Vegard Røyrhus trenar på Sognefjellet i lag med Kretslaget

Postet av Hovdebygda IL den 20. Jun 2016

Vegard i føringa på skøyteski på Sognefjellet.

I desse dagar trenar Vegard Røyrhus med kretslaget for Møre og Romsdal skikrets på Sognefjellet.

Det vert meldt om veldig gode langrennsforhold. Vegard satsar mot ein ny sesong i eldste juniorklasse 19-20 år. Han tek no til på siste året på langrennslinja på Stranda vidaregåande skule.

Vegard si langrennsatsing har vore veldig vellukka, med gode plassering i Norgescupen og 1. og 2. plass i kretscupen siste 2 åra.

Vi ønskjer Vegard lukke til med ein ny sesong.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline