Avtalen som idrettslaga har med Ørsta skisenter om løypekøyring

Postet av Hovdebygda IL den 10. Des 2018

Utanom avtalen er det å seie at det nokre gongar er fornuftig å la vere å preppe, det er mellom anna når det er veldig tynn såle. Prepping på veldig blaut såle kan øydelegge heile løypa. Snømengda minkar litt for kvar prepping og då må ein passe på å ikkje køyre så sand og gruas kjem opp der det ikkje er treflis.


Utrdrag av avtalen som Hovdebygda IL, Ørsta Il, Sæbø IL og Åmdal IL har med Ørsta skisenter:

"2. Ørsta skisenter As skal stå føre trakking av lysløypa med langrennstadion, for skøyting og

klassisk. Klassisk vil seie eit spor på eine kanten.

3. Lysløypa skal vere ferdig trakka tysdag, onsdag, torsdag, fredag kl. 17.30. Laurdag og søndag kl.

11.

4. Løypa til Åmskaret skal trakkast i helgane pluss tysdag og torsdag, når ver og snødjupne tillet det.

5. Når det vert skipa langrennskonkurransar, skal sambindingsløypene (2km og 3 km ), trakkast

etter avtale. Løypene for langrennskonkurransar skal prioriterast framfor vanleg trakking for

publikum."


Løypekøyrar vurderer om det er fornuftig å køyre løypene når det er for lite snø. Ved lite snø kan prepping føre til at det kjem opp småstein i snøen.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.