Ingvild Øye, Vegard Røyrhus og Hovdebygda IL langrenn inviterer til rulleskitrening onsdag 12. aug. kl. 18.30

Postet av Hovdebygda IL den 2. Aug 2015



Bilde frå motivasjonssamlinga i oktober 2014

Rulleskitrening: Onsdag 12. august kl. 18.30 ved Bygg1.
Ingvild Øye, Vegard Røyrhus med fleire vert instruktørar.
Aldersgrupper som før, frå dei som er 7-8 år, alle grupper.
I samband med 100 - års jubileumet sin aktivitetsdag laurdag 22. august vert det arrangert eit rulleskirenn. Difor vert dette ei fin muligheit å prøve rulleskia.
Frå og med mandag 3. august vert det høve til å låne rulleski igjen. Ta kontakt med Guttorm eller Dag. Lån av rulleski er gratis, men det er berre for medlemar i Hovdebygda IL, eller dei som vil melde seg inn. Aldersgrense for lån er dei som fyller 14 år i år.Låneperiode er fram til jul.
Vi tek også med rulleski til treninga.








Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.