Mødregruppa i Hovdebygda IL gir tilskot til å kjøpe mange nye rulleskipar.

Postet av Hovdebygda IL den 5. Aug 2015



30 par med rulleski er utlånt, og då kjem Mødregruppa i Hovdebygda IL med eit tilskot, slik at vi kan kjøpe mange nye par.


Utlånsreglar:
Du kan låne rulleski til og med det året du fyller 14 år.
Lånetid er fram til jul. Når lånetida er ute må du sjølv levere tilbake rulleskia.
Du må vere medlem av Hovdebygda IL, eller så må du melde deg inn i HIL.
Lån av rulleski er for dei som deltek på fellestreningar.
Du må halde skia rein for sand.
Det kostar ingen ting å låne rulleski.
Du kan avtale lån av rulleski ved å kontakte Dag eller få låne rulleski på trening.
Ta kontakt med Dag Jarle Aa, 97185183
Du må bruke hjelm og refleksvest når du går på rulleski.
Du må trene på å bremse!
Barn må ikkje gå på trafikert veg.
GOD TRENING PÅ RULLESKI!









Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.