Hovdebygda il langrenn vert veldig godt representert i samlingssamarbeidet Storfjordlangrenn.

Postet av Hovdebygda IL den 29. Apr 2019

Skisesongen var ikkje heilt over likevel. I går deltok Emilie, Adrian, Håvard, Jørgen, Mia og Nathalie med foreldre på avslutningstur med krinslaget og Storfjordlangrenn i Stordal. Etter topptur vart det halde årsmøte i Storfjordlangrenn. Sidan det kan sjå ut som ca 1/3 av laget kjem til å bestå av HIL-løparar komande sesong vart det bestemt at samlinga 23-25.8 skal haldast i og av Hovdebygda. (Samlinga på Ullsheim som vi normalt har hatt vil andre klubbar få ansvar for). Alle foreldre med løparar på laget må difor halde av denne helga til å arrangere samlinga. I tillegg må ein begynne å tenke på kvar som kan egne seg å gjennomføre samlinga (overnatting med kjøkken og dusjmogelegheiter, rulleski - og barmarksfasilitetar) Dette kan vere lokaler i Hovdebygda, Ørsta eller Ulsteinvik.9




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline