Onsdagstreninga for 15 år +. Og litt om trening for dei som er yngre

Postet av Hovdebygda IL den 10. Jun 2015

Denne treninga som er meint for dei over 15 år, held fram kvar onsdag, vår og sommar.

Variert trening som vekslar mellom forskjellige intervalltreningar, kort intervall, pyramide intervall og litt lenger intervall, 4. kvar veke vert det eit uhøgtideleg testløp.
Oppmøte kl.19 ved Hovden Møbel. Ingvild deltek denne gongen, kanskje Vegard og Åsmund også? Elles god plass for mange fleire.

----------------------

For dei som er yngre oppmodar HIL langrenn om å vere med på andre idrettar, så kjem vi tilbake til fellestreningar i september/oktober alt etter alder. Ørsta IL har friidrett og dei fleste lag har fotball. Hovdebygda Il er i gang med eit tilbod med O-løp.

Utlån av rulleski for dei opp til 14 år, frå 1. august.

Og vi minner om at Sparebank1 rulleski cup startar i slutten av august i samband med markering av 100-års jubileumet. Alle aldersklasser frå 7 år og oppover til senior.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline