100 års jubileumet: Familiedag på stadion 22.august

Postet av Hovdebygda IL den 9. Jul 2015



Frå rulleskistafetten under 90-års jubileumet i 2005.


I høve HIL sitt 100årsjubileum inviterer vi til familiedag på stadion laurdag 22.august frå klokka 12.00

Det vert tur til Dalsmogarden, med start klokka 12. Råsa er nyrydda i høve jubileet.
Det vert liv og røre på stadion heile dagen
13-14 skiaktivitet/skirenn
14-15 fotball- og barneaktivitetar
14.30 ju-jitsu oppvisning
15-16 fotballkamp

Finevêret er bestilt, inviter gjerne med familie og vener til ein kjekk dag på stadion!

Vi har leita fram nokre bilder frå aktivitetsdagen under 90 års feiringa i 2005. Feiringa varte i 3 dagar med aktivitetsdag på fredag, loppemarknad og jubileumsfest på laurdag og bygdevandring på søndag.
På rulleskistafetten var det Erlend Slokvik som var speaker. Han hadde då vore i bygda nokre år før, for å vere trenar på "haustsamlinga". Og familien Slokvik var denne gongen spesielt invitert.


Frå rulleski- og rulleskøyteaktivitetane


Mads Ryste var speaker på fotballkampen i 2005


Old-boys laget stilte opp i fotballkampen mot A-laget, kven som vann huska vi ikkje.


Liv Krøvel var leiar i 2005 og var publikum på aktivitetsdagen. Mange kjende ansikt her.




















Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc