Vi har fått til avtale med nye trenarar.

Postet av Hovdebygda IL den 17. Sep 2015



Bilde frå avlutningsrenn i Valldal.

Sesongen nermar seg. Vi har hatt ei veldig vellukka oppstartstrening. Deretter var det eit kjekt rullskirenn i samband med 100- års jubileumet.
Treningaplanen legg opp til rulleskitreningar onsdag 23 og onsdag 30. sjå eigen artikkel om treningar.
Etter haustferien er vi i gang med fellestreningar kvar tysdag og torsdag for alle grupper.
Vi har fått til avtale med 2 studentar som skal vere trenarar i tillegg til foreldra.
Så er det viktig å legge merke til at vi planlegg 2 kjekke samlingar på Ullsheim. Den første vert i oktober og så ei på nysnø i starten av desember.



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc