Fellestreningar.  (avslutta for vinteren 2018, velkomen tilbake til hausten).

Hovdebygda IL langrenn låner ut rulleski som ein får utlevert ved første trening og tek vare på dei fram til jul, då SKAL rulleskia leverast tilbake til trenararane for service og kontroll.  Til rulleskitreninga tek ein med skisko, stavar, sykkelhjelm og refleksvest.

Så enkelt:   det er berre å møte fram og ta kontakt med trenarane. Etter 3 treningar ber vi om at ein melder seg inn i Hovdebygda IL langrenn. Det kan gjerast ved å bruke "kontakt oss" lenkja i hovedmenyen eller melde frå til leiar Dag Jarle Aa. 

Ein kan avtale med trenarane om å delta på ei yngre gruppe enn alderen tilseier. Alder som er sett opp er alder ein fyller etter 01.01.2019, det er den alderen som tel når ein deltek på skirenn denne sesongen, både rulleski og langrennski.

Medlemskontigent og treningskontigent vert krevd inn etter sesongen om lag 1. mai.  Kontigentsatsar finn ein i hovedmenyen.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

7-10 års gruppa  (f. 2011-2008)  kontaktperson: Johnny Riise bondalseidet@hotmail.com 412 35 306

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------                              

11-12 års gruppa ( f. 2007-2006)  kontaktperson: Runar Gretland, 98287832

                                                                                                        Dag Jarle Aa dagjarlea@yahoo.no 971 85 183 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

13 år og eldre ( f. 2005 og før) kontaktpersonar:  Hans Olav Sætre hasaetre@online.no 905 83  628                                                                                                      Dag Jarle Aa dagjarlea@yahoo.no 971 85 183

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Ungdom/Veteran: (treninga passar også for dei som er 14/15 år og eldre) kontaktperson Bjørnar Øye


Onsdagar (intervalltrening) Intervalltrening i området rundt Hovdeåsane. Oppmøte kl.19:30 ved Hovden Møbel. Vi køyrer ulike intervalltypar kvar gong som til dømes 5x4min, 5x5min, 10x1min, 6x3min 5x1000m. Denne treninga køyrer vi året rundt, og til vinteren er det intervall på ski.   
Kven kan delta?

Alle kan delta og det er ikkje krav til treningskontigent! Vi ønsker alle velkomen, og spesielt tilsette hos våre sponsorar.

Onsdagstreninga har so langt vore ei rein herretrening, men på mandagstreninga deltek begge kjønn. Treningane passar for dei som har trent litt og likar å presse seg:) Treningsgruppa tel i dag ca. 10-15 personar i alderen 16-60år.   

Endringar på oppmøtestad I løpet av hausten kan oppmøtestad endre seg for onsdagstreninga. Dette vil bli kommunisert  same dag på Hovdebygda langrenn si facebook side; «Hovdebygda IL skigruppe, medlemsgruppe».  

Kontaktperson Bjørnar Øye mob. 90780306 mail.     bjornar.oye@gmail.com

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Samlingar.


pr. 02.04.2018

Powered by: Bloc