Skitrening 7-10 år hausten 2018.

Postet av Hovdebygda IL den 10. Okt 2018


Skitrening 7-10 år, hausten 2018: 

Torsdag 18.10 startar skitreningane opp igjen for aldersgruppa 7-10 år. Det vert trening kvar torsdag kl.18.00-19.00 ved Bygg 1 i Hovdebygda (Industrivegen 32). Treningane er lagt opp som skileik på rulleski. Alle som vil får låne rulleski av Hovdebygda langrenn. Ein må ha med stavar, hjelm, refleksvest og skisko.  Det er ein fordel med litt stive sko på rulleski ("kombisko"  el.l.) Trenar i år vert Ingeborg Ressem. Vel møtt til alle gamle og nye! 😊


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.