Samling for HIL langrenn, laurdag 24. til søndag 25.oktober på Ullsheim

Postet av Hovdebygda IL den 14. Okt 2015



Bildet viser: klar til Sparebank1 cup på rulleski i 2014.

Hovdebygda IL langrenn inviterer aktive barn og foreldre til samling på Ullsheim, Markane i Stryn.


Vi skal bu på klubbhuset, som har store rom for opphald og soving på madrass, kjøkken, garderober, dusj.

Vi har laga til eit kjekt og aktivt program som inviterer både til trening/bading/leik/kjekke kveld og eit rulleskirenn på søndag, liknande rulleskirenn som vi hadde 4 av i fjor.

Det er mogeleg å delta på rulleskirennet sjølv om ein ikkje har vore med på samlinga.

Nedre aldersgrense er 7 år og alle under 10 år må ha med foreldre.

Alle som vert med, må betale ein eigenandel på kr. 200.-Det dekker mat, opphald (sove på madrass), badebillett og leige av rulleskiløypa.

Påmeldingsfrist, onsdag 21. oktober til dagjarlea@yahoo.no
og eventuelle spørsmål.

Betaling av eigeandel, kontant til Dag eller Runar på laurdag 23.

Programmet så langt.

Laurdag 23. oktober:
09.30 Avreise frå Furene, møter påkledd for trening.
10.30 Rulleskiøkt på Ullsheim.

13 + Hans Olav, ansvar for treninga

10-12 Dag, ansvar for treninga

7-9 Runar og Johnny ansvarleg for treninga

13.00-14.00 Lunsj
14.30- 16.00 Bading Stryn (hallen stenger 16.00)

18.00 Middag (Taco)
19.00 Leikar , div.



Søndag 24. oktober:
09.00- 10.00 Frokost
12.00 Start Rulleskirenn, skøyting på Ullsheim





Viktig å ta med:

NB!! MÅ ta med SOVEPOSE!


Stavar til rulleski

Hjelm

Varme treningsklede for 2 dagar.

Skisko

Handduk og toalettsaker

Innsko

Badeklede

Godt humør og anna du treng.



Mvh.

Hovdebygda Il langrenn

Guttorm Øye 90750535

Dag Jarle Aa 97185183






Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.