Saudehornet rett opp for alle, konkurranseløparen, timmaren, barn, ungdom, senior og veteran.

Postet av Hovdebygda IL den 3. Jul 2016

Frå www. Saudehornet.no

Motbakkeløp midt i Sunnmørsalpane

Saudehornet rett opp – 1303 høgdemeter

- frå tareblad til tinderad


Saudehornet rett opp 2016 blir som vanleg arrangert første laurdagen i august.
Det betyr at datoen i år blir laurdag 6. august 2016.


Løpet for yngre deltakarar vart ein stor suksess, og vil bli arrangert også i 2016.
Løpet for ungar fødd i 2006 eller seinare går frå hamna til flaggstanga i Skåla, der dei får ein eigen medalje.
Dei er også med i trekning av uttrekspremiane på lik linje med andre deltakarar.



Saudehornet er rett og slett eit fantastisk utsiktsfjell. Kom og sjå for deg sjølv!
Frå utsikta mot aust og sør ser du hundretals tindar og toppar,
og mot vest mange holmar og øyer like til Norskehavet!

Arrangørane inviterar til langhelg i Ørsta, til Saudehornet rett opp,
Motbakkeløpet Saudehornet rett opp avsluttar www.naturfestivalen.no ,
som det største og mest spennande arrangementet for heile veka.

Dette er friluftslivopplevingar utan sidestykkje!


Vil du lese meir og/eller melde deg på?

Heimesida til Saudehornet rett opp




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline