i sprint skøyting

Les også på Facebook.

Resultat oppdatering kjem: Resultat SBM 7 - Sprint fristil 21.2.2016_v2.pdf

Hafjell skimarathon. 44 km skøyting.

Frå www.langrenn.com:

Om vi titter på friteknikk-utgaven finner vi Ingvild Øye fra Hovdebygda IL og Eivind Bjeglerud Klemoen, hjemmehørende i Vind IL og Team Synnfjell, på pallens øverste trinn.

Over 700 deltakere
Fra arrangørhold får Langrenn.com opplyst at Hafjell Ski Marathon samlet 721 skiglade løpere rundt Mosetertoppen i Øyer i Oppland.




Adresser til trenarar og styre

Postet av Hovdebygda IL den 15. Feb 2016

Trenarar vinteren 2016

onsdagstreningane 15+, intervalltreningar:
Bjørnar Øye

13 år og eldre:

Hans Olav Sætre
Olve Øyehaug

Matias Kårstad

Bjørnar Øye

10-12 år:

Dag Jarle Aa
Runar Gretland

7-9 år:
Johnny Riise

Martin Berg Volden

Foreldre

Styret for 2015/2016:

Rune Røyrhus, leiar, 40 49 10 65 rune.roy@online.no

Bjørnar Øye, kasserar, 907 80 306 bjornar.oye@gmail.com

Dag Jarle Aa, rekruttering, 97 18 51 83 dagjarlea@yahoo.no

Johnny Riise, rekruttering bondalseidet@hotmail.com

Guttorm Øye, sportsleg leiar, 907 50 535 guttorm.oye@tussa.com



Godtgjersle reise- og startkontigentar

Postet av Hovdebygda IL den 15. Feb 2016

Ved å klikke på denne lenkja finn du Hovdebygda IL langrenn sine reglar for godtgjersle:

godtgjersle reiser.pdf

Endring av reglar for godtgjersle 23042019.pdf



Hovdebygda IL, Bjørke IL og Ørsta IL var godt representert under flotte forhold i langløpet Tverrfjelldilten.

Postet av Hovdebygda IL den 13. Feb 2016

Desse karane traff vi på Ullsheim etter det 40 km lange langløpet Tverrfjelldilten. Frå venstre: Arild Bjørdal, Ørsta IL, Bjørnar Øye, Runar Gretland og Johnny Riise.

Arild og Bjørnar vart klassevinnarar. Likeeins vart Dan Børge Saure, Bjørke IL, klassevinnar. Gode løp av Johnny, Riise, Runar Gretland og Narve Yksnøy.

Bjørnar vart nr. 5 totalt, alle klasser.

Ca 80 deltok. Rennet var seedingsrenn for Birken.

I tillegg var det mange fleire frå Ørsta IL og Volda TI -ski.

Flotte forhold og ei fantastisk 20 km løype over fjellet som vart gått 2 gongar.

Du finn resultata her: Tverrfjelldilten.pdf



Vegard Røyrhus med nytt godt løp i NM og Norgescupen

Postet av Hovdebygda IL den 13. Feb 2016

Arkivbilde.


Vegard Røyrhus presterer jamt veldig godt i NM og Norgescupen.

Fredag var det NM sprint skøyting, Vegard vart nr. 59

Laurdag var det NC klassisk og det vart ein ny god dag for Vegard nr. 48.

Heile 150 deltakarar stilte til start i denne årsklassa.

Vi i Hovdebygda IL langrenn gratulerer.




Sportsleg årsmelding 2015

Postet av Hovdebygda IL den 11. Feb 2016

Årsmeldinga for den sportslege aktiviteten i 2015 ligg no tilgjengeleg ved å klikke på lenkja:

Årsmelding sportsleg del 2015 -Hovdebygda IL.pdf





Fellestreningane, tysdag, onsdag og torsdag

Postet av Hovdebygda IL den 9. Feb 2016

Det er no veldig fine forhold for klassisk og skøyting på Bondalseidet. Alltid ferdig preppa til kl. 18 på kvardagar og til kl. 11 på laurdag/søndag

Treningane går etter planen, vil trenarane gjere endringar, sender dei ut melding på Facebook, men dette er i så fall små justeringar i høve til planen som du ser under:

Plan over treningar frå 01.01. til påske 2016.

Alder er den alderen barnet/ungdommen fyller i 2016.

Alle treningar på Ørsta skisenter, Bondalseidet kl. 18.30.

7 – 9 år

Tysdagar: skøyting, Johnny Riise/Martin Berg Volden/foreldre

Torsdagar: 3 gongar Sparebank1-cup

10 – 12 år

Tysdagar: klassisk, Dag Jarle Aa/Runar Gretland

Torsdagar: skøyting, Dag Jarle Aa/Runar Gretland

13 år ++

Tysdagar: klassisk, Hans Olav Sætre

Torsdagar: skøyting, Hans Olav Sætre/Olve Øyehaug

nokre gongar med hjelp av Matias Kårstad og Bjørnar Øye

Onsdagstreninga 15 år +

Utgansgpunktet er kl. 19 på Daleteigane, men Bjørnar sender ut SMS og skriv på Facebook,

ta event. kontakt med Bjørnar, 907 80 306, for å vere på SMS-gruppa.




Årsmøte i Hovdebygda IL Skigruppa 15. februar 2016 kl. 19.00 på klubbhuset til HIL

Postet av Hovdebygda IL den 4. Feb 2016

Sakliste:

1. Val av møteleiar

2. Val av skrivar

3. Godkjenning av sakliste

4. Årsmelding for 2015

5. Rekneskap for 2015/ budsjett 2016, støtte av løparar.

6. “Foreldremedverknad”

7. Val av styre

Eventuelle saker meldast på e- post til Rune Røyrhus, rune.roy@online.no seinast 8. februar.

Vi oppmodar alle foreldre til å møte på årsmøtet, det er her framtida til skigruppa kan formast.

Med helsing

Styret



Vegard vinnar av kretscuprennet på Tomrefjellet søndag og 15 frå HIL langrenn deltok i cup renn på Ullsheim tysdagskvelden.

Postet av Hovdebygda IL den 27. Jan 2016

Vegard vann spurtoppgjeret i M18 i Sparebank1-cup rennet til Tomrefjord IL søndag 24. januar.

I staden for trening deltok 15 av Hovdebygda IL langrenn sine aktive i lysløyperenn på Ullsheim. Resten av gjengen trena alternativ trening i og ved ballbingen i Hovdebygda.




Avlyst - Sonerenn på Volda skisenter

Postet av Hovdebygda IL den 27. Jan 2016


Melding frå VTI langrenn og skiskyting at sonerennet som skal arrangerast komande søndag 31. januar vert avlyst.



Resultat frå KrinsMeisterskapet i langrenn fristil på Bondalseidet, Ørsta skisenter. Arrangør: Hovdebygda Il langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 23. Jan 2016

Klikk på lenkja: Resultat KM langrenn fristil 2016

Resultat frå KrinsMeisterskapet i langrenn fristil på Bondalseidet, Ørsta skisenter. Arrangør: Hovdebygda Il langrenn




Finn fram til Bondalseidet langrennstadion, løypekart for KM, informasjon, påmelding, startlister, resultatlister

Postet av Hovdebygda IL den 20. Jan 2016


Køyr fylkesveg 655 frå Ørsta sentrum mot Sæbø. Ta av på Fjellheisvegen mot Ørsta skisenter. Parkeringsvakter viser parkeringsplass. Gå snarvegen frå parkeringsplassen til langrennstadion ca. 200 m.

Klikk på lenkja for løypekart: Løypekart 23 01 2016.pdf

Klikk på lenkja for informasjon: Informasjon KM med innlagt renn frå 5 år

Klikk på lenkja for startlister: KM Startlister med løype.PDF

Klikk på lenkja for resultatlister: Resultat KM langrenn fristil 2016

Påmelding:

HIL- dekker startkontigenten for alle HIL-langrennsløparane som deltek på laurdag

Påmelding i www.minidrett.no er no stengt

Etterpåmelding: olve.oyehaug@gmail.com

Seinast fredag 22. januar kl. 18, etter det vert det ikkje mogeleg å melde på, og startlister vert lagt ut om lag kl. 20.




Krins Meisterskap med innlagt renn for alle frå 5 år, laurdag 23. januar på Ørsta skisenter. Tel med i lokal Sparebank1-cup.

Postet av Hovdebygda IL den 18. Jan 2016

Denne Hovdebygda IL gjengen ønskjer alle langrennsløparar, foreldre og støttepparat velkomen til Bondalseidet langrennstadion, Ørsta skisenter.

Laurdag 23. januar skal vi arrangere Krins Meisterskap med innlagt langrenn også for dei yngste frå 5 år. Dette rennet tel med i den lokale Sparebank1-cupen.

Informasjon om KM-rennet laurdag 23. januar: Informasjon om rennet og påmelding

Påmelding:

Påemlding i www.minidrett.no er no stengt.

HIL- dekker startkontigenten for alle HIL-langrennsløparane som deltek på laurdag

Etterpåmelding: olve.oyehaug@gmail.com

Seinast fredag 22. januar kl. 18, etter det , vert det ikkje mogeleg å melde på, og startlister vert lagt ut om lag kl. 20.

Startkontingent:

5- 10 år: 100,- kr.

11-16 år: 100,- kr

17-20 år: 115,- kr

Senior: 130,- kr

Førehandsbetaling eller lagvis fakturering etter rennet.

Konto: 3992.40.13579

N.B. vi brukar Emit tidtakarsystem, dei som har egen brikke brukar den, andre leiger brikke med oss. Brikkeleige kr. 20,-

Overnatting: Hotell Ivar Aasen, Sagafjord Hotel, Ørsta Camping, Brudavoll Gard, Naturferie, Nipe Hyttene, Rjånes Rorbuer.

Rennkontor: Langrennsstadion på Bondalseidet langrennstadion, følg skilting og kart som vert lagt ut på heimesida vår.

Dusj / Garderobe: WC og garderobe i sportskapellet, gangrås frå langrennstadion, WC også i varmestova ved parkering/skiheisa.

Premieutdeling: 7- 10 år ved målgang

11 år og eldre etter alle er komne i mål og protestfrist er gått ut

Premieutdeling på stadion

Teknisk delegert: Einar Hoel

Rennleiar: Guttorm Øye, 907 50 535

"Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til Krins Meisterskap med innlagt landsrenn og renn også for alle frå 5-12 år.".

Med helsing




Sparebank1 - cup, 4. februar - klassisk, alle klasser frå 5 år til senior. Påmelding seinast kl. 18. Startkontigent kr. 50.-

Postet av Hovdebygda IL den 18. Jan 2016

3. av 5 tellande langrennet i Sparebank1-cupen 2015 arr. Hovdebygda il-langrenn. Klassisk alle klasser.

Sparebank1-cupen – 21. januar- KM rennet 23. januar - 04. februar – 10. mars + sonerennet 13. mars. 5 renn totalt.

I samanlagt premieringa tel alle 5 renna.

Nedre aldersgrense er 5 år. Vi minner om at alder på skirenn er det året ein fyller i 2016.

Start kl. 18.30, påmelding i tidtakarbuda seinast kl. 18.00, stilart er klassisk. Dei som er 5-7 år kan starte når dei får startnummer. Ikkje tidtaking.

Dei som er 8 år og eldre vert med på starten frå kl. 18.30. 8-10 år ikkje rangerte resultat.

Vi nyttar 1 km løype for alle dei som skal gå opp til 3 km.

Dei som er 15 år og eldre skal gå 5 km løypa.

Startkontigent kr. 50.- pr. renn. Betal ved påmelding.




Sparebank1 - cup torsdag 21. januar - Krins Meisterskap med innlagt renn for alle frå 5 år, laurdag 23. januar på Ørsta skisenter.

Postet av Hovdebygda IL den 10. Jan 2016

HIL-jenter på pallen på Ullsheim etter klassisk rennet.

Sparebank 1-cup på Ørsta skisenter, Bondalseidet langrennstadion torsdag 21. januar.

Laurdag 23. januar skal vi arrangere Krins Meisterskap med innlagt langrenn også for dei yngste frå 5 år.


Informasjon om KM-rennet laurdag 23. januar: Informasjon om rennet og påmelding





16 Hovdebygda IL langrennsløparane viste godt igjen både i løypa og på resultatlista på Ullsheim på laurdag og søndag.

Postet av Hovdebygda IL den 9. Jan 2016

Mange fine bilder på Facebook.

Resultatliste skøyting, trykk på lenkja: Resultat Ullsrennet skøyting

Resultatliste klassisk, trykk på lenkja: Ullsrennet klassisk



Nytt godt løp av Vegard Røyrhus med 44. plass i skøyterennet i Norgescupen i Steinkjer, søndag 10. januar

Postet av Hovdebygda IL den 8. Jan 2016

Arkivbilde av Vegard.

Norgescupen for junior starta i Steinkjer 8. januar med klassisk. Vegard Røyrhus greidde ein flott 47. plass på 10 km. Alle dei beste i landet deltek i norgescupen og denne gongen stod 147 langrennsløparar på startstreken. Søndag heldt Norgescupen fram med skøyting og her greidde Vegard ei like god plassering med 44. plass. No er Vegard inne mellom topp 50 i landet og då er ikkje steget langt til topp 30 og Norges cup poeng.



Ullsrennet skøyting laurdag 9. januar på Ullsheim, Stryn - søndag 10. vert det arrangert Ullsrennet i klassisk

Postet av Hovdebygda IL den 2. Jan 2016

Bilde frå Ullsrennet 2014. Det kan verte like mange HIL-langrennsløparar denne gongen.

Pr. torsdag kveld 7. januar er det påmeldt 16 HIL-langrennsløparar til rennet laurdag og 15 til rennet på søndag.

Fristil, skøyting laurdag 9. Trykk på lenkja: Ullsrennet skøyting

Klassisk, søndag 10. Trykk på lenkja: Ullsrennet klassisk

Ta kontakt med trenarane om du treng å vite meir.