Felles treningane er i gang.
Postet av Hovdebygda IL den 26. Aug 2020
Oppstart fellestreningar for eldste gruppe 16++
Torsdag 27.8 startar vi med første fellestrening på rulleski. Skøyting, oppmøte ved steinfyllinga på Sørheim klokka 18.00. Til ca 19.30. Blir ei roleg økt sidan dei fleste er på intervall i dag.
Vel møtt! 😊
0 Kommentar
Hovdebygda BASIS! gymsalen på Hovden Skule, tysdagar kl.18:00-19:00.
Postet av Hovdebygda IL den 20. Aug 2020
Meir informasjon Hovdebygda Basis.pdf
Hovdebygda BASIS!
Denne hausten har vi eit eige aktivitetstilbod for alle born i alderen 5-6 år (født 2014/2015). Tilbodet vil foregå i gymsalen på Hovden Skule..., tysdagar kl.18:00-19:00. Og vi startar so snart gymsalen opnar igjen.
Dette er eit lavterskel tilbod med leikar og enkle øvelsar som passar for alle born. Vi set fokus på trivesel, meistring og det sosiale.
Det er plass til 20 born og vi må ha påmelding pga smittevernomsyn. Først til mølla!
Nærmare informasjon om tilbodet i vedlagt dokument under.
Ansvarleg/trenar er Bjørnar Øye
0 Kommentar
Jørgen Gretland, Nathalie Vatne Aa, Ingvild Øye, Vegard Røyrhus, Hallvard Yksnøy Bergmann greidde svært gode resultat under Ørsta fjellmaraton.
Postet av Hovdebygda IL den 22. Jun 2020
Resultat finn ein på Kondis.no eller nettsida til Ørsta fjellmaraton eller Facebook Hovdebygda il langrenn medlemside.
0 Kommentar
Langrennsløypene på Bondalseidet vert trakka framover og i påska. Følg med på Skisporet.no Husk SMITTEVERNREGLANE!!
Postet av Hovdebygda IL den 2. Apr 2020
Snøven lavar ned, og vi har full forståing for at vi ikkje kan opne alpinanlegget. "Støtt våre gode skispor" på Vipps #503711 I morgon trakkar vi til Åmskaret på føremiddagen igjen.
0 Kommentar
Norges skiforbund anbefaler at all breddeaktivitet avlysast ut april.
Postet av Hovdebygda IL den 12. Mar 2020
Sjå innlegg under. Vi følger anbefalingane og avlyser alle fellestreningar framover. Cuprennet blir også avlyst. Vi kjem tilbake til premiering seinare. Vil oppmode alle friske om å gjennomføre eigentrening.
0 Kommentar