Terminlista for 2018/2019

Postet av Hovdebygda IL den 10. Nov 2018

Terminliste


Haustmøtet i skikrinsen vart halde på Vestnes tysdag denne veka. Hovudsak var fastsetting av terminlista. Viktige datoar å merke av i kalenderen er helga 23-24.3 då vi skal arrangere krinsrenn på Bondalseidet. Som i fjor blir dette eit klassiskrenn i SBM-cupen. Sesongåpning blir på Bjorli 16.12,  19-20. januar blir det truleg klubbtur /overnattingstur til Vistdal og Osmarka og 24.2 arrangerer Volda KM sprintstafett. 


Ellers var det litt diskusjon omkring fluorforbod.  Nytt i år er at det er fluorforbod for 16 år og yngre på alle renn i heile landet.  Det vil også bli gjennomført kontrollar for å sikre at dette blir respektert av alle.


Medan dei vaksne var på møte fekk barna/ungdommane ei god økt med Team Skinstad: 


https://www.facebook.com/115581718516243/posts/2285419974865729/





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline