Utbetring av Åmskarløypa er ferdig

Postet av Hovdebygda IL den 24. Aug 2015



Arbeidet med utbetring av Åmskarløypa er ferdig. Veldig fint utført av Arthur Johan Bjørdal, for Aurstad.

Arbeidet med å utbetre Åmskarløypa har vore planlagt over lang tid. No er arbeidet ferdig og finansiert av Statnett med godt støtta av Aurstad.
Det er strekninga frå der 420kV linja kryssar dagens Åmskarløype og nesten heilt til Åmskaret som vert utbetra med langsgåande grøft og stikkrenner der vatnet har rent før.
I det fine veret som var i august, så ser det ut til at oppgravde masser vil tørke raskt.
Det er inngått avtalar med alle berørte grunneigarar. Total lengde på det som har vorte utbetra er 1,5km.








Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.