Treningane hausten 2016

Postet av Hovdebygda IL den 16. Aug 2016

Det er laga ein god og variert plan over felles treningar for alle frå 7 år til vaksen.

Alder er det år ein fyller i løpet av 2017.

Døme: vert ein 10 år i 2017 så skal ein trene i gruppe for 10 åringar, frå treningane startar og heilt til påske. Dersom det er ønskeleg å trene i ei yngre gruppe så kan det avtalast med trenar.

14 år+ (f. 2003 eller før):
Mandag kl. 19-20.: Styrketrening, gymsalen Hovden skule. Trenarar: vekslar mellom Bjørnar, Runar, Johnny, oppstart mandag 22. august.
Onsdag kl. 19-20.30: «Onsdagstreninga», Løpsintervall, frammøte ved Hovden møbel , heile året.
Trenar Bjørnar Øye
Torsdag kl 18-19.30 : Rulleski. Frammøte, følg med på Facebook.
Oppstart 1. september Ansvarleg: Hans Olav Sætre

12-13 år (f. 2005-2004):
Tysdag kl.18-19.15: Rulleski, Bygg 1
Oppstart: 6. september
Torsdag kl. 17.30-19.00: Barmark Hovden skule (ute 17.30-18.30, inne 18.30-19.00)
Oppstart: 20.oktober
Ansvarleg: Dag Jarle Aa

10-11 år (f. 2007-2006):
Tysdag kl. 18-19.15: Rulleski, Bygg 1 Oppstart 18. oktober
Torsdag kl 17.30-18.30: Barmark Hovden skule (Ute 17.30-18.00, inne 18.00-18.30)
Oppstart 20.oktober
Ansvarleg: Runar Gretland

7-9år f. 2010-2008)
(Tysdag: Kanskje barmark (inne i gymsal) Ikkje endeleg bestemt endå.)
Torsdag kl 18-19.00: Rulleski Bygg 1.
Oppstart 20.oktober
Ansvarleg : Johnny Riise

Alle som deltek på treningar arrangert av Hovdebygda IL langrenn (unnateke "onsdagstreninga") skal vere medlem av Hovdebygda IL. Unnatak for HIL medlemskap er også treningane som vert i samarbeid med Volda langrenn og skiskyting.

Det kjem oppdateringar om medlemskontigent, kven ein kontaktar og treningskontigent.








Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline